Tomas Bruvik, styreleiar i landslaget for lokalaviser, og til vanleg redaktør i Kvinnheringen og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Debatt

BT rakkar ned på alle lokalavisjournalistar landet rundt

«No kjem BT med ein leiar der dei direkte rakkar ned på alle landets lokalaviser», skriv Tomas Bruvik.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Bergens Tidende analyserer på leiarplass torsdag mediestøttemeldinga. No er leiaren lesen fem gonger, og den same kjensla som er der så ofte kjem att: Vi i Bergens Tidende er dei viktigaste, og ikkje minst dei klokaste på Vestlandet. Dei mindre lokalavisene rundt om på bygdene består av journalistar som ikkje klarar å ta tak i makta.

Her slår verkeleg Bergens Tidende nedover. BT er ei avis som dei seinare åra er blitt meir og meir akademisk, og fjernar seg meir og meir frå folket. Avisa har lagt ned lokalkontora sine over heile Vestlandet, og avisa står fram som ein slags omvendt Robin Hood. Dei små og svake må ikkje få noko ekstra, men dei store og sterke, som BT, må få meir. Schibsted som eig Bergens Tidende og Finn, har vore med å ta alle inntektene avisene i landet har hatt frå rubrikkannonser, og sikra eigarane av BT milliard-inntekter. For eit par år sidan vart det innført 0-moms på digitale brukarinntekter i avisene i landet.

Landslaget for lokalaviser kjempa lenge aleine knallhardt for 0 moms på digitale og papirinntekter på prinsipielt grunnlag, medan mellom anna BT-eigarane lenge stod på kompromisset 8-8 i moms. Det vart 0-moms, noko som har gitt Schibsted innsparingar i 100 millionar-klassen kvart år, medan lokalavisene her også har fått viktig innsparing, men smular i forhold til for eksempel Bergens Tidende. Det er ikkje nemnt med eit ord i Bergens Tidende sin leiar at denne "pressestøtta" faktisk har ein verdi på over 50 millionar i året berre til Bergens Tidende. Meir enn det alle landets lokalaviser får i produksjonsstøtte kvart år.

No kjem BT med ein leiar der dei direkte rakkar ned på alle landets lokalaviser. Ei avis med rundt 100 redaksjonelt tilsette er naturleg nok sterkare enn ei lita lokalavis med to til tre tilsette, men spørsmålet er kven får mest igjen for pengane? Etter mi meining har det aldri vore drive meir gravejournalistikk i lokalavisene enn i dag, dette kom tydeleg fram på Landslaget for lokalaviser sitt landsmøte i Drammen i helga. Der vi samarbeidde tett med Skup og Faktisk, men dette fangar tydelegvis ikkje BT opp.

Pressestøtta er særs viktig, og no er det varsla eit løft for lokalavisene, det meiner vi er det mest korrekte og riktige som kan skje. Når aviser som BT har flykta frå distrikta, er det berre lokalavisene som kan sørgja for eit velfungerande demokrati i distrikta.

BT skriv mellom anna at lokalavisene ikkje har ressursane som skal til for å driva langsiktig, undersøkande journalistikk. Med dette rakkar BT ned på alle lokalavisjournalistar landet rundt.

I tillegg klarar leiaren skriva at det er distrikts og regionavisene som har redaksjonelle miljø som skapar reelt mediemangfald i Norge. Mediemangfald blir skapt av alle medium i landet, av lokalavisene, byavisene, NRK, TV2, distriktsavisene og dei meiningsbærande avisene, er vår meining. BT skriv direkte at lokalavisene ikkje skapar mediemangfald. Til slutt peikar Bergens Tidende på at lokalavisene no treng eit løft for å klara den digitale omstillinga. Er då løysinga som BT skriv å ikkje gje dei eit økonomisk løft?

Powered by Labrador CMS