Nyheitsredaktør i Bergens Tidende, Jan Stian Vold.

Jan Stian Vold går av som nyheitsredaktør i Bergens Tidende

Blir prosjektleiar for redaksjonelle produkt, stadfestar Vold overfor Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Jan Stian Vold går av som nyheitsredaktør i Bergens Tidende, får Medier24 stadfesta.

Det vart gjort kjent internt i avisa måndag, og skal fungera i stillinga ut året.

– Eg har hatt jobben i fem år, og det er ein av dei kjekkaste jobbane i bransjen. Samstundes er det ein ganske strevsam jobb, og så har eg fundert litt på dette det siste tidspunktet for å sleppa til andre krefter, seier Vold til Medier24.

Tøff nedbemanningsrunde

Han har vore i jobben sidan haust 2015 etter å ha vore konstituert i lengre tid.

Det skjer kort tid etter at Frøy Gudbrandsen vart ny sjefredaktør i avisa, då Øyulf Hjertenes vart administrerande direktør for Schibsted Kyst.

– Det har stort sett vore kjempegøy. Dei første åra har vore prega av ein røff periode i bransjen, med tunge prosessar. Det var det vanskelegaste, seier han og peiker på nedbemanningsrundane.

Nyheitsredaktør i Bergens Tidende, Jan Stian Vold.

No skal Vold jobba med å utvikla redaksjonelle produkt i avisa.

– Dei tre siste åra har vore ein samanhengande opptur, både journalistisk og økonomisk. BT er i bra forfatning, så det har vore fint å få lov å vera med på.

 

– Han har vore utruleg viktig

Sjefredaktør Frøy Gudbrandsen seier til Medier24 at Vold har vore ein viktig bidragsytar for BT sin digitale vekst dei siste åra.

– Han har verkeleg stått på og vore fantastisk, seier ho.

– Fekk han beskjed om å gå eller ville han gå sjølv?

– Eg vil ikkje gå inn på det. Han seier sjølv at han no går etter å ha vore nyheitsredaktør i fem år – og han har vore utruleg viktig for oss.

 

Sjefredaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen.

To endringar på kort tid

– På kort tid har det skjedd to store endringar i BT-leiinga ved at du blir sjefredaktør og at Vold sluttar som nyheitsredaktør. Kan me venta fleire endringar i BT-leiinga framover?

– Det vil eg ikkje seia noko om før eg har informert internt.

Vold går no til ei nyoppretta stilling.

– Me ser det er eit behov for å knytte eit tettare samarbeid mellom produktmiljøa og redaksjonen. Han har i praksis vore utviklingsredaktør, så når han går inn i den nye stillinga styrkar ein det miljøet.

Powered by Labrador CMS