Over 3.000 er med i Hilde Sandvik sitt nye nett­samfunn. – No-platforming er urovekkjande

(BERGEN): Medan fleire og fleire aviser stenger kommentarfelta, skapar Hilde Sandvik ei nettside for å dyrke den offentlege samtalen.

Publisert

Den tidlegare kulturredaktøren i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, slutta i jobben for snart tre år sidan for å byggje bru mellom Norge, Sverige og Danmark med prosjektet «Broen.xyz».

I november i fjor opna ho brua, og sidan har over 3.000 meld seg inn i «nettsamfunnet» ho har fått vere med å utvikle saman med det svenske selskapet Haaartland. Det skal vere eit nytt ««community»» som har ei rekke publiseringsverktøy, men òg ein stor sosial komponent; eit medium bygd rundt samtale, kritikk og debatt.

– Me har ikkje vore i gang så lenge, men aktiviteten er aukande. Eg trur mange berre kikkar for augneblinken – det passar meg ganske bra, for me er i ei utviklingsfase, seier Sandvik til Medier24 når me møter ho på kontoret hennar i Bergen.

 

Vil unngå ekkokammer

Ved to utdelingar har Sandvik fått totalt 600.000 kroner av stiftinga Fritt Ord. Mellom anna med dette har ho saman med Haaartland har ho fått høve til å byggje ei ny plattform skreddarsydd for det som var føremålet hennar då ho slutta i BT: Å skape eit nordisk nettsamfunn som byggjer bru mellom dei skandinaviske offentlegheitene.

– I Haaartland møtte eg nokre av dei beste utviklarane i Norden. Niklas Lohmann, CEO, var i si tid ein av oppstartarane i Vendemore. Med seg har han eit tett og kompetent team med brei bakgrunn frå blant anna selskap som Spotify og Schibsted, men som òg har vore i front i annan produktutvikling. Bergendesigneren Jonas Boström har òg gjort ein veldig god jobb.

– Er dei ikkje kostbare?

Hilde Sandvik, redaktør og gründer for Broen.xyz.
Hilde Sandvik, redaktør og gründer for Broen.xyz.

– Skulle eg ha utvikla dette på eigen kjøl ville det ha vore umogleg, men me innsåg tidleg at me ber på den same uroa for at den offentlege samtalen knakar i samanføyingane - langt meir i Sverige enn i Noreg, men me ser òg tendensar i Noreg til at synspunkt vert drivne ut i ytterkantane. Saman med Haaartland har eg har fått vere med på å skreddarsy ei plattform med målsetjing å unngå å vere ekkokammer, men der lesarkommentarar vert lagt til langt større verdi enn gjennom kommentarfelta i tradisjonelle medium. Vel så viktig for meg er det at ein - i motsetjing til på Facebook - ikkje gir bort data som valuta til annonsørar. Her eig ein data sjølv, og det er ei annonsefri plattform. Den innebygde kunstige intelligensen vert brukt på å drive engasjement, ikkje selje deg bukser, seier ho.

For å bli med i samfunnet er ein nøydd til å bli «godkjend», eller få invitasjon. Sandvik avviser likevel at ho er i ferd med å etablere eit ekkokammer for likt tenkjande.

– Har det vore ei reell fare for eit ekkokammer?

– Heilt frå starten har eg jobba bevisst for å drive inn synspunkt på tvers av den politiske aksen. Ein viktig arena for Broen.xyz er frå i fjor haust eit månadleg talkshow på Litteraturhuset i Bergen. Me inviterer ein nordmann, ein svenske og ein danske til å debattere eit tema som gjerne vert diskutert ulikt i våre land. Her har ein møtt debattantar så ulike som danske Carsten Jensen, svenskane Ann Heberlein og Åsa Linderborg, Kadra Yusuf og Hanne Skartveit. Me har hatt «sexpositivist» frå Danmark og «samtykkelovsfeminist» frå Sverige. Målet mitt er kunnskapsdrivne samtalar på tvers av den politiske aksen om store spørsmål i tida, seier ho.

 

– Farleg utvikling

Sandvik viser både samtalar og debattar som har funne stad på Broen sidan ho opna. Som debattredaktør i Bergens Tidende sakna ho nemleg moglegheita til å stille opne spørsmål, meiningsmålingar, og liknande.

– Å byggje bruer er einaste måte å skape eit berekraftig samfunn på. Om ein ikkje har samtalen, kva er då alternativet? No plattform-debatten, til dømes, er hårreisande. I augneblinken skipar Sverige ei regjering som er bygd med eitt mål for auge: Å halde nær ein femtedel av veljarane ute av samtalen. På sikt er det ei særs farleg utvikling. Når pendelen svingar i Sverige, svingar den kraftig. Det skjer no, seier ho.

