– Me har drege litt på bremsen. Betalingsviljen har vore verre enn me hadde trudd og håpa på, seier Niklas Larsson, dagleg leiar i Bildbyrån, til Medier24.
Det er like over to år sidan det tradisjonsrike svenske fotobyrået varsla ekspansjon og satsing med norgeskontor. Med seg fekk dei tre tidlegare NTB Scanpix-fotografane Jon Olav Nesvold, Fredrik Varfjell og Vegard Wivestad Grøtt.
Planen var å utfordre Scanpix og tilby sportsbilete til til norske redaksjonar.
– No går me frå tre til éin tilsett, medan dei to andre skal halda fram som frilansarar, seier Larsson.
Jon Olav Nesvold har vore dagleg leiar for norgeskontoret sidan etableringa, men det er enno ikkje klart kva rolle han skal ha vidare. Det er heller ikkje bestemt kven som skal overta som dagleg leiar.
På eigarsida står dei tre fotografane med 16,3 prosent kvar og og svenske NBPA bildbyrå med resterande 51 prosent.
Bildbyrån Norge | 01.05.17–30.04.18 |
Omsetning | 656.000 |
Driftsresultat | 1.000 |
Resultat før skatt | -3.000 |
| |
Driftsmargin | 0.2 % |
Nesvold svarar avvisande på om dei overvurderte den norske marknaden. Likevel varslar dei no ei aukande satsing på kommersielle oppdrag.
– Me trur behovet er der, men det er vanskeleg å starte noko heilt nytt frå scratch. Me gjorde ein god del vurderingar og analysar og trudde det skulle vere ein marknad for det.
Svenske Larsson erkjenner at det har vore tøft å ta opp kampen med Scanpix.
– Ja, det er klart det er tøft å konkurrera når me går inn i marknaden som en ny aktør utan historie (i Norge, journ. anm.), medan Scanpix har årelang historie.
No skal dei altså kombinere redaksjonelt og kommersielt framover.
– Kva tenkjer de om den samanblandinga?
– Det er ein problematikk der, men det har fungert bra i Sverige. Så lenge ein er medvitne rundt det, skal det gå an å ikkje blande korta, seier Nesvold.