Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).

Raymond Johansen ut mot politi og media etter episode på Brynseng skule: – Varsellampar burde ringt

Både media og politi får kritikk for «opphaussing» av ein episode på Brynseng skule i Oslo tysdag. No vil byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) ta saka opp med politiet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Når foreldre på skulen gir uttrykk for at det var meir krevjande å forholda seg til medieoppbodet på skulegarden enn sjølve hendinga, bør det ringe ei varsellampe, seier Raymond Johansen til Medier24.

Overskriftene var store og dramatikken vart betydeleg illustrert i norske aviser då politiet melde om vald- og trusselsituasjon på Brynseng skule i Oslo Øst tysdag.

Så store var overskriftene at frilansjournalist Birgitte Hoff Lyseng gjekk ut på Facebook med eit innlegg kor ho kritiserte mediene, og spesielt Dagbladet, si dekning av hendinga. Innlegget vart òg publisert på Dagsavisen, med tittelen: PÅGÅR NÅ!!!! Barneskole UNDER ANGREP (av pressen).

Frilansjournalist Birgitte Hoff Lysholm.

Hoff Lysholm er gift med sjefredaktør Eirik Hoff Lysholm i Dagsavisen.

«Dagbladet.no kostet på seg et rullende banner med påskriften: PÅGÅR NÅ! Men det eneste som var pågående på dette tidspunkt, var pressen», skriv Hoff Lysholm, og skriv vidare at situasjonen var langt mindre dramatisk enn mediene gav uttrykk for.

– Mediene bidreg til feilaktig inntrykk

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen (Ap), delte innlegget og sa seg einig i kommentaren. Til Medier24 seier han:

– Eg er kritisk til at det vert behandla som symptom på krisetilstand, og mediene bidreg sterkt til at folk i Oslo og resten av landet får eit feilaktig inntrykk. Eg meiner sjølvsagt at mediene skal fortelja, og ikkje underslå, kva som skjer. Men når det handlar om born, og potensielt sårbare born, må dei utvise ekstra varsemd.

Slik presenterte politiet hendinga på Twitter:

 

 

 

– Må gå gjennom sine rutinar

Johansen meiner det er grunnlag for å stille spørsmål til politiets informasjonsarbeid. Han seier til Medier24 at han vil ta handteringa opp med politiet.

– Eg er kritisk til måten politiet har gjort dette på. Det meste av det dei har sagt har vore bra, men eg meiner at den første twittermeldinga om hendinga var med på å bidra til å hausse opp situasjonen, seier han.

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen (Ap).

– Eg kjem til å ta dette opp med politiet. Dei gjer generelt ein god jobb, men det er stor medieinteresse kring alle desse sakene. Det kan ikkje vere slik at medieinteressa er med og hausse opp ein situasjon slik at han blir framstilt som langt verre enn verkelegheita.

– Slik det ser ut til å vere må òg politiet gå gjennom sine rutinar.

 

 

– Viktig å utvide kjeldekritikk

Redaksjonssjef i Dagbladet, Hilde Karin Schjerve, tek ikkje sjølvkritikk på korleis Dagbladet omtalte saka tysdag.

– Utgangspunktet for at me rykka med eit team til Brynseng skule var fleire twittermeldingar frå politiet. Vidare stilte me oss til det innsatsleiar melde om på staden, og me dekkja saka løpande, seier ho til Medier24.

Redaksjonssjef i Dagbladet, Hilde Karin Schjerve.

– Utover dagen fekk me ny informasjon om saka, noko som medførte at me etter kvart tok saka av front. Me sletta òg saka frå Facebook fordi kommentarfeltet utvikla seg i ein retning som ikkje er i tråd med Dagbladets debattreglar, seier ho vidare.

Ho meiner Dagbladet omtalte saka på ein presseetisk forsvarleg måte.

– Og så er det sjølvsagt viktig at me oppdaterer, balanserer og redigerer presentasjon ut frå ny informasjon som kjem. Difor vart den òg lagt mykje lenger ned på sida, og teken av fronten etter kvart som me fekk nye opplysingar om kva som hadde skjedd, og at dette var ein ung elev. Det var ikkje informasjon som me sat på då politiet rykka ut til Brynseng, seier ho.

– Kva tenkjer du om måten politiet kommuniserte om hendinga?

– Eg veit ikkje om me skal meine så mykje om det. Det er ein viktig del av pressas oppgåve å utvise kjeldekritikk overfor alle kjelder.

 

Står ved kritikken

Hoff Lysholm ynskjer ikkje å gå tilbake på kritikken ho kom med av Dagbladet. Ho skriv følgjande i ein sms til Medier24:

«Jeg står ved min kritikk av dekningen, og minner om det særskilte ansvaret mediene har for å utvise nøkternhet i formidling fra pågående situasjoner som dette, spesielt når barn er involvert både som potensielle ofre og gjerningsmenn.

Dette var dessuten IKKE en pågående situasjon da Dagbladet slengte på sitt rullende PÅGÅR NÅ!-banner, noe de åpenbart visste siden de siterte deler av meldingen skolen sendte ut til foreldrene men unnlot å sitere biten som understreket at situasjonen var «rolig og under kontroll».»

 

Runar Skarnes.

Heller ikkje politiet tek sjølvkritikk

Oslo politidistrikt har fått tilbod om å lat seg intervjuast om saka på telefon, men ynskja ikkje det. Via pressesjef Unni T. Grøndal svarar leiar for seksjon for Operasjonssentralen og sentralbord, Runar Skarnes, følgjande:

«Politiet responderte på en dramatisk og alvorlig melding som kom inn til Operasjonssentralen. I følge vår oppdragslogg var vi på stedet etter syv minutter, og hadde kontroll to minutter etterpå.

Vi mener det var viktig å gå ut med informasjon om den faktiske hendelsen og budskap om at politiet hadde kontroll. - Det er en del av vårt oppdrag så raskt som mulig å gjenopprette normalsituasjonen og innbyggernes trygghet.

I tillegg til twittermeldingene som gikk ut var også innsatsleder på stedet og informerte blant annet mediene om situasjonen og hva som hadde skjedd.»

Powered by Labrador CMS