Både Helse Vest og Helse Midt-Norge seier til Medier24 at responstida på innsynskrav vil bli lengre som følgje av arbeidsmengda koronapandemien fører med seg.
– Innsynskrav som krev mykje tid gir me eit standardsvar på at me ikkje klarar å handtera innan fristane me vanlegvis har, seier kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Norge til Medier24, og legg til:
– Det er vanskeleg å svara i eit tempo me gjerne skulle ynskja.
– Må eit system for å handtera det
Han fortel om både auka medietrykk og press internt i organisasjonen.
– Vanlegvis har me dei lokale og regionale media som er interessert i saker, men no har me ein nasjonal situasjon som gjer at riksmedia er opptekne av å henta ut mykje detaljert informasjon, seier Haukås.
Også Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør i Haukeland universitetssjukehus, fortel til Medier24 at det kan bli noko lengre responstid på presseførespurnader og innsynskrav som følgje av svært stort arbeidspress.
«Vi tilstreber alltid mest mulig tilgjengelighet og åpenhet samt å overholde lovpålagte frister, men erkjenner at dette kan bli utfordret i denne spesielle situasjonen, og ber om forståelse for det», skriv han i ein e-post til Medier24.
Nnyheitsredaktør Trond Olav Skrunes i Bergens Tidende er oppteken av at helseføretaka finn eit system for behandling av alle innsynskrava.
– Me må ha ei viss forståing for at ting tek lengre tid, men det er viktig at dokumentasjonen kjem oss i hende. Det er ein spesiell situasjon for dei, men innsynsførespurnader må bli behandla i ei tid som no – som blir langvarig. Då må ein ha system for å handtera det, seier Skrunes, og understrekar:
– Det er ikkje snakk om ei veke – men ein månad allereie – og dette vil halda fram i lang tid. Då må dei sjå på korleis dei kan løysa det, og at informasjonen pressa spør etter blir gitt. Det bør stå på agendaen deira.
Treige e-post-system
I Helse Midt-Norge har dei i tillegg utfordringar med journalføring som følgje av heimekontorjobbing, fortel kommunikasjonsdirektør Haukås.
– Det kan vera problematisk å få arkivert og journalført fortløpande – ikkje fordi det er gjort endringar på arbeidsrutinar – men fordi me har ei annan type kontorløysing, seier han.
– Kvifor blir det problematisk ved at de sit heime?
– Det kan vera at e-post-systemet er treigt, som gjer at ein ikkje får arkivert like godt som elles, og at ein av den grunn får ei forseinking og at ting må gjerast i etterkant.
Også i Bergen kan det bli forseinkingar i postlistene, fortel Vigander. I e-posten til Medier24 skriv han:
«Journalføringen går som normalt, men postlistene kan bli noe forsinkede.»
Sjefredaktør Arne Reginiussen i trondheimsavisa Nidaros har forståing for at ting kan ta lenger tid enn normalt, men meiner likevel det er viktig at pressa får innsyn i det offentlege.
– Me har sendt nokre innsynskrav, men det er for tidleg å klaga på at me ikkje har fått svar enno, seier han, og legg til:
– Eg meiner det er veldig viktig at me får innsyn. Me har hatt nokre utfordringar med St. Olavs hospital, kor dei viser til at dei legg ut ting på nettsidene sine når skjer noko nytt. Me tykkjer det er litt problematisk at dei ikkje svarar på direkte spørsmål – men viser til nettsidene, seier han.