Trippelfredag for Hallingdølen på LLA! Digitalpris, markedspris - og journalistpris til Torunn Lied

#LLA2016: Det solide mediehuset på Ål fortsetter å kuppe priser - og fikk hele tre stykker på LLA-landsmøtet fredag!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Under Landslaget for lokalaviser sitt landsmøte på Fornebu i helga, ble det fredag delt ut fire priser.

Og imponerende tok tok Hallingdølen hjem hele to av de fire prisene: Journalistpris til Torunn Lid, markedsprisen for Hallingbillett - og delt digitalpris for Liatoppen skiskyttarfestival!

Digitalprisen ble for øvrig delt mellom Hallingdølen og Askøyværingen, kveldens andre prisgrossist.

Under følger juryens begrunnelser!

 

LLAs JOURNALISTPRIS 2015: Torunn Akersveen Lied, Hallingdølen

Livet til mange asylsøkjarar vekslar mellom håp og fortviling. Hallingdølen og journalist Torunn Akersveen Lied har levert ei sterk og engasjerande historie i kjernen av samfunnsoppdraget.

Dei har følgt Paywand og familien tett gjennom håp og uvisse, og meistrar balansen mellom profesjonell distanse og menneskeleg nærleik.

Serien strålar av svært godt handverk. Augneblinken då tillatinga kjem og kjenslene vert slopne lause, er formidla så nært og godt i ord og eit blinkskot av eit foto, at lesaren vil leva med Paywand og asylsøkjarane sine lagnader i lang tid etterpå.

Juryen, Fornebu, 15. april 2016

Thomas SpenceReidun Kjelling NybøHelen Nicholson

Til journalistprisen ble det også delt ut to hederlige omtaler:

  • Til Ingvild Lygren, Gjesdalbuen for for saken om Joakim (3) og hjelpetilbudet fra kommunen.
  • Og til Thomas Frigård, Raumnes, for saken om Nes Arena.

LLAs MARKEDSPRIS 2015: Hallingdølen, for Hallingbillett.no

Gjennom Hallingbillett.no viser lokalavisa Hallingdølen at lokalavisene kan vere kreative, skape nye inntekter, og tilby kundane og lokalmiljøet nye, gode og nyttige tenester. Hallingbillett.no byggjer også lojalitet mellom lokalavisa, kulturarrangørar og andre annonsekundar. Slik blir

Hallingdølen enda meir relevant for annonsørane. Juryen trur dessutan at Hallingdølens portal kan adopterast av andre lokalaviser i Norge.

For sitt kreative og nyskapande arbeid fortener Hallingdølen LLAs marknadspris for 2015.

Juryen, Fornebu, 15. april 2016

Gretha NicolaysenPelle StenssonHåvard Bakken

Til markedsprisen ble det også delt ut to hederlige omtaler:

  • Til Vest-Telemark Blad for håndskrevne brev til utflytta vestteler.

  • Og til Kvinnheringen for morsdags- og farsdagsaviser.

ÅRETS DIGITALE SATSING 2015: Hallingdølen, for Liatoppen skiskytterfestival

Lokale arrangement er ein arena der engasjerte mediehus kan løfta entusiasmen. Liatoppen skiskyttarfestival samlar over 1000 deltakarar, og Hallingdølen er her verkeleg ein medspelar for Ål idrettslag. Hallingdølen har ikkje berre levert eit redaksjonelt arbeid som i seg sjølv er svært solid. Dei

har også tenkt heilskapleg kommersielt. Dei har fått med lokalt næringsliv, og dei har brukt billett-tenesta si på mobil for å vera mest mogleg brukarvennleg for deltakarane. Med eigen mobilapp,

direktesending som dei også tilbyr til andre lokale mediehus, ordinær nyheitsformidling og eige festivalmagasin, skyt Hallingdølen fullt hus.

Juryen, Fornebu 15. april 2016

Dag Otter JohansenEspen SundveGunnar Stavrum

Sunnhordland fikk også hederlig omtale for prosjektet «Den finaste heimen». 

Og som nevnt ble prisen delt mellom Hallingdølen og Askøyværingen: 

Se hele prisutdelingen i opptak HER: 

Powered by Labrador CMS