Kommentator i VG Sporten, Leif Welhaven.

Leif Welhaven om Premier League-rettane: – Viser kor ekstremt kynisk denne industrien er

– Mediepengespiralen er høgst medverkande til dei pengestraumane me ser i Premier League-universet, seier Leif Welhaven, sportskommentator i VG.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag kom nyheita om at Nent Group, som eig Viasat og TV3, stikk av med dei gjeve Premier League-rettane frå 2022.

I 2015 måtte TV 2 ut med 1,9 milliardar kroner for rettane, ifølgje Dagens Næringsliv, og det er ingen grunn til å tru at dei gjekk noko billigare i 2020.

– Det er eit openbert maktskifte i disfavør dei tradisjonelle norske tv-kanalane med summen av rettar som har, eller kjem til å, flytta seg til dei store internasjonale selskapa med OL, Premier League og deler av vintersporten, seier Welhaven.

I fjor vart det kjent at både vintersport – alpint, langrenn, skihopp, m.m. – og skøytesporten går frå NRK til Nent.

– Mogleggjer det groteske

– Dagens nyheit viser kor ekstremt kynisk denne industrien er. Dette har blitt ein rein økonomisk auksjon, og det interessante er at me ser ein tv-marknad i veldig endring kor dei tradisjonelle aktørane oftare og oftare tapar, seier sportskommentator Leif Welhaven i VG til Medier24.

Welhaven, som har bidrege til VG sine Football Leaks-avsløringar om pengestraumar og økonomisk kriminalitet i fotballen, meiner tv-rettane er ein del av problematikken.

TV 2 sitt Premier League-anker, Jan Henrik Børslid, i aksjon før Manchester City mot Wolverhampton i januar 2019.

– Desse rettane mogleggjer det groteske i fotballverda me er med og avslører i Football Leaks. Mediepengespiralen er høgst medverkande til dei pengestraumane me ser i Premier League-universet, seier han.

– Terningkast seks til TV 2

Welhaven meiner TV 2 har gjort ein god jobb med å byggja opp Premier League som tv-produkt.

– Det er nok krevjande for Nent å byggja vidare på, men samstundes viser historia at handballproduktet ikkje har blitt svekkja etter at det gjekk frå TV 2 til Nent, sjølv om mange var bekymra. Også der hadde TV 2 skapt eit kjempebra produkt, seier han.

Der får han støtte av tv-analytikar Morten Wiberg i Carat.

– Dei har forvalta rettane veldig bra i mine auge. Dei har skapt eit særdeles godt produkt. Det er ikkje det at Nent ikkje kan gjera det betre, men eg gir TV 2 terningkast seks for korleis dei har handtert denne retten. Om ein går 10-12 år tilbake i tid, var det ikkje like stort og omfattande med både kampar og før- og etter-sendingar.

 

Tap for TV 2 Sumo

Vidare viser han til Nent sitt arbeid med Champions League som bevis på at også dei har gode moglegheiter til å få mykje ut av Premier League.

Morten Wiberg, tv-analytiker i Carat Norge.

– Men dette blir veldig mykje større. Ein kan sjå alt TV 2 har gjort, og så er det både ting som kan forbetrast og ting ein kan ta med seg vidare.

Han meiner det er eit stort tap for TV 2, som har jobba med nebb og klør for å halda på Premier League-rettane.

– Det er klart at TV 2 kjem til å mista store mengder abonnentar som primært har kjøpt Sumo for Premier League. Om det er 50.000, 100.000, eller 150.000, er vanskeleg å seia, då tala ikkje er offisielle, seier Wiberg til Medier24.

– Annonseproduktet har ikkje vore den største delen av TV 2 sine inntekter, men det har vore eit premiumprodukt som har gitt enkelt annonsørar for ei målgruppe som har vore vanskeleg å nå. Eg trur ikkje dei klarar å erstatta det med noko like bra umiddelbart. Det er blant dei største rettane ein kan sitta på, seier han.

Powered by Labrador CMS