Polaris Media sitt lokale i Trondheim sentrum.Erik Waatland
Utbyttefest i Polaris under kuttperiode: – Bruk meir på avisene, seier tillitsvalde
Samstundes som Polaris Media skal kutte 300 millionar kroner i kostnadar har styret betalt ut over 200 millionar kroner i utbytte til eigarane på tre år.
Dei to siste åra har Polaris Media betalt ut 159 millionar kroner i utbytte, etter å ha oppnådd eit samla resultat før skatt på 183 millionar kroner i 2017 og 2018. I 2016 var utbyttet på 48,8 millionar kroner.
Det har skjedd midt i prosessen med spareprogrammet Polaris Media 2020, som vart annonsert i 2016. Konsernet skulle på få år spare 300 millionar kroner, og totalt skulle det nedbemannast over 160 årsverk fram mot 2020. Leiar Christer Pedersen i konsernlaget NJ Polaris gjekk kjapt ut og kravde utbyttestopp i konsernet.
Det har dei ikkje gjort, og sidan ein utbyttebrems i 2016 har nivået hatt stø kurs opp mot toppen frå 2013. Det har skjedd parallelt med nedskjeringar og resultatbetring i konsernet.
– Me tillitsvalde har påpeikt at me tykkjer utbytta dei siste åra er for høge, seier konserntillitsvald Rune Setsaas i Polaris Media til Medier24.
«Utbytte skal være stabilt»
I fjor gjekk dryge 90 prosent av Polaris’ overskot etter skatt til utbytte. Året før, i 2017, gjekk 84 prosent av overskotet i lomma på aksjonærane.
I årsrapportet står det at «utbytte skal være stabilt over tid og utgjøre rundt 50–70 prosent av overskuddet etter skatt». Avtroppande finansdirektør Per Olav Monseth forklarar spriket med at utbyttenivået må reknast over tid og at både likviditet og balanse er meir førande faktorar enn overskotet.
Klubbleiar Kjersti Fikse Ness i Adresseavisen forstår at dei må ta ut utbytte, men meiner nivået er for høgt.
– Me tillitsvalde har forståing for at eit børnotert selskap tar ut utbytte, men me meiner at nivået er for høgt, seier ho.
Saka held fram under grafa.
– Pengane trengst
Fikse Ness held fram:
– Det er forstemmande å sjå Polaris-aviser godt representert i botnen av lønnsstatistikkane for bransjen samstundes som konsernleiinga signaliserer ein stadig auke i utbyttenivået. Det er ingen tvil om at dei pengane trengst i arbeidet med utviklinga i alle våre mediehus.
Ho får støtte av Setsaas.
– Me har påpeikt at me heller ynskjer auka satsing i våre verksemder enn auka utbytte. Me er òg bekymra for det låge lønnsnivået i fleire av våre verksemder og at dette bør justerast opp for å gjera det endå meir attraktivt å jobba i våre verksemder.
– Bør brukast meir på avisene
Polaris Media sine største eigarar er Schibsted (29 prosent), Nwt Media (26 prosent), Erik Must (15 prosent) og SpareBank 1 SMN (11 prosent).
I årsmeldinga for 2018 står det at selskapet «har som mål at utbyttenivået skal gjenspeile aksjonærenes ønske om god løpende avkastning, i tillegg til at selskapets behov for egen utvikling ivaretas».
– Me er børsnotert, og innser at det er naturleg å betale ut utbytte for å ha langsiktige eigarar. Men det burde vore lågare, seier klubbleiar Eirik Meling i Sunnmørsposten til Medier24.
– Er det ekstra problematisk med tanke på spareprogrammet?
– Ja. I det store biletet meiner me at det bør brukast meir på avisene. Eg forstår at du spør, og me meiner utbyttenivået burde vore lågare.
Styreleiar kjent med kritikken
Fersk styreleiar i Polaris Media, Torry Pedersen, er kjent med tillitsvalde er kritiske til utbyttenivået.
– Dette vart teken opp på generalforsamlinga då eg vart vald inn som styreleiar, seier han til Medier24.
– Forstår du reaksjonane?
– Eg må setje meg djupare inn i problemstillinga for å ha noko synspunkt på det. Eg har vore i styret sidan mai, og sidan har me ikkje gjort nokre vedtak om utbytte.
– Me må ta stilling til utbytte-policyen når me skal handsame det i styret, seier han.
Bernt Olufsen: – Rimeleg moderasjon
Nyleg avgått styreleiar Bernt Olufsen skriv i ein e-post til Medier24 at han meiner utbyttet er på eit moderat nivå, og at det reflekterer spareprogrammet konsernet har vore gjennom.
Han skriv:
«Styret i Polaris Media har de siste seks årene vært opptatt av å sikre et godt, langsiktig eierskap gjennom en fornuftig utbyttepolitikk som gjenspeiler resultater og verdiskapning i virksomheten. Utbyttet har de siste ti årene variert mellom kr. 1,00 og kr. 1,75 pr. aksje. Jeg vil karakterisere det som en moderat, men ganske god avkastning, som også hensyntar selskapets likviditet.
Utbyttet siste seks år reflekterer også resultatforbedringsprogrammet Polaris Media 2020. Da programmet ble vedtatt i 2016 gikk utbyttet ned til kr. 1,00 pr. aksje, men styrets ambisjon har vært å øke utbyttet i tråd med resultatforbedringene.
Polaris-aksjen har de siste årene i stor grad blitt betraktet som en utbytte-aksje, med liten omsetning i markedet. En utbyttegrad på mellom 4 og 8 prosent i forhold til aksjeverdien kan ikke karakteriseres som spesielt aggressiv.
Hvert eneste år har likevel tillitsvalgte i Polaris argumentert for et lavere utbytte. Styret mener at både ansatte, ledelse og eiere har utvist rimelig moderasjon de siste årene.»