– Det er komplisert, men me forsøker alt me kan for å forklara det slik folk forstår, seier utanrikssjef Aslaug Henriksen i TV 2 til Medier24.
Torsdag brakar det laus i både Storbritannia og TV 2 når britane går til for å avgjera kampen mellom Boris Johnson (Conservatives) og Jeremy Corbyn (Labour) som kjempar om regjeringsmakt i det britiske valet.
Sjåartala «peakar» ikkje nattetid
Kanalen sender frå Bergen heile natta med Kjetil H. Dale og Rune Kjos som programleiarar, tre team i Storbritannia, i tillegg til talknusarane Kjetil Løset og Terje Sørensen i Bergen. I tillegg har dei laga førehandsreportasjar, og så kjem dei valdagsmålingane 23 norsk tid.
Den same satsinga hadde dei då Donald Trump vart vald som president i USA 8. november for tre år sidan.
– Er det folk som ser på desse sendingane?
– Det «peakar» jo ikkje midt på natta, men me gjer det òg litt for å visa at me tek det på alvor, seier Henriksen.
– Må vera på minutt for minutt
Brexit-sagaen har gått føre seg i det små i snart fem år, men for alvor sidan kaosnatta 24. juni 2016 etter folkeavstemminga. Politiske kommentatorar verda over gjer det dei kan for å forklara den vaklande situasjonen i landet, og underteikna skal sjølv ikkje forsøka seg på ei inngåande skildring. Det skal TV 2 få ta seg av.
– Under Brexit-valet vakna me opp med ein heilt ny situasjon enn før me la oss, så difor har me no vald å senda heile natta.
– Korleis er interessa for valet?
– Det kan godt henda folk er litt lei av Brexit, men det er no det er spanande. Heile valet er jo eigentleg eit val om Brexit, så me er spent på kor mange som kjem til å følgja heile natta, seier Henriksen.
– Her må me vera på minutt for minutt, seier ho vidare.
Dobbelt opp i Storbritannia
I NRK sender dei Urix-spesialsending frå klokka 22.20 på NRK1, og så er dei til stades med korrespondent Øyvind Nyborg i London og Brussel-korrespondent Philip Lote i Skottland.
– Dette er veival for britane, så det er kjempeviktig for oss.
– Skal også de senda utover natta?
– Det er litt avhengig av resultatet, og korleis det ser ut etter målinga. I utgangspunktet sender me til kl. 23.15.
– Er folk lei Brexit, eller er det stadig interesse for britisk politikk?
– Eg har ikkje problem med å forstå at folk er utmatta, men når det skjer ting er folk interessert. Kanskje ikkje i alle prosessane og millimeterflytting, men dei er interessert i store ting.