Polaris-sjef Per Axel Koch om Stampen Media-oppkjøpet: – Stor dag for oss

Fredag vart det kjent at Polaris vert største eigar i det svenske aviskonsernet Stampen Media. – Det følast veldig godt, seier Polaris-sjef Per Axel Koch.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Etter veker med intense forhandlingar sidan 20. februar vart det fredag kjent at Polaris Media blir største eigar, med 51 prosent, i det svenske aviskonsernet Stampen Media. NWT Gruppen AB og VK Media AB deler dei resterande 49 prosentane.

– Det er ein stor dag for oss når me no kan gå inn som hovudeigar i Stampen Media. Det kjennest veldig bra, seier Per Axel Koch til Medier24.

– Eg vil ikkje kalle det revansje, men me jobba mykje med MittMedia. Me var ikkje nøgd med å ikkje vinne den kampen.

 

Skogen Lund: – Interessant marknad

Det var nemleg berre knappe to veker etter at Bonnier og Amedia stakk av med MittMedia at Stampen tok kontakt med Polaris for eit potensielt oppkjøp. Det har av fleire svenske medium blitt meld at Schibsted var favoritt til å sikre seg Stampen.

Kristin Skogen Lund, administrerande direktør i Schibsted, er nøgd med intensjonsavtalen som er underteikna. Schibsted er største eigar i Polaris Media med 28,9 prosent.

Konsernsjef i Schibsted, Kristin Skogen Lund, før hennar første kvartalspresentasjon tidlegare i vår.

– Sverige er ein interessant marknad og me er positive til at Polaris går inn som eigar i Stampen, seier ho.

– Dei har mykje å tilføre selskapet og eg ser fram til å følgje utviklinga, legg Skogen Lund til.

 

– Tru på potensialet

Stampen Media har i ei årrekkje slite med store økonomiske problem, og vart i 2016 redda frå konkurs. Selskapet sleit med altfor stor gjeld etter ei rekkje oppkjøp innanlands, men vart redda av kapitalsterke eigarar.

– Dei har gjort ein veldig imponerande jobb med å få selskapet ut av den finansielle krisa dei var i. Dei har i tillegg skilt ut medieverksemda, så det er eit veldig godt utgangspunkt, seier Koch.

Styreleiar i Polaris Media, Bernt Olufsen, er òg ein svært fornøgd mann når Medier24 tek kontakt fredag føremiddag.

– Me har stor tru på potensialet som ligg i Stampen Media og me trur me kan utvikle dette selskapet vidare saman med leiinga, seier Olufsen.

Han legg til:

– Polaris har gjort seg nokre erfaringar i Norge som kan koma godt med i det vidare arbeidet med Stampen Media.

 

– Gjennomført ei rekkje tiltak

Styreleiar Bernt Olufsen i Polaris Media – her frå SKUP-konferansen i 2018.

Han erkjenner at dei har ein stor jobb føre seg, og legg vekt på at den digitale transformasjonen vert viktig.

– Det har vore krevjande dei seinaste åra, men det vert gjennomført ei rekkje tiltak som me ventar gir ein positiv effekt om rimeleg kort tid.

– Den største utfordringa vert å få til ein vellukka digital transformasjon kor ein både varetek inntektsstraumen frå papir og nyttar desse til digital utvikling.

Her får Olufsen støtte av konsernsjef Koch:

– Utgangspunktet no er bra, og me trur me skal bidra til å få gode økonomiske resultat ved å lukkast med den digitale transformasjonen.

– Me trur dette kan bli veldig bra. Me hadde ikkje gått inn om me ikkje hadde hatt noko å bidra med, seier Koch.

Powered by Labrador CMS