Kulturminister Trine Skei Grande (V) vil omfordele den statlege pressestøtta slik at dei små lokalavisene får meir. Dette skal dekke det ho omtalar som dei kvite flekkane på kartet. I praksis betyr dette lokalaviser som har under 6.000 i opplag. Det er ikkje klart korleis pengane skal fordelast, men truleg vil den nye ordninga gjelde dei fleste lokalavisene i Sogn og Fjordane med unntak av Sogn Avis og Firda.
I den fjerde største avisa i Norge, i Schibsted-eigde Bergens Tidende har dette falle i dårleg jord. På leiarplass skriv avisa at forslaget gir grunn til bekymring: «Lokalavisene er viktige, men har sjelden ressursene som skal til for å drive langsiktig, undersøkende journalistikk. Distrikts- og regionavisene har redaksjonelle miljøer som kan holde makten ansvarlig over tid. Det er disse mediene som skaper reelt mediemangfold i Norge, som alternativer til de nasjonale og «meningsbærende» mediene i Oslo.»
Leiaren i BT kan du lese her.
Bergens Tidende, som har fleire titals millionar kroner i mediestøtte på grunn av nullmoms, meiner altså at dei minste lokalavisene skal få mindre støtte, og at deira eigen millionbutikk bør styrkast. Dei største avisene skal få meir, mens dei små avisene skal svekkast.
I ein debatt i NRK Hordaland seier rett nok sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes, at han ikkje inkluderer si eiga avis i distrikts- og regionavisene som bør få meir støtte. Dette er ikkje nemnt med eit ord i leiarartikkelen, men til radiolyttarane seier Hjertenes at den rause omsorga gjeld aviser som Haugesunds Avis, Nordlys, Sunnmørsposten og Adresseavisen. Uansett er bodskapen at Bergens Tidende vil styrke store aviser på kostnad av dei små.
Vi er einige med styreleiaren i Landslaget for Lokalaviser (LLA) Tomas Bruvik som i det same radioprogrammet seier han opplever dette som eit direkte angrep på dei viktige lokalavisene våre. Kulturministeren har lagt fram ei handsrekning til dei som treng det mest, noko Bergens Tidende ikkje klarer å sjå på uten å reagere. Tanta i tårnet, i Media City Bergen, ser rett og slett ut til å vere misunnelege på lokalavisene, som for ein gongs skuld har fått nokre små kroner i statsstøtte. Dette er ikkje noko vakkert syn.
Det er også vanskeleg å henge med på påstanden om at det er distrikts- og regionavisene som skaper reelt mediemangfold. Over 200 lokalaviser over heile landet gjer oss til den mest avislesande nasjonen i heile verda. Dette er mediemangfold. Det høge talet har vi mellom anna på grunn av støtteordningar frå staten - støtteordningar som no skal gjerast endå betre.
I eit fylke som Sogn og Fjordane er ein god statleg mediepolitikk svært viktig. Bergens Tidende la ned det siste lokalkontoret her i 2013. Når vi får besøk av journalistar frå storavisa på Vestlandet er det journalistikk med bergensbriller som er resultatet. Det fungerer ofte heilt fint, men vi trur det har høg samfunnsverdi å ha journalistar over heile landet og også aviser som kjem ut andre stader enn i dei store byane. Stortingsmeldinga om mediestøtte tek innover seg dette, og slik bør det også bli. Politikarane bør ikkje høyre på sutringa frå Bergens Tidende.