Ansvarleg redaktør Mona Grønningen i Kvinnheringen.

– Saker vert styrt, endra og pynta på. Me mistar kjeldene våre på vegen

Lokalavisredaktør meiner det vert vanskelegare å laga næringslivsjournalistikk når hjørnesteinsbedriftene vert kjøpt opp av nasjonale og internasjonale aktørar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Lokalt er det fire selskap som er kjøpt opp eller fusjonert med større selskap, og ein opplever at det lokale eigarskapet er i ferd med å forsvinna. Me forstår at det kanskje må til for at selskap skal overleva og posisjonera seg, men me føler me mistar kontakten og kjeldene våre på vegen.

Det seier redaktør Mona Grønningen i Kvinnheringen til Medier24. For avisa med hovudsete i Kvinnherad i Hordaland vert det stadig vanskelegare å skriva om lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar.

Viktige aktørar som Kvinnherad Sparebank og Kvinnherad Energi er begge kjøpt opp av høvesvis Sparebank 1 SR-Bank og BKK. Hjørnesteinsverksemda, aluminiumsverket, har vore heileigd av Hydro Aluminium sidan 2014. I tillegg er Palfinger Marine, med austerrikske eigarar, etablert i kommunen.

Med sentraliserte kommunikasjonsavdelingar og ynskje om å svara på lokale tilhøve frå eit hovudkontor, langt frå Kvinnherad, oppstår det utfordringar, meiner Grønningen.

– Handlar om kapasitet

I Norsk Hydro har dei kommunikasjonsmedarbeidarar i Oslo som gjer jobben dei tidlegare gjorde lokalt.

Det seier kommunikasjonssjef Halvor Molland til Medier24.

– Når Hydro Husnes er blitt del av eit børsnotert selskap stiller det ein del andre krav og forventningar til korleis fabrikken kommuniserer, seier informasjonsdirektør Halvor Molland til Medier24.

– Tidlegare hadde kvart anlegg eigne kommunikasjonsmedarbeidarar lokalt. Det har dei ikkje lenger, og støtte til fabrikksjefen og fabrikkleiinga skjer no frå ei sentral kommunikasjonsavdeling i Oslo.

Konserndirektør kommunikasjon Halvor Molland i Norsk Hydro. Til høgre er tidlegare konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

– Det er ikkje slik at alt må gå via Oslo, men me er ein støttefunksjon til fabrikksjefane kringom og assisterer ved behov. Det handlar om kapasitet, og me assisterer fabrikksjefen når vedkommande ber om det.

– Forstår du at journalistar lokalt kan bli frustrert av det?

– Det vil openbert vera ein skilnad om ein sit lokalt på fabrikken, men målsetjinga er at den skilnaden skal vera minst mogleg.

Grønningen meiner det kan oppstå misforståingar når lokale spørsmål må besvarast sentralt.

– Redde for avsløringar

Eit konkret døme Kvinnheringen fortel om var då ein journalist hos var på eit pressetreff hos BKK om ei «enkel og ukontroversiell sak».

– Artikkelen måtte gjennom fire ledd kommunikasjonsfolk og presseansvarlege før den kunne gå ut. Det tok om lag ein heil arbeidskvardag, seier ho til Medier24.

– Kvifor går de med på det?

Redaktør Mona Grønningen haldt takketale då Kvinnheringen vart kåra til årets lokalavis under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i vår.

– Godt spørsmål. Litt av frykt for at me ikkje vil få saker framover, fordi dei nektar å snakka med oss utan å få lesa gjennom, og så er me pressa på deadline og tid, og har kanskje sett av plass til saka allereie, seier ho.

Kommunikasjonsdirektør Rune Indrøy i BKK avviser at det var ein pressekonferanse, men «eit intervju med tre personar». Han seier at det gjekk 75 minuttar frå dei fekk første utkast til sitata vart godkjend, men at dei hadde fått ein ny versjon i mellomtida.

– Både me som aviser, og dei store selskapa, har eit ansvar for å hindra denne praksisen. Det er ein trussel mot lokaldemokratiet og ei fri presse, seier ho.

– Alle ledda med godkjenning meiner me er det største problemet, og i strid med Ver Varsam-plakaten. Saker vert styrt, endra og pynta på. Me lurer litt på om selskapa ikkje har større tillit til sine lokale representantar til at dei kan uttala seg åleine, eller til at me journalistar gjer jobben vår på ein god nok måte?

Eit typisk scenario, seier Grønningen, er at dei får tips om kritikkverdige forhold av folk «på golvet», og når dei sjekkar opp i det, byrjar dei å dyssa ned og pynta på sanninga.

– Dei verkar redde for negative saker eller avsløringar, seier ho.

– Viktig å vere synlege 

Sparebanken 1 SR-Bank kjenner seg ikkje att i kritikken, og det gjer heller ikkje BKK.

– For oss er det viktig at lokale banksjefar er synlege i lokalavisene, seier konserndirektør for kommunikasjon Thor-Christian Haugland i Sparebanken 1 SR-Bank.

Konsern­direktør for kommunikasjon i BKK, Rune Indrøy.

Konserndirektør for kommunikasjon Rune Indrøy i BKK seier følgjande i ein kommentar til Medier24:

– Dersom Kvinnheringen har opplevd dette som eit problem, så skal eg meir enn gjerne setja meg ned med dei og lytta til det dei måtte ha opplevd. BKK-leiarar har stor fridom til å snakka om sine ansvarsområde.

Medier24 har i fleire dagar forsøkt å få ein kommentar frå Palfinger, men dei har ikkje svart våre meldingar, telefonar og e-postar.

Powered by Labrador CMS