Gerd Margrete Tjeldflåt i Bergens Tidende.

Gerd Margrete Tjeldflåt blir politisk kommentator i Bergens Tidende

Går frå jobben som politisk journalist i avisa.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Journalist Gerd Margrete Tjeldflåt frå Kvinnherad blir politisk kommentator i Bergens Tidende.

– Dette er ein veldig spanande moglegheit å få. Eg har jobba med politikk i BT sidan eg byrja i 2013, men dette blir med ein annan innfallsvinkel, seier Tjeldflåt til Medier24.

Tjeldflåt, saman med kommentatorkollegaene Jens Kihl og Morten Myksvoll, lanserte nyleg podkasten «Nokon må gå», kor dei tre diskuterer politikk og kvardagsliv. I tillegg har Tjeldflåt det siste halvåret vore med på å avdekka Vigilo-saka i Bergen, som førte til at byråd Linn Kristin Engø fekk eit mistillitsforslag mot seg og trakk seg.

– I utgangspunktet skulle eg vera med på podkasten som politisk journalist, men det blir enklare når ein no har ei friare rolle, seier ho til Medier24.

– Det blir litt rart å bli kommentator, det må eg ærleg innrømma, då det er heilt nytt for meg å jobbe på denne måten. Eg har jobba med prosjektet «Kort fortalt», kor ein forklarar for lesaren. Det ligg nært denne sjangeren, seier ho.

Det daglege nyheitsbrevet «Kort fortalt», som kom i samband med kommunevalet i fjor, vert også trekt fram av sjefredaktør Frøy Gudbrandsen.

– Ho er ein fantastisk dyktig politisk journalist, som er veldig oppteken av politikk, og brenn veldig for politisk journalistikk. I tillegg er ho ein utruleg dyktig skribent, ein av våre aller beste, seier Gudbrandsen til Medier24.

– Eg er veldig glad for å få ho over i kommentatorjobben, legg ho til.

Tidlegare politisk redaktør Frøy Gudbrandsen vart sjefredaktør i Bergens Tidende for knappe to månadar sidan, og sidan har kulturredaktør Frode Bjerkestrand leia avisa si kommentatoravdeling.

No skal avisa snart lysa ut stillinga som politisk redaktør, fortel Gudbrandsen.

Powered by Labrador CMS