Jon Lurås i Løten MDG, Hilde Mari Bjørke i Løten SV og sjefredaktør Carsten Bleness i Hamar Arbeiderblad.

Lokalavis utelèt SV og MDG frå valgomat. No legg redaktøren seg flat

– Urovekkande, meiner SV og oppfordrar avisa til å rydde i eigne rekkjer. MDG fryktar å ha gått glipp av partimedlemmar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I Hamar Arbeiderblad sin valgomat for Løten, som har vore ute sidan byrjinga av august, har det fram til no ikkje vore mogleg å få opp Miljøpartiet dei Grøne (MDG) eller Sosialistisk Venstreparti (SV) som alternativ.

– Der er sviktande internkommunikasjon som gjer at dei ikkje var med. Det vart me ikkje klar over før i går kveld, seier redaktør Carsten Bleness til Medier24.

 

– Kan ha på verka nokon

Hilde Mari Bjørke i Løten SV er lite imponert over lokalavisa.

– No må HA ta ein skikkeleg oppryddingsjobb før neste val. Når me ikkje har vore eit alternativ er det faktisk betre å ikkje ha ein valgomat. Eg håpar at veljarane i år har brukt ein valgomat i andre medium enn i HA, seier ho.

Jon Lurås i Løten MDG fryktar konsekvensar etter glippen til Hamar Arbeiderblad.

– Eg er rimeleg sikker på at dette kan ha påverka nokon. I og med at alle medium no lagar valgomatar så er det fordi det er populært og folk brukar det, seier han.

Feilen vart først oppdaga då Løten SV sin ordførarkandiat Bjørke tok kontakt med avisa fordi ho ikkje fekk opp sitt eige parti.

 

– Veldig uheldig

Lurås hadde først prøvd valgomaten til avisa – men fekk aldri sitt eige parti. Det fekk han til å stusse, men konkluderte berre med at valgomaten var dårleg, og tok det aldri vidare.

– Eg forstår no at eg burde ha sjekka nærmare, seier han.

Redaktør Bleness seier til Medier24 at dei ikkje fekk inn partiprogramma i Løten i tide, og då dei sende ut eit spørjeskjema til partia, førte ein intern kommunikasjonsglipp til at verken SV eller MDG vart kontakta. Epostane vart ført sendt ut 20. juni – medan valgomaten vart rulla ut i byrjinga av august.

– Det er klart det er veldig uheldig. Ingen tvil om det. Me gjer det for at lesaren skal orientere seg, og då vil me at alle skal vere med. Det er svært beklageleg, seier han.

– Me har hatt eit møte i dag, internt, kor me har gått gjennom kva som har skjedd, legg han til.

 

– Me er eit relevant parti

Lurås i MDG visar til eit konkret døme som teikn på kor avgjerande valgomatar kan vere.

– Ho som er på andreplass på lista i Løten MDG tok ein valgomat for fire år sidan – fekk MDG tok gongar – las programmet, vart medlem og er no på andreplass.

SV ser òg svært alvorleg på saka.

– Det er veldig alvorleg at vår største avis lagar ei avis der eitt parti ikkje er med i det heile teke. Det er vanskeleg å forstå korleis det påverkar valet, men me er i høgaste grad eit relevant parti i kommunen, seier ho.

Powered by Labrador CMS