Bengt Morten Engan, førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for bachelor i journalistikk ved Nord universitet i Bodø.

Frå 120 til 20 journalist­studentar i Bodø: Slik skal Nord universitet reisa seg

(BODØ): – Det har vore stille. Det er veldig beklageleg at me har kome i denne situasjonen, seier Bengt Morten Engan ved journalistutdanninga på Nord universitet i Bodø.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I over 30 år har journalistutdanninga i Bodø teke inn kull etter kull med journalistspirer. Dei har hatt mange søkjarar, og stort sett fylt opp dei tre kulla med opp mot 120 studentar på utdanninga til ein kvar tid.

Når Medier24 besøker Nord universitet i september er det derimot spøkelsestilstandar og knapt eit menneske å sjå på avdelinga, bortsett frå dei sju tilsette.

I takt med den økonomiske medgangen i bransjen, har også talet på journaliststudentar stupt. I Bodø resulterte det i nullopptak i 2018 og 2019 for den tradisjonsrike og viktige utdanninga som har fylt nordnorske redaksjonar med journalistar i tre ti år.

Kritikk frå fleire hald

Nord universitet er langt frå åleine om å merka nedgangen, men med krav om 25 primærsøkjarar var dei meir sårbare enn andre. Utdanninga har i tillegg fått kritikk for å både vera for akademisk retta og utdatert. Tidlegare redaktør i Avisa Nordland, Thor Woje, tok for to år sidan til orde for å leggja ned heile utdanninga.

– No har me revidert studieplanen, og me har tenkt ein del nytt rundt opplegget neste år. Det skal gå ut i marknadsføringa av studiet, seier Bengt Morten Engan, programansvarleg for journaliststudiet ved Nord universitet.

Bengt Engan, førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for bachelor i journalistikk ved Nord universitet i Bodø.

– Korleis kom ein hit, at ein står nesten utan søkjarar til studiet?

– Årsaka er kompleks. Éin årsak er at all publisiteten om dårlege jobbmoglegheiter har skremt unge til å søkja. Ein annan årsak har å gjera med at det er mindre interesse for journalistikk blant unge søkjarar. Prestisjen som faget hadde har blitt svekkja dei siste åra, seier Engan til Medier24.

 

– Bransjen er meir positiv

I vår hadde dei 19 søkjarar til studiet, seks færre enn kravet på 25 for å ta opp studentar til nytt kull.

– Me hadde håpa at me kunne ta opp studentar likevel, men det fekk me ikkje, held han fram.

– Det har vore stille. Det er veldig beklageleg at me har kome i denne situasjonen, seier Engan.

Universitetslektor Jan Erik Andreassen seier det har vore færre eldre studentar, og fleire som kjem rett frå vidaregåande skule.

– No snakkar mediehusa meir positivt om seg sjølv, og det er fleire søkjarar. Bransjen har snakka seg veldig ned dei siste 6-8-10 åra. No går det riktig veg, og det håpar me vil spela inn for oss og, seier han til Medier24.

 

– Krav om doktorgrad er eit problem

Bengt Engan, førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for bachelor i journalistikk ved Nord universitet i Bodø, universitetslektor Jan Erik Andreassen, førsteamanuensis Birgit Røe Mathisen og professor Lisbeth Morlandstø.

Journalistutdanninga har også blitt offer for eit stadig meir rigid krav om førstekompetanse, altså professorutdanning, blant tilsette på universitetet. Det har ført til manglande fersk, relevant, journalistisk bakgrunn frå ein redaksjon.

– Eg har vore den mest praktiske her. Eg har i utgangspunktet ingen utdanning, men kom hit som journalist. Det byrjar å bli 20 år sidan, så den ferske praksisen er gammal for lenge sidan, seier Andreassen vidare.

Engan legg til:

– Kravet om doktorgrad er eit problem. Det er ei linje universitetet har lagt seg på, og det har blitt innskjerpa etter fusjonen med Høgskulen i Nord-Trøndelag og Høgskulen i Nesna. Prosenten med tilsette som har førstekompetanse har vore for låg, så det måtte opp. Då er det vanskeleg å tilsetja praktikarar som har fersk erfaring frå redaksjon.

No forsøker dei å få gjennomslag for to deltidsstillingar til personar med fersk journalistisk bakgrunn.

Nord universitet håpar dei no vil profittera på at nedgangen i bransjen har flata ut, og at media no har eit stabilt inntektsnivå for første gang sidan 2011.

– Me er optimistar slik sett. Det er heilt klart at ting er i ferd med å snu. Nyleg kom det tal som stadfestar at bransjen er i ferdig med å stabilisera seg økonomisk. Det er gledeleg – og ganske oppsiktsvekkjande internasjonalt, seier Engan.

 

Bengt Engan, førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for bachelor i journalistikk ved Nord universitet i Bodø.

– Nordnorske redaksjonar er uroa

Han er oppteken av at Nord universitet er ein viktig institusjon for dei nordnorske media, som slit med å rekruttera. Der er det heller mangel på journalistar – og ikkje motsett.

– Me har bestandig prøvd å få fram at sjølv om det er oppseiingar og nedbemanning i pressa, har ikkje nordnorske redaksjonar vore ramma på same måte. Her har det vore mangel på journalistar. Det er òg noko me skal få fram når me skal marknadsføre oss.

– Merkar de at stadig fleire journaliststudentar er meir interessert i å jobba i rikspressa, TV 2, VG, og NRK?

– Det er avgrensa kva dei store mediehusa kan ta imot, så om dei er interessert i jobb er dei nøydd til å sjå seg rundt i mindre redaksjonar. Elles må dei finna seg noko anna å gjera. Nordnorske redaksjonar er uroa for situasjonen. Det har me fått klare signal om. Me har ei viktig rolle å fylla med å betene denne landsdelen, men me utdannar sjølvsagt journalistar til redaksjonar i heile landet, seier Engan.

Powered by Labrador CMS