Sigvald Sveinbjørnsson, sjefredaktør i Bergensavisen.

Teknisk glipp hos analysebyrå gav feilaktig meiningsmåling i BA

Partibarometeret i onsdagens Bergensavisen inneheldt feil. No tek analysebyrået Sentio ansvar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag skreiv Bergensavisen (BA) at Folkeaksjonen Nei til meir bompenger (FNB) gjekk tilbake på siste måling, og sat igjen med 13 mandat. Det riktige var 14, kjem det fram i ein ny artikkel som korrigerer ein teknisk glipp som førte til feilen i onsdagens papirutgåve.

– Det er vel for gale å kople det som skjedde til sommarvarmen. Men reint teknisk skjedde dette: Veljarmatrisa mellom førre val og dagens val fekk ei forskyving. Det er ein datateknisk glepp, seier Arve Østgaard i Sentio.

– Den [effekten] er minimal med tanke på oppslutninga til partia. Men den fekk diverre ein direkte konsekvens for KrF sine to mandat. Eit av desse mandata gjekk til FNB. Difor er saka litt alvorleg, og rett skal vere rett. Sentio tek ansvar og rettar opp, seier Østgaard.

Sjefredaktør i avisa, Sigvald Sveinbjørnsson, tykkjer lite om feilen.

– No er ikkje utslaga veldig store, heldigvis forandrar det ikkje hovudtendensen som var vinklinga me hadde på saka. Men dette skal vere riktig. Eg er glad for at Sentio rettar opp raskt, slik at me kunne presentere korrekte tal fortast mogleg, seier han til eiga avis.

Powered by Labrador CMS