Broen.xyz er langt frå eit tradisjonelt medium slik det står fram i dag. På nettsida ynskjer ho å publisere debattinnlegg, meiningsmålingar, i tillegg til å dele lenker til interessant eksternt materiale.

– Eg ynskjer i større grad å invitere lesarar inn, og kjem òg til å opne opp fleire seksjonar for sjølvpublisering. Medan fleire medium no vurderer å stengje eller har stengt kommentarfelta, vil eg opne meir opp. Eg trur det er mange fleire som ynskjer å bidra konstruktivt i samfunnsdebatten, men som no let seg skremme bort av nettroll. Difor har eg gitt kommentarfeltet ein meir prominent plass. Tilbakemeldingane eg får tyder på at det får folk med seg, og set pris på.

– Skal du på sikt lage journalistikk med Broen?

– Eg er journalist og kommentator, og kjem til å halde fram med å vere det. Særleg ynskjer eg å utvikle lydmedium og podkastar, og eg jobbar med å knytte til meg journalistar og meiningsdannarar òg i nabolanda.

Hilde Sandvik, redaktør og gründer for Broen.xyz.
Hilde Sandvik, redaktør og gründer for Broen.xyz.

Saka held fram under biletet.

 

 

Samarbeider

I intervju med Medier24 sommaren 2016 sa Sandvik at ho om to år ville ha tilsett fleire som jobba på fulltid, og at dei skulle ha ein solid abonnementsbase. Stadig er ho einaste fast tilsette i verksemda, og ei betalingsløysning er ikkje oppe per dags dato.

– Førebels er det berre meg. På «Norsken, svensken og dansken» jobbar eg med Henrik Hylland Uhlving og journaliststudent Sigrid Gausen (red.ass.). Me gjer det ein gong i månaden, og det er eit kostbart og krevjande prosjekt. No jobbar eg meir med samarbeidskonstellasjonar, og saman med andre folk, i staden for å tilsette nokon – som er ein stor kostnad, seier Sandvik.

Sparebanken Vest har finansiert «Norsken, svensken og dansken». Dei er stadig den einaste kommersielle partnaren til Broen.xyz, men òg den einaste som er søkt. Kavlifondet er tungt inne i utviklinga av det nyoppretta selskapet «Support not protect».

– Det er kanskje det aller viktigaste brubyggjande prosjektet eg har gjort. Som redaktør har eg alltid vore oppteken av at den plattforma eg hadde tilgjengeleg skulle «backe» dei stemmene som går aller fremst. I Skandinavia har me i augneblinken ei rekkje jenter med innvandrarbakgrunn som har stått opp mot negativ sosial kontroll. Gutane har ikkje vore på den scena, men dersom jentene skal vinne fram med sin kamp må dei ha med seg brørne, seier Sandvik, som mellom anna gav ut boka Brev til Noreg saman med ei av grunleggjarane av Support not protect, Mona Ibrahim Ahmed i fjor haust.

På sikt kjem ho òg til å introdusere ulike betalingsløysingar for nettplattforma.

– Vil det vere betalingsvilje for ei slik side, trur du?

– Det trur og håpar eg. I tillegg er kostnadane relativt låge. Plattforma er gratis no, for å teste det ut, men eg treng jo støtte på sikt.

No tener Sandvik pengar på å leie debattar, halda føredrag, i tillegg til at ho sit i fleire styrer. Ho er òg støtt og stadig å sjå i tv-ruta som debattdeltakar eller kommentator, men det er «Norsken, svensken og dansken» ho på sikt ønskjer å få etablert som eigen programflate.

 

Vil på dansk og svensk radio

– Målet er at både NRK, Danmarks Radio og Sveriges Radio skal sende det. Eg får ikkje betalt frå NRK no, men målet mitt er at dei skal vil at dette skal bli eit sjølvstendig program. No er det ein del av «Debatt i P2», seier ho.

Sandvik legg til:

– Sjefen for P1 i Sverige var her på første utgåve, og så snakkar eg med folk i Danmark for augneblinken. Eg meiner det trengst i debatten at me går utover våre nasjonale grenser. Ved å hente inn stemmer og erfaringar frå nabolanda blir det ikkje berre meir underhaldande, men òg rikare, og ein får høve til å tenkje nye tankar.

I augneblinken diskuterer ho med Haaartland høvet for å starte eit underselskap, Haaartland Publications, gjerne med sete på Media City i Bergen.

– Me ser at me har utvikla det me meiner er eit genialt produkt for mindre publikasjonar som ikkje har eit stort mediehus i ryggen. Om ein skal gjera det «up-to-date», med kommentarfeltsfunksjon, og gjere det me tilbyr på denne plattform, vil det vere ekstremt kostbart. Her får ein tilgang til enkle publiseringsverktøy, kommentarfunksjonalitet, «messenger»-teneste med masse innbakt AI til ein særs låg kost.

Powered by Labrador CMS