Ansvarleg utgjevar Karl-Einar Nordahl i Bladet Vesteråle.

«Redda» av pressestøtta: Bladet Vesterålen så vidt i pluss

Drygt 1,1 millionar kroner i pressestøtte gjorde at Bladet Vesterålen gjekk nokre tusenlappar i pluss på drifta i 2018.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Selskapet sitt årsresultat viser stabile salsinntekter på drygt 27 millionar kroner dei siste tre åra. Ein dryg million i pressestøtte gjer likevel at avisa snur 1,2 millionar kroner minus i driftsresultat til knappe tre tusen kroner i pluss.

 

Sviktande annonseinntekter

– Det er like vanskeleg for oss som andre med overgangen frå papir til nett. Annonseinntektene sviktar både nasjonalt, regionalt og lokalt, seier dagleg leiar og eigar Karl Einar Nordahl til Medier24.

Saman med far Karl Glad Nordahl eig han avisa gjennom morselskapet Norvest.

– Det er første året vårt med pressestøtte, så det hjelp jo på, seier Nordahl vidare.

 

Utvidar

Selskapet har 12 redaksjonelt tilsette, og dagleg leiar Nordahl fortel at god redaksjonell satsing vert avgjerande for grøne tal framover.

– Det er utfordrande. Viktigare enn nokon gong vert det at ein får opp abonnementsmassen og utviklar det redaksjonelle slik at folk vil kjøpe produktet, seier han, og legg til:

– I staden for å byggje ned, har me utvida redaksjonen.

 

Teknologisamarbeid

No gjeld det berre å «peise på» vidare, ifølgje Nordahl.

– Det vert framleis utfordrande, og me må følgje opp nye annonseløysingar.

– For halvanna år sidan inngjekk me eit samarbeid med Agderposten på teknologi. Det hjelp godt på – me har ikkje råd til å investere i all ny teknologi åleine, seier han vidare.

På totalt 17 årsverk i organisasjonen har dei lønnskostnader på 9,7 millionar kroner, medan dagleg leiar får 831.950 av dei.

Powered by Labrador CMS