Gro Birgitte Røiland i Bø blad
Foto: Jose Bakker
Medier24s julekalender, luke 20:
Bø Blad-journalisten ble sittende fast i en krøft i høye hæler under en skogbrann
Gro Birgitte Røiland i Bø blad skjuler seg bak dagens luke i julekalenderen.
Denne artikkelen er over to år gammel.
I desember vil Medier24 telle ned til jul med 24 lokalavisjournalister fra aviser over hele landet.
Bak dagens luke er Gro Birgitte Røiland i Bø blad, som dekker Midt-Telemark kommune.
– Hvorfor jobber du i lokalavis?
– Fordi det er verdas beste og artigaste jobb. Da eg i 2014 tok sluttpakke etter 18 år i Østlandets Blad og flytta heim til Bø, var eg så heldig å få jobb i Bø blad. Dermed gjekk eg frå ei god lokalavis til ei anna.
Medier24s julekalender
Vi er lokalavisen for mediefolk. Da er vi også lokalavisen for lokaljournalister.
Derfor vil vi bruke desember for å dra et knippe av de fine lokalavisjournalistene fra hele Norge frem i spaltene.
I julekalenderen vår blir du kjent med tjuefire lokalaviser, tjuefire lokalavisjournalister, tjuefire juletradisjoner og tjuefire lokalavisminner.
Har du lyst til å være med i kalenderen? Ta kontakt på torill@medier24.no
– Hva er den største utfordringen med det?
– At det heile tida er veldig mykje å gjera. Men så lenge ein trivst i jobben, er det berre bra.
– Beste lokalavisminne?
– Ein varm sommardag i Bø på 1990-talet gjekk brannalarmen. Eg la meg på hjul etter brannbilen, da som journalist for Varden. Det var skogbrann eit stykke frå bilveg, og eg vakla innover i skogen iført kjole og høghæla sandaler. I det eg ser brannen og brannmannskapet og høyrer sløkningshelikopteret, finn eg meg sjølv stuck i ei kløft. Det er berre å krølle seg samen med kamera på magen, og la nokre tusen liter vatn regne ned over rygg og brann. –Blei du våt, sa brannmennene og lo godt.
– Beste sak i år?
– Å møte hundrevis av folk som på ulike måtar bidreg til frivillig arbeid i Midt-Telemark. Bø blad har sett fokus på frivillig arbeid kvar veke i heile Frivilligåret, noko me nyleg fekk pris for av Frivillighetens år 2022.
– har du en uvanlig jule/førjuls-tradisjon?
– Bare eg får ribbe og Trio grumset julebrus, så er alt greitt.