NRK Brennpunkt med Kjersti Knudssøn, Synnøve Bakke og Christian Kråkenes vant diplom for NAV: Diagnose mens du venter - på SKUP-konferansen 2012.Jo Straube
Ti år sidan NRK vann SKUP-prisen: – Det er me skuffa over. Ikkje bra
Sidan 2009 har NRK levert inn 102 metoderapportar. Det har ikkje resultert i éin pris.
Ein gjennomgang Medier24 har gjort av alle SKUP-vinnarane dei siste ti åra viser at Norges desidert største mediehus, lisensfinansierte NRK, ikkje har vunne éin pris.
NRKs SKUP-diplomar sidan 2009:
2017: Line Tomter og Anne Cecilie Remen, NRK Nyheter, «IT-avsløringene»
2015: Synnøve Bakke, Kjersti Knudssøn og Alexander Vollevik Larsen, NRK Brennpunkt, for «Det dypeste dykket».
2014: Synnøve Bakke, Kjersti Knudssøn og Alexander Vollevik Larsen, NRK Brennpunkt, for «Kvalitetssikring etter alle Statens regler»
2013: Linda Reinholdtsen, NRK Nyheter, for prosjektet «Fastlandsforbindelsene – fraflytting tross dyre bruer»
2011: Kjersti Knudssøn, Synnøve Bakke, Christian Kråkenes fra NRK Brennpunkt for «NAV – diagnose mens du venter»
2009: Astri Thunold NRK Brennpunkt «Ingens barn»
– Det er me skuffa over. Det tykkjer me ikkje er bra, seier Lars Kristiansen, prosjektleiar for undersøkjande journalistikk i NRK, til Medier24.
– Ikkje heilt blankt
Førre gang NRK vann SKUP-prisen var i 2008, då Synnøve Bakke og Kjersti Knudssøn i Brennpunkt vann for dokumentaren om Vest Tank-ulukka.
NRK vann òg ved Tormod Strand i Dagsrevyen for saka om norske klasevåpen i 2006, medan Svein Bæren og Rune Ytreberg i Brennpunkt drog i land prisen for dokumentarfilmen «Rovfiskerne» i 2004.
Sidan 2008 har altså ikkje troféhylla på Marienlyst fått fleire SKUP-prisar. Derimot har kanalen fått seks diplom. Fire av dei har gått til Brennpunkt-redaksjonen, medan to har gått til nyheitsavdelinga.
– Me har vore på pallen fleire gongar, så det er ikkje heilt blankt, seier han.
– God journalistikk i NRK
Ingen har levert inn fleire metoderapportar enn NRK dei siste ti åra. Juryleiar i SKUP, Bernt Olufsen, ynskjer ikkje å gå inn på enkeltkandidatar, men seier følgjande i ein kort kommentar til Medier24:
– Det vert laga mykje god journalistikk i NRK, og dei har sendt inn mange gode metoderapportar. Juryen vurderer kvar enkelt kandidat opp mot eit sett av 12 kriterium.
Kristiansen i NRK seier vidare at mediehuset har vore for dårleg til å følgje opp saker.
– Det er riktig at me er store. Det er vår største styrke, samstundes som om det er ei stor utfordring. Me har eit utal publiseringsplattformer og -kanalar. Det gjer at me har vore veldig turnusdrivne, seier Kristiansen til Medier24.
Han legg til:
– Me har eit potensial i å følgje opp betre. Der er me for dårlege. Me slepp dei for fort, og det går litt på storleiksutfordringa. Det er mange saker over heile landet som skal inn i ei trakt – eller tre – anten det er tv, radio, eller nett, og då glipp me på å følgje opp godt nok.
Vil gi folk tid og rom
Han seier at NRK jobbar aktivt med å bli betre på undersøkjande journalistikk.
– Det handlar ikkje berre om å vinne SKUP, men om å by publikum på den journalistiske vakthundjobben som me er sett til å gjera. Me jobbar både med å få tatt ned turnus og gi folk tid og rom til dei store og vanskelege prosjekta, og me jobbar med å få sett dei beste hovuda saman til dei riktige prosjekta, seier han.
Kristiansen har latt seg spesielt imponere av årets bidrag, og tykkjer det var veldig mange gode bidrag – trass eit noko lågare volum enn tidlegare.
– Det er gledeleg, seier han.
– Dette er ei idrettsgrein me har halde på med i mange år. Eg må seie at sjølv om interne bransjeprisar ikkje er det fremste målet for ei mediebedrift, må eg seie at SKUP byr på eit pedagogisk miljø. Å både lese og skrive metoderapportar er utruleg lærerikt. Metoderapportane har tatt ei ny vending dei siste par åra med digital metodeutvikling, som gjer det veldig interessant og spanande, seier han.