Programleiar Helene Sandvig i Helene sjekker inn. Til høgre er professorane Berit Støre Brinchmann ved Nord universitet og Pål Gulbrandsen ved Universitetet i Oslo.Anders Leines/NRK, Svein-Arnt Eriksen/Nord universitet og Skjermdump/TV 2, God Morgen Norge
«Helene sjekker inn»:
Professorar reagerer sterkt på NRK-program: – Ulogisk og merkeleg
Fleire er kritiske til NRK-programmet «Helene sjekker inn». – Demente på riksdekkjande tv gav meg ei dårleg kjensle, seier Pål Gulbrandsen ved Universitet i Oslo.
NRK sin mangeårige suksess-serie «Helene sjekker inn», kor programleiar Helene Sandvig møter menneske som bur og jobbar på institusjonar, har gått på norske tv-skjermar sidan våren 2016.
No skapar eit program, kor Sandvik gjestar yngre dementpasientar, reaksjonar.
«Programmet har skapt stor debatt i min omgangskrets. Jeg kjenner ingen som ville ha ønsket å delta i et lignende program. Jeg håper inderlig at mine pårørende ikke ville samtykket til filming på mine vegne, dersom jeg noen gang skulle havne i en slik situasjon», skriv Berit Støre Brinchmann i ein Aftenposten-kronikk.
Ho er professor ved Nord universitet og Nordlandssykehuset og medlem av Rådet for sykepleieetikk.
– Det verkar for meg ulogisk og merkeleg at det nærast verkar enklare å koma inn på ein institusjon med eit filmteam, enn som forskar, seier ho til Medier24.
– NRK kunne ha løyst akkurat ein episode om demens på ein annan måte og fokusert på nokon andre av bebuarane, som er tidlegare i sjukdomsløpet og dermed samtykkekompetente. Her filmar dei ikkje samtykkekompetente personar og det reagerte eg sterkt på, legg ho til.
– Eg har sett deler av programmet, og generelt meiner eg Helene har ein fin stil; varm, interessert, og eg trur ho gjer dette i beste meining, seier han, og legg til:
– Men då eg såg traileren til episoden om unge demente, valde eg å ikkje sjå det. Eg reagerte negativt umiddelbart, men då eg ikkje har sett episoden kan eg ikkje kritisera det som såleis, men eg deler oppfatninga til Brinchmann.
Han har sjølv hatt ei mor som var dement.
– Eg veit korleis det var. Ho var eit snilt og godt menneske som kunne sagt ja, seier han, og legg til:
– Men då eg såg annonseringa av dette programmet sa eg likevel til kona mi: om dette vert meg, seier eg nei til eit slikt program alt no.
NRK forsvarar programmet, og legg vekt på at dei gjer nøye vurderingar på kven som vert eksponert i programma.
– Me byrjar å snakka med medverkande fleire månadar før opptak – så tida er ei god hjelp – for å vita at me gjer så gode avgjersler som mogleg. Det er viktig at me har eit godt samarbeid med Sykehjemsetaten i Oslo. Det er ikkje nok at institusjonen ynskjer å delta, fordi det kan utøva eit press på medverkande og pårørande. Difor heng me heller opp lappar om at dei som er interessert kan ta kontakt med programskaparane, seier Siril Heyerdahl, redaksjonssjef NRK Dokumentar og samfunn, til Medier24.
Ynskjer programmet velkomen
Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, tykkjer det er viktig med auka openheit og meir kunnskap om demens.
– I slike situasjonar er det viktig å snakka med den som stiller opp, om dei har samtykkekompetanse, elles er det open dialog med pårørande og verje som er avgjerande fordi dei kjenner personen, og kan vurdera kva ho eller han ville ynskja, seier ho til Medier24.
– Det er mange stereotype haldningar til demens og tabu knytt til openheit om denne sjukdommen. Difor ynskjer me program som NRK-serien «Helene sjekker inn» velkommen, legg ho til.
– Kva er samtykket verd?
Gulbrandsen ved UiO studerer sjølv kommunikasjon mellom legar og pasientar, og seier han har samla inn nesten 500 videoar i løpet av 14 år.
– Det har me teke vare på med aller største aktsemd. Det har strenge restriksjonar, og me gjer det utelukkande for forsking. Ikkje for å visa til folk, men for å finna ut korleis legar og pasientar betre kan kommunisera. Reglane er ekstremt krevjande å passa på heila tida, og det går mykje ressursar til det, seier han, og legg til:
– At ein då får demente på riksdekkjande tv gav meg ei dårleg kjensle.
– Kva er samtykket til ein dement person verd? Ein dement er eit viktig menneske i samfunnet i kraft av å vera menneske. Men i kva stand er dei til å vareta seg sjølv? Vill ein latt dei styra bankkontoen sin, eller gi bort noko dei interesserer seg for? spør Gulbrandsen.
Tek medverkande inn i klipperommet
Heyerdahl seier NRK lagar ein kontrakt for dei som er interessert i å vera med, kor dei opphevar teieplikta slik at dei kan snakka med fagpersonane dei næraste og om vedkommande kan, og bør, stå i den eksponeringa. Det gjeld også dersom dei er samtykkekompetente.
– Med for dei som ikkje er samtykkekompetente, blir dei pårørande den viktigaste kjelda til å få vita om dei er eit menneske som ville la seg eksponera i eit slikt type program, seier ho.
– Produksjonen følgjer både Ver Varsam-plakaten, NRK-plakaten, og gjeldande jus på området. I tillegg tek me inn dei pårørande og medverkande i klipperommet.
Vidare åtvarar ho om bli for varsame med enkelte tema.
– Om ein aldri journalistisk kan behandla dei som ikkje er samtykkekompetente vil svært viktige samfunnsområde stå urørte. Det er likevel ein hårfin balanse, og omsynet til enkeltmennesket er det viktigaste. Sjølv om me har gjort opptaka, kan pårørande gi beskjed om at noko ikkje er riktig eller for nært.