Fredag klokka 11 vart dei tilsette i Bergens Tidende informert om at Frøy Gudbrandsen blir ny sjefredaktør i Bergens Tidende.
Det skriv også avisa på eigne sider.
– Ekstremt gøy
Ho har vore konstituert i stillinga sidan sjefredaktør og administrerande direktør Øyulf Hjertenes vart styreleiar i avisa og direktør for nyoppretta Schibsted Kyst i november.
Gudbrandsen har inntil no vore politisk redaktør i same avis, og har etter det Medier24 kjenner til vore sterkt ynskja som ny sjefredaktør.
– Dette er ekstremt gøy og skikkeleg stas, seier Gudbrandsen til Medier24.
Det er endå ikkje kjent kven som tek over som politisk redaktør.
Etter at BT, saman med Stavanger Aftenblad og fire lokale Schibsted-aviser, i november annonserte planane om vestlandsparaplyen Schibsted Kyst, går avisene frå éin til to leiarar, med ein sjefredaktør og ein dagleg leiar.
– Det er ikkje slik at eg er frikopla pengar og det kommersielle, men eg har no betre føresetnadar. No kan eg bruka meir tid og krefter på journalistikken, seier ho.
Vil laga betre journalistikk
Gudbrandsen har tidlegare vunne SKUP-diplom for «Asylbarna» i 2014. Ho har vore politisk redaktør i avisa sidan ho erstatta Frank Rossavik i 2015. 41-åringen hadde før det vore kommentator i tre år. Gudbrandsen har ein doktorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og bachelor i journalistikk frå University of Sheffield.
No vil Gudbrandsen gjera avisa endå betre.
– Eg trur ikkje lesarane vil merka ei tydeleg endring av journalistikken umiddelbart, men me har ambisjonar om å strekkja oss lengre og bli endå betre. Det er eg overtydd om at lesarane vil merka over tid, seier ho.
– Er det spesifikke område BT er nøydd til å bli betre på?
– Nei, eigentleg ikkje. Me har så sinnssjukt flinke folk, så alt ligg til rette. Det handlar om å stå på og ha ambisjonar om å bli betre.
Hjertenes sa til Medier24 19. november at stillinga vart lyst ut internt i Schibsted, før dei eventuelt gjekk ut med ei ekstern utlysing dersom dei ikkje fekk gode nok interne søkjarar.
Satsar på økonomijournalistikk
Bergens Tidende er landets største avis utanfor Oslo, og feira for eit drygt år sidan milepælen 80.000 abonnentar.
Nyleg gjekk BT, saman med Schibsted-avisene VG, Aftenbladet og Aftenposten, inn på eigarsida i E24 i det som blir ei stor satsing på økonomi og næringsliv. Konsernet varsla at dei skal tilsetja opp mot 30 nye økonomijournalistar.
– BT er på ein veldig bra stad no, og me kan få til skikkeleg mykje bra, seier ho til Medier24.
– Kva er dei største utfordringane ved journalistikken og jobben du no får?
– Eg trur ikkje BT sine utfordringar er annleis enn andre sine, men ein må sørgja for at ein held fram som økonomisk berekraftige. Me har kjempegode føresetnadar for å få det til, seier ho.