Nettsjef og krimjournalist i Brønnøysund Avis, Simon Aldra.

Politiet i Nordland sladda namn på tiltalte – utan heimel i lov: – Eg forstår ikkje korleis dei tenkjer, seier journalist

Brønnøysunds Avis reagerer sterkt på at politiet sender tiltaleavgjerder i anonymisert form. No legg embetsleiar ved Nordland statsadvokatembeter seg flat.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I byrjinga av februar skreiv Brønnøysunds Avis, ved nettsjef og krimjournalist Simon Aldra, ein klage til Justisdepartementet kor dei argumenterte mot politiets praksis.

«Brønnøysunds Avis og undertegnede har i senere tid opplevd at påtalemyndigheten ved politiadvokat Kaja Agersborg Jørgensen har tilsendt tiltalebeslutninger avisen har etterspurt, men i anonymisert form, via saksbehandler.

Dette dreier seg om to konkrete hovedforhandlinger der tiltalen/forelegget som går som tiltale omhandler uaktsom kjøring og grov narkotikaforbrytelse, blant annet», skriv Aldra.

– Utenkjeleg

Til Medier24 utdjupar han:

– I utgangspunktet tykkjer eg det er greitt å samarbeide med politiet i mange samanhengar, men det er eit problem når ein byrjar med ein slik praksis som det eigentleg ikkje er behov for og som gjer jobben vår vanskelegare. Eg forstår ikkje korleis ein tenkjer.

§ 22-7. Offentliggjøring av tiltalebeslutning

Når tiltalebeslutningen er forkynt for tiltalte, skal pressen på anmodning gis kopi av tiltalebeslutningen, med mindre det er sannsynlig at saken helt eller delvis vil bli ført for lukkede dører.

Ved oversendelse av tiltalebeslutningen til domstolen kan påtalemyndigheten helt eller delvis forby offentlig gjengivelse av tiltalebeslutningen i den utstrekning kopi kan nektes etter første ledd. Et slikt forbud begrenser ikke retten til offentlig å gjengi rettsforhandlinger og rettsavgjørelser i henhold til domstolloven § 129 og § 130.

Då Aldra bad om grunngjeving for anonymisering, sa Nordland politidistrikt at det var «fordi det sendes via e-post» og at straffesaka er open, og at dei difor kan møte opp i rettssaka for å få ytterlegare informasjon.

– Det som er spesielt her er at det er snakk om to saker som det ikkje er «nubbesjans» for at vil gå for lukka dører. Det er ein streit narkotikasak og så er det ein kar som har burna i eit borgartog 17. mai. Du finn ikkje ein dommar i dette landet som vil gå med på at dette vil gå for lukka dører. Det er heilt utenkjeleg, seier Aldra vidare.

 

– Dette er det ikkje heimel for

Då Justisdepartementet tok imot klaga frå avisa, sende dei det vidare til Nordland statsadvokatembeter for handsaming. Embetsleiar Geir Fornebo legg seg umiddelbart flat når Medier24 tek kontakt.

Førstestatsadvokat Geir Fornebo i Nordland statsadvokatembeter.

– Det me sladding av tiltalevedtak er det ikkje heimel for. Dersom tiltalen først er offentleg og skal givast til pressa på oppmoding, då skal den gi ut med namn. Det er slik det skal vere, seier han til Medier24.

– Kvifor vart det sladda?

– Eg veit ikkje. Det er nok litt ulik praksis rundt. Kanskje misforstått greie. Me veit jo at pressa generelt er forsiktig med identifisering av personar, seier han.

– Så dette er ingen ny praksis?

– Om dei har halde på med det lenge, så skal det ikkje vere slik.

– Skal de stramme inn praksisen hos politiet?

– Me skal ta det opp med politiet. Det skal me gjera, seier han vidare.

Simon Aldra er nøgd når Medier24 fordmidlar vidare responsen frå Fornebo.

– Det er jo kjempemessig, seier han.

 

– Gir oss meirarbeid

I klaga si skriv Aldra:

«Det fremgår ikke av §22-7 at detaljer som navn og fødselsdato på tiltalte, navn på fornærmede, registreringsnummer, adresser eller lignende kan holdes tilbake på generelt grunnlag, og avisen har ikke fått noen indikasjon på at noen av disse sakene vil bli ført helt eller delvis bak lukkede dører. Videre er det høyst tvilsomt at f.eks. en sak om uaktsom kjøring i form av burning i et 17.-maitog i det hele tatt vurderes lukket. Dette blir uansett av sekundær betydning siden Brønnøysunds Avis ikke har mottatt noen indikasjoner på lukking.»

Han presiserer at namn på tiltale vil stå i beramminga, men at dei klagar på prinsipielt grunnlag. I tillegg vil sladding i tiltalebeslutningar gi meirarbeid for journalistane.

– Ein aukar risikoen for at ein knyt feil saker og tiltaler til feil person. Det gir oss meirarbeid, seier Aldra, og held fram:

Journalist Simon Aldra i Brønnøysunds Avis.

– Før nyttår var det ei sak der tiltalte var sladda – med god grunngjeving. Då vart det eit strev å knytte riktige tiltalar til riktige personar. At dei vert sladda gjer det vanskeleg å jobbe.

Det er førstestatsadvokat Fornebo einig i.

– Me praktiserer ei meiroffentlegheit – som gjer at me anonymiserer tiltalte når saker går for lukka dører – men det skjer veldig sjeldan. I dei høva kunne me til og med ha nekta innsyn, men me gir likevel ut tiltalane – utan namn, legg han til.

 

Får ikkje alle førelegg

I klaga til Justisdepartementet tek avisa òg opp at politiet ikkje lenger har kapasitet til å sende alle forelegg til pressa. 

«Brønnøysunds Avis mener dette er en praksis som ikke gir mening. Dersom man ikke får utlevert alle forelegg, og dersom det ikke finnes en generell «berammingsliste» over vedtatte forelegg man kan be om innsyn i (og det gjør det ikke), hvordan skal da Brønnøysunds Avis eller andre medier i Nordland kunne be om innsyn i disse?» skriv Aldra.

Til det er Fornebo ordknapp.

– I den delen av klaga var det mykje argumentasjon og tilvisingar, så me må høyre med politiet først – slik at me ikkje seier noko feil. Det kan ha vore kapasitetsutfordringar, seier han.

Powered by Labrador CMS