BT-redaktørar varslar færre Schibsted-flyturar til Oslo

Frøy Gudbrandsen og Trond Olav Skrunes trur koronakrisa endrar mediebransjen på lang sikt.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

(BERGEN): I over to månader har Bergens Tidende laga avis med omtrent alle tilsette på heimekontor. Koronatiltaka har tvinga både toppleiarane og journalistane til å samarbeida og kommunisera digitalt.

Det trur sjefredaktør Frøy Gudbrandsen og Trond Olav Skrunes vil halda fram.

– Det er eg overtydd om. Digitaliseringa har skote fart, og det gjeld også arbeidsmetodane våre. At alle har kasta seg sånn rundt er også ei verdifull erfaring, seier Gudbrandsen.

– Oslo tur/retur? Nei takk

Saman med Skrunes er dei to endeleg tilbake på kontoret på Media City Bergen når Medier24 er på besøk måndagen etter den svært spesielle 17. mai-feiringa.

– Eg er også sikker på at det blir meir heimekontor framover. Det er ikkje unikt for oss, men gjeld samfunnet generelt, legg ho til.

Sjefredaktør Frøy Gudbrandsen og nyheitsredaktør Trond Olav Skrunes i Bergens Tidende.

Færre flyturar vil det også bli.

– Dagsturar Oslo tur-retur? Nei, takk. Men eg har vore litt restriktiv på flyturar frå før, seier Gudbrandsen.

– Eg skal avgrensa flyginga mi framover. Det blir ikkje slutt på det, for nokre gongar vil det vera fornuftig å møta folk. Men terskelen for å setja seg på eit fly fordi ein er vant til det, blir høgare, legg Skrunes til.

– Har ikkje overdrive dekninga

I byrjinga av mars kasta avisa rundt på organisasjonen og gav både journalistar og mellomleiarar nye oppgåver og ansvarsområde som følgje av den ekstraordinære koronasituasjonen.

– Då det plutseleg smalt skjønte me at dette ville få betydning for oss på mange felt. Ingen var urørte. Då meinte me at organiseringa vår i ein normalsituasjon litt som under ei stor «breaking news»-hending. Då snudde me om, styrka helsegruppa og sette sportssjef Christian Nicolaysen til å leia den, seier Skrunes.

Sjølv om det, i sum, har gått fint, har det ikkje vore berre-berre å leia folk på heimekontor, ifølgje sjefredaktør Gudbrandsen.

– Det har vore heftige saker å hiva folk på, men det har gått innmari fint. Alt har ikkje gått saumlaust, og det har vore veldig krevjande veker for min del. Det er ikkje ei solskinshistorie der alt har gått «smooth» utan motstand, for det har vore kjempevanskeleg. Men dei store problema me sto i har me løyst på ein god måte, seier Gudbrandsen.

Den massive dekninga av viruset har også fått kritikk, både før og etter alvoret trefte Norge. Seinast var det tidlegare journalist og føredragshaldar Erik Hanøy som i eit debattinnlegg i BT meinte media spreier unødvendig frykt for viruset.

Medier24 skreiv alt tidleg i mai at koronapandemien er den mest omtalte saka i norske media noko sinne. Omfanget meiner likevel både Skrunes og Gudbrandsen har vore på eit riktig nivå.

– Me har ikkje overdrive koronadekninga. Det er eg heilt overtydd om. Journalistar som er veldig tett på blir kanskje lei, fordi heile arbeidsdagen går til det. Men me ser at det er dette lesaren er mest interessert i. Me tok det ikkje for alvorleg, men eg trur det har vore kritiske spørsmål me ikkje kom på, seier ho.

Gudbrandsen får støtte av nyheitsredaktøren sin.

– Eg meiner det var heilt naudsynt med den tunge dekninga. Alt i samfunnet, og i verda elles, tilsa at dette var svært alvorleg, seier Skrunes.

 

– Ekstremt viktig med debatt

Dei to er likevel begge uroa for forvaltninga si manglande openheit og behandling av innsynskrav.

– Eg har til gode å sjå ein einaste fotograf og journalist som dokumenterer frå innsida av eit sjukehus, seier Skrunes.

– Evna til å skaffa informasjon for å driva kritisk journalistikk har nok lagga litt. Det har skapt frustrasjon blant journalistane hos oss som har forsøkt å jobba med dette. Offentlegheita knytt til koronakrisa i forvaltninga har ikkje vore på sitt besta, seier han.

Sjefredaktør Frøy Gudbrandsen i Bergens Tidende. Her frå første dag i sin nye jobb, desember 2019.

Gudbrandsen supplerer:

– Dersom målet er å løysa koronakrisa på best mogleg måte er det utruleg viktig å ha ein løpande offentleg debatt på best mogleg grunnlag. Her får me ikkje ein god offentleg debatt med så treig innsynsbehandling. Det får konsekvensar for korleis politikken blir.

– Me veit det har blitt teke avgjersler på avgrensa faktagrunnlag. Då er det ekstremt viktig med offentleg debatt, så grunngjevinga for å seia nei til innsyn no er ekstra ille.

Powered by Labrador CMS