Etter eit innhaldsrikt år for mediegiganten Schibsted enda det med ein kursoppgang frå 232 kroner ved inngangen av 2018 til 290 kroner ved utgangen av året.
– Dei hadde eit bra 2018. Aksjekursen gjekk vel opp frå rundt 240 til 294. Det er eit bra år på børsen, seier analytikar i Arctic Securities, Henriette Trondsen, til Medier24.
Ho legg til:
– Schibsted-aksjen var blant dei eg var mest positiv til i 2018. Investeringane gjekk ned, samstundes som dei fekk sterk vekst på rubrikksida.
Saka held fram under grafen.
Positivt for aksjen
Toppen kom 18. september, då nyheita kom om at selskapet skil ut si internasjonale rubrikkverksemd i eit anna selskap, MPI, og at Kristin Skogen Lund tek over som konsernsjef for Schibsted ASA.
Det er analytikar Trondsen positiv til.
– At dei i haust annonserte at dei vil splitte aksjane i to – og held på dei nordiske medieselskapa i Schibsted ASA, og børsnotere dei internasjonale rubrikksidene – var positivt for aksjen.
– Leiinga har gjort mykje riktig det siste året, ved å kutte kostnadar og å splitte selskapet, seier ho, som stadig har kjøpsanbefaling på Schibsted-aksjen.
Bra med utbytte
Ho trur grepet vil gi dei ein betre kurs på lang sikt.
– Eg trur listinga av dei internasjonale rubrikk-aksjane vil synleggjere verdiane betre, ved at ein får ned konglomeratrabatten. Det nye selskapet, MPI, vil vere eit reint vekstselskap med moglegheit for konsollideringar. Det har vore ei rekkje oppkjøp i denne marknaden, seier ho, og føyer til:
– Det noverande Schibsted ASA vil vere eit meir modent selskap som sannsynlegvis vil betale bra med utbytte frå solid kontantstraum.
Etter ein liten haustnedgang, slo selskapet resultatforventningane og overraska analytikarar då Q3-rapporten vart presentert 26. oktober. Det sende aksjen opp frå 276 kroner til 294 kroner.
Om fem veker, 13. februar, kjem vert Q4-rapporten presentert i Akersgata 55.