Cassandra Grundtvig Jespersen i Kvinnheringen

Medier24s julekalender, luke 6:

Dette er ett av hennes beste lokalavis­minner: – Han blir omtalt som «the superman of superyachts»

Cassandra Grundtvig Jespersen i Kvinnheringen skjuler seg bak luke 6 i Medier24s julekalender.

Publisert

I desember vil Medier24 telle ned til jul med 24 lokalavisjournalister fra aviser over hele landet.

Bak dagens luke er Cassandra Grundtvig Jespersen i avisen Kvinnheringen, som dekker Kvinnherad på Vestlandet.

– Hvorfor jobber du i lokalavis?

– Fordi eg synest det er spennande å få ta del i det som skjer i lokalmiljøet mitt. I ei lokalavis får eg bryna meg på alle slags felt, alt frå politikk og næringsliv til rettssaker og reportasjar. Eg får møta utruleg mange menneske frå alle samfunnslag, og det er veldig givande å bli gitt tillit til å fortelja om det dei måtte ha på hjartet.

Medier24s julekalender

Vi er lokalavisen for mediefolk. Da er vi også lokalavisen for lokaljournalister.

Derfor vil vi bruke desember for å dra et knippe av de fine lokalavisjournalistene fra hele Norge frem i spaltene.

I julekalenderen vår blir du kjent med tjuefire lokalaviser, tjuefire lokalavisjournalister, tjuefire juletradisjoner og tjuefire lokalavisminner.

Har du lyst til å være med i kalenderen? Ta kontakt på torill@medier24.no

– Hva er den største utfordringen med det?

– At ein må dekkja nyhende på så mange ulike område i samfunnet er like spennande som det er utfordrande. Det er mykje ein må setja seg inn i, men det er ikkje alltid tida er på di side, og kanskje må ein springa ut for å dekkja noko ein ikkje har vore borti før. Læringskurven er bratt, og heldigvis er dei aller fleste kjeldene veldig tolerante!

– Beste lokalavisminne?

– Det er vanskeleg å velja eitt, men det timeslange telefonintervjuet med ein av dei mest ettertrakta skipsdesignarane i verda, Espen Øino, heng høgt. Han blir omtala som «the superman of superyachts», og teiknar yachtar for rikfolk. På telefon frå Monaco, der han er busett, fortalde austlendingen historia om korleis hamnebassenget på Stord forma interessa hans for båtar og skipsdesign. Han har nemleg ein familiær tilknyting til øya, og ferierte der mykje som barn. Eg skreiv denne reportasjen då eg jobba i Stord24, og det var eit veldig kjekt stykke arbeid – frå intervju til publisering.

– Beste sak i avisen i år?

– Eg har berre jobba i Kvinnheringen sidan august i år og har difor ikkje så mange eigne saker av det spesielt gode slaget å plukka fram. Men eg er godt nøgd med reportasjen om heimflyttarane i Ølve – ei sak der eg intervjua to unge familiar som har valt å slå røter i den vesle bygda dei vaks opp i, men på eit tidspunkt flytta frå. Den ber tittelen "Under oppveksten til Hilde og Gaute i Ølve var det eit yrande liv på denne leikeplassen – dei flytta tilbake for å gjenskapa det".

– Har du en uvanlig jule/førjuls-tradisjon?

– Nei. Eg følgjer med på handball-EM, men det kan vel ikkje kvalifiserast som uvanleg.

Powered by Labrador CMS