Frøy Gudbrandsen var ferdigutdanna journalist som 21-åring, så ung at ho ikkje vart teken seriøst, følte ho. Drammensaren flytta til Bergen for å utvida horisonten, og byrja å studera samanliknande politikk på Universitetet i Bergen.
– Eg følte eg kom heim. Eg digga det. Det var så gøy at eg enda opp med å ta ein doktorgrad, og sa nei til tilbod om journalistjobb undervegs, seier Gudbrandsen til Medier24.
Og så ville ho ut av akademia, og søkte på ein jobb som nyheitsjournalist i Bergens Tidende. Den fekk ho ikkje. I staden fekk ho tilbod som kommentator, før ho tre år seinare erstatta Frank Rossavik som politisk redaktør, og allereie fire år seinare har ho avansert til øvste redaksjonelle stilling i landets største avis utanfor Oslo.
Og ho har store ambisjonar.
– Me dekkjer ein del av landet som hovudstadspressa forstår ganske dårleg. Nokon gonger har me ei rolle som «bullshit»-detektor, seier Gudbrandsen.
– Kunnskapsnivået burde vore høgare i nokre deler av hovudstadspressa. På sitt verste er dei med på å spreia misoppfatningar om politiske realitetar.
Skup-tørke sidan 2015
Kva konkret Gudbrandsen vil gjera med avisa framover er for tidleg å seia, medgir ho. Men at Schibsted-eigde Bergens Tidende har meir å henta ut i undersøkande journalistikk, er ho ikkje i tvil om.
Sidan har det stått stille, sett bort frå ein Dataskup-diplom for «Fengselets fengsel» i 2018.
– Eg er skeptisk til SKUP som målestokk, men om spørsmålet er om eg meiner BT bør bli betre på undersøkande journalistikk, så er svaret ja, seier Gudbrandsen, og legg til med eit smil:
– Men eg skal ikkje gjera som Monica Mæland gjorde med Bybanen, og på førehand fortelja kva retning det skal gå i.
Lagbyggjar
Og lite visste ho nok sjølv om kva retning det gjekk i då ho i 2012 bestemte seg for å forlata Universitet i Bergen, fordi ho ville tilbake til journalistikken – som jo trass alt var det ho i utgangspunktet hadde lyst til.
– Frå avslag på journalistsøknad til å bli sjefredaktør på sju år. Kva styrkar har du som har fått deg i den posisjonen på så kort tid?
– Eg veit ikkje. Eg jobbar ganske hardt, og stiller høge krav til meg sjølv.
– Tek du ting fort til deg?
– Ja.
Høgre krav stiller ho også til eigne medarbeidarar, seier Gudbrandsen. Som leiar er ho oppteken av å byggja lag, og har låg toleranse for dei som ikkje vil vera med på det laget.
– Eg elskar individualistar, men alle må forstå at me er eit lag. Likevel må alle få skina på det laget på kvar sin måte. Det ligg i BT si ånd at me er ein gjeng, og gjer ting saman, seier ho.
Gudbrandsen var sjølv med på å vinna SKUP-diplom for «Asylbarna» i 2014, kor hennar spisskompetanse frå doktorgradsavhandlinga om skandinavisk innvandringspolitikk kom til nytte.
Kvinneopprør i Schibsted
Som sjefredaktør i Bergens Tidende blir Gudbrandsen den einaste kvinnelege redaktøren blant Schibsted sine store norske aviser – BT, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen, VG og Aftenposten.
Likevel er Gudbrandsen sikker på at konsernet går i riktig retning når det gjeld kjønnsbalanse, spesielt i lys av det ho sjølv omtalar som «kvinneopprøret» for eit par år sidan. Politisk redaktør Hanne Skartveit i VG var blant dei som gjekk ut i Medier24 og bad «gutane på toppen i Schibsted» levera betre på kjønnsbalanse.
– Det har vore eit kvinneopprør i Schibsted dei siste åra. Den mannstunge leiargruppa er justert på. Ein del av oss følte at det måtte skje noko, og det gjer det, så akkurat no har eg stor tru på at ting går rett veg, seier Gudbrandsen.
– Eg merkar på tilbakemeldingane at særleg unge kvinner er glad for at BT får ein kvinneleg sjefredaktør, legg ho til.
– Kvifor ville du ha jobben?
– Det er veldig mange gøy ting å gjera her i livet, og eg veit at å vera sjefredaktør krev omtrent alt du har. Det er ting ein seier frå seg når ein går inn i ein slik jobb, og då må ein vera sikker på at ein har skikkeleg, skikkeleg, lyst. Men då eg fekk tilbodet var det kjempelett å seia ja.
– Kva er det du seier frå deg?
– Fritid og moglegheita til å disponera helger og kveldar som eg vil.
– Og kva gjorde at du var villig til å gi slepp på det?
– Eg likar BT kjempegodt, folk her er utruleg kule, hyggelege og superflinke, så det er ein stad eg vil jobba. Eg har stor tru på BT.
Vil ha meir gjennomslag frå regionavisene
Den nye BT-redaktøren har budd i Bergen sidan byrjinga av 2000-talet, er frå sentrale Austlandet, Øren i Drammen – «så nært vanleg som du får det» – og har sjølv lagt merke til manglande dekning av «heile Norge» i riksavisene.
– Nordlys, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad gjer mykje bra, men eg skulle ynskja at alle dei andre regionavisene var sterkare, tydlegare og fekk meir nasjonalt gjennomslag. Lokalt er dei ekstremt viktige, men BT er i særstilling i å setja preg på nasjonal debatt utanfor Oslo.
– Om regionaviser klagar på at området ikkje vert dekkja godt nok, bør dei gå i seg sjølv og ta meir ansvar?
– Ja. Det bør dei, seier ho.
Irriterte lærarane med nynorsk
Tilbake i Drammen brukte Gudbrandsen ungdomstida si på politisk engasjement, konsertar og festar – ikkje ulikt mange andre. Men som ein del av sitt ungdomsopprør gjorde ho noko litt utanom det vanlege blant skuleelevane i Drammen.
– Eg byta til nynorsk andre året på VGS og hadde det i to år.
– Kvifor?
– Eg trur det var ein kombinasjon av at eg møtte nokon i Målungdommen som overtydde meg om at nynorsk er viktig, og eit slags ungdomsopprør. Det var ein veldig fin måte å irritera lærarar på. Dei kule lærarane tykte det var kult, og dei irriterande lærarane tykte det var ekstremt irriterande, seier ho, og legg til:
– Eg møtte motstand, og folk meinte at eg ikkje burde få velja det, at det vart styr og ekstraarbeid for lærarane. At eg møtte så mange negative reaksjonar gjorde at eg skjønte det ikkje er så innmari enkelt å vera nynorskbrukar i bokmålsområde.
Har ikkje eiga Wikipedia-side
I tillegg til å vera aktiv i Mållaget var ho med medlem i Unge Høgre frå 10. klasse til midten av vidaregåande skule, fylkesleiar i Europeisk Ungdom, og aktiv i Byluftslisten før 2011-valet i Bergen.
Men det må du nesten spørja ho om sjølv, eller søkja i Retriever, for å finna ut.
– Du har ikkje eiga Wikipedia-side?
– Nei.
– Skal du få deg ei?
– Ja, men eg gidd ikkje å laga ei sjølv.
– Bør kollegaene dine få fingeren ut og laga?
– Det får dei gjera om dei har lyst. Eg er ikkje så kjempeglad i interesse rundt min eigen person.