– Etter vår oppfatning valte Lars Arne Nilsen, tydeleg, å stoppe intervjurunden før han kom til oss, seier Bergens Tidende-journalist og Ballspark-programleiar, Mads Bøyum.
Det var etter søndagens kamp mellom Brann og Strømsgodset at Bergens Tidende venta på intervju med trenar Lars Arne Nilsen på web-tv-sendinga Ballspark.
Programleiar Bøyum venta på Nilsen, men 54-åringen valte å ignorere Ballspark-redaksjonen.
– Brann har presisert etterpå at det ikkje handlar om ein boikott, men det er første gang han, som trenar, har valt oss bort. Det er eit val han får stå for, seier Bøyum.
Medienekt
Han er krass i kritikken av Brann si mediehandtering. Sportsjournalisten, som følgjer Brann tett, meiner det vert vanskelegare og vanskelegare å dekkje Hordaland sitt fotballflagskip.
– Brann har teke grep etter trenaren sine ynskjer, som har avgrensa våre moglegheiter til å gjere det me ynskjer. Dei siste vekene er på ein måten slutten av ei lang rekkje grep, seier Bøyum, og viser til at Brann valte å skjerme store deler, til tider heile, spelargruppa før den avgjerande kampen mot Rosenborg for halvannan veke sidan. Òg i forkant av kampen mot Strømsgodset var det restriksjonar.
Nilsen-tirade mot Bergens Tidende
Medieansvarleg i Brann, Gorm Natlandsmyr, seier til Medier24 at dei skal avgjere internt kven som skal svare på klubben sine vegner. Nilsen skriv følgjande i ein sms:
«Jeg ønsker å ha et godt forhold og åpent forhold til alle medier. Men Bergens Tidende utmerker seg ved å drive en spekulativ og uredelig journalistikk. Siste eksempel er nå på søndag da BT både på sin TV-sending og på Twitter påstod at jeg bare gikk og ikke ville snakke med dem. Det er helt feilaktig. Jeg snakket med min mediaansvarlig etter kampen for å forsikre meg om at alle medier som hadde meldt inn at de ville snakke med meg, hadde fått det de skulle ha. Det fikk jeg bekreftet og drar derfor hjem. Dette kan du få bekreftet ved å snakke med min mediaansvarlige. Det er noe