Pressa i strupen på politiet etter Twitter-svikt. Og dei får svar frå Oslo-sjefen
Er informasjonsflyten frå politiet god nok? Den er i alle fall langt betre enn før, meiner politimeister i Oslo, Hans Sverre Sjøvold.
Ole Alexander Saue og Erik Waatland (foto)
Publisert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Det var under måndagens debatt på Norsk Redaktørforening sitt Haustmøte at lokale redaktørar kritiserte politiet si handtering av førespurnadane som kjem frå pressa.
Sjølv avviser politiet at dei held tilbake informasjon.
Heidi Pleym, regionredaktør NRK sør og leiar i VeTeBu Redaktørforening, var klokkeklår i si innleiing.
Ho meiner politiet har store problem med å handtere media sitt informasjonsbehovet.
Om lag halvparten vart svara på
– Tilbakemeldingane er eintydige. Det er vanskeleg å få tak i folk på sentralen, twittermeldingane kjem seint, og det er oppdrag som aldri vert lagt ut på Twitter, sa Pleym, og følgde opp med eit konkret døme:
– Ringerike Blad loggførte kontakten med politiet frå 9. mai til 17. august. Dei ringde til saman 395 gangar, og fekk svar, eller vart ringt opp igjen, 212 gangar. 183 oppringingar fekk dei ikkje svar på. Det er nært halvparten, sa ho vidare.
Ho haldt fram kritikken:
– Tweets vert upresise, og ein er nøydd til å ringe for å få meir informasjon. Men når dei ikkje tek telefonen, så hjelp ikkje det. Dette kan ikkje halda fram.
30-60 minuttar i telefonen
Ho fekk støtte av redaktørkollega i Åndalsnes Avis, Per-Kristian Bratteng. Han meiner det handlar om ressursar, og ønskjer heller ikkje å svartmåle.
– Eg kan stadfeste mykje av det Heidi fortel. Politiet er ikkje tilgjengelege når det verkeleg er drama. Eg har sete i telefonen i 30-60 minuttar på det verste. Då må eg berre leggje frå meg telefonen og jobbe vidare, sa han, og føyde til:
– Ei dødsulukke i sommar skjedde på morgonen, men vart ikkje varsla om før på ettermiddagen.
– Men det er eit større problem med alt som ikkje vert twitra i det heile teke. Me ser det er kontrollar og oppdrag me ikkje får vite om. Det gjer meg bekymra. No må me finne eit system for å klare det, la han til.
Anne Margrete Alværn, seksjonsleiar i Politidirektoratet, meiner manglande informasjonsflyt frå politiet er symptom på barnesjukdommar etter politireforma som reduserte talet på operasjonssentralar frå 27 til 12 politidistrikt.
– Då dukkar det opp mange problem oppå kvarandre. I dei distrikta som sist vart slått saman er det flest problem. I distrikta dei har halde på lenge, hadde dei problema i byrjinga, men fann ut at dei måtte ty til andre løysingar. Twitter løyser ikkje alt, sa ho.
Twitter-oppdateringar 24/7?
Hans Sverre Sjøvold, politimeister i Oslo, seier at han ikkje «kjøper alle premissane» for debatten som har fått tittelen «Twitter-politi med redaktørambisjoner».
– Alt var ikkje mykje betre før. Eg har vore politimeister i andre distrikt, og eg har opplevd operasjonsleiarar som ikkje har ynskja å ta telefonen. Grunnen til at det har blitt meir køyr no er at tilgangen til informasjon på Twitter er enorm. Noko av det som kjem ut på Twitter no, ville aldri komen ut før. Media støyter ikkje på saker i felt lenger. Alt går på telefonen.
– Før gav ein informasjon på åstaden. I Oslo har me alltid gode folk ute der det skjer, for å handtere media. Twitter kom som ein konsekvens av at de slutta å høyre på politiradioen i redaksjonane, sa han.
– Om nokre år trur eg sosiale media vert handtert 24 timar i døgeret, seier politiet, la Sjøvold til.
– Alt må ut!
Bratteng meiner Sjøvold tek for lett på utviklinga.
– Det er eit problem at ikkje alt vert twitra. Alt av informasjon som offentlegheita skal ha, må me sørgje for kjem ut. De kan ikkje kvile dykk på at de får ut «ein god del», og at det er betre enn før. Me må få ut alt, og så skal me, redaktørar, redigere. Det er ikkje slik at politiet skal ha redaktørmynde, sa Bratteng.
Alværn meiner det er store skilnadar mellom riksmedia og lokale redaksjonar.
– Det som er interessant for VG er éin ting, men ein må òg ta hand om det som er interessant for Sogn Avis eller Budstikka, sa ho.
Se vår direktesending med Budstikka og Oslo politidistrikt
Hvordan kan politiet og pressen samarbeide bedre når det gjelder informasjon? Vi snakker med Runar Skarnes i Oslo politidistrikt og Jørgen Dahl Kristensen i Budstikka: