For 2,5 år sidan hadde God Morgon Norge eit innslag med jobbsøkjarappen Jyb, med dagleg leiar Dan Mario Røian som gjest i programmet. No vert innslaget – klippa ut av samanheng – brukt i reklamevideo for selskapet.
Måndag publiserte selskapet reklamevideoen på Facebook, kor TV 2-programleiar Cathrine Fossum figurerer gjennom heile videoen. I Facebook-videoen er TV 2-logoar klippa bort, og det er heller ingen kreditering eller supring av TV 2.
Oppdater 16.50 fredag: Videoen vart sletta etter publisering av denne artikkelen.
– Dette er misbruk og sjølvsagt ikkje noko me har gitt løyve til, seier nyheitsredaktør i TV 2, Karianne Solbrække, til Medier24.
– Me har sett vår jurist på saka, med krav om å fjerne reklamefilmen. Dersom ikkje det skjer, vil me vurdere kva me gjer, legg ho til.
Skjermdump av ein NRK-artikkel er òg nytta i reklamevideoen.
– Ikkje bra. Useriøst.
Solbrække hugsar verken selskapet eller innslaget, og har heller ikkje full kontroll over kva løyver som er gjeve Jyb i etterkant av programmet.
– Men dette her har me iallfall ikkje godkjent, seier ho.
– Dette reagerer eg veldig sterkt på, fordi dei har teke alt ut av samanheng og det står fram som om vår programleiar er i eit reklameinnslag. Det er ho definitivt ikkje, seier Solbrække vidare.
TV 2 stadfestar at heller ikkje Fossum ikkje var informert om bruken. Programleiaren ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Medier24, men Solbrække held fram overfor Medier24:
– Me ville openbert ikkje gitt løyve til medverking i reklame. Den er både i strid med TV 2 sine lovbeskytta opphavsrettar, og programleiaren sine personlege rettar og vern etter marknadsføringslova og åndsverklova.
«God dialog med Tv2»
På selskapet sine nettsider hadde dei i tillegg nedst lista opp logoane til fire mediehus som har omtalt dei tidlegare. Trykte ein på logoane, kom ein direkte inn til artikkelen kor dei er omtalt. Logoane vart fjerna etter at Medier24 tok kontakt.
TV 2, NRK, Ledernytt og Dagens Næringsliv var alle å finne på nettsidene deira.
– Men i alle dagar. Gud, seier Solbrække når Medier24 viser ho heimesidene deira fredag morgon.
– Dette er ikkje bra. Useriøst, seier ho vidare.
Dagleg leiar i Jyb, Dan Mario Røian, skriv følgjande i ein sms til Medier24:
«Har hatt en prat med markedsansvarlig i Jyb – og vi er i god dialog med Tv2. Utover dette har jeg ingen kommentar på nåværende tidspunkt.»
Ekspert: – To klare brot
Irina Eidsvold-Tøien, førsteamanuensis ved Høgskolen BI og ekspert på opphavsrett, meiner Jyb har brote minst to bestemmingar i åndsverklova.
– TV 2, som kringkastar, har eit produsentvern. Det betyr at dei har krav på å bli spurt, og namngjeve i videoen, seier ho.
Solbrække seier det frå tid til annan er eit problem at gjester i God Morgon Norge brukar innslaga i sosiale medier.
– Me er litt restriktive å gi ut innslag til fritt bruk. Me vurderer frå gang til gang. Det er ikkje fritt fram å bruke innslaga som marknadsføring, seier ho.
Nyheitsredaktøren presiserer at alle tema og gjestar i God Morgen Norge utelukkande er redaksjonelt motivert, og at ein ikkje kan «kjøpe seg til plass i sofaen» sjølv om det er eit produktplassert program.
– Ofte, slik som her, vil det likevel vere aktørar som har noko å tene på å snakke om produktet sitt på God Morgen Norge. Me må kunne stole på at dei som kjem til oss respekterer at det er eit redaksjonelt program, og at dei ikkje misbrukar det besøket, seier ho.
Eidsvold-Tøien legg til:
– I tillegg har dei, som hovudregel, ikkje lov å bruke bilete av programleiaren utan hennar samtykke, jamføre personvernbestemminga i same lov.
– Potensielt villeiande
Avdelingsdirektør i Forbrukertilsynet, Tonje Hovde Skjelbostad, ønskjer ikkje å ta stilling til om videoen er lovleg, men seier på generelt grunnlag:
– Det kan potensielt vere villeiande, dersom forbrukarane får inntrykk av at dette er noko anna enn det det er. Og det er ulovleg etter marknadsføringslova, seier ho.
Ho meiner spørsmålet om opphavsrett er det mest relevante.
– Då vert det eventuelt ei sak mellom advokatane til to næringsdrivande, seier ho.
– Ikkje fritt fram
Solbrække i TV 2seier det frå tid til annan er eit problem at gjester i God Morgon Norge brukar innslaga i sosiale medier.
– Me er litt restriktive å gi ut innslag til fritt bruk. Me vurderer frå gang til gang. Det er ikkje fritt fram å bruke innslaga som marknadsføring, seier ho.
Nyheitsredaktøren presiserer at alle tema og gjestar i God Morgen Norge utelukkande er redaksjonelt motivert, og at ein ikkje kan «kjøpe seg til plass i sofaen» sjølv om det er eit produktplassert program.
– Ofte, slik som her, vil det likevel vere aktørar som har noko å tene på å snakke om produktet sitt på God Morgen Norge. Me må kunne stole på at dei som kjem til oss respekterer at det er eit redaksjonelt program, og at dei ikkje misbrukar det besøket, seier ho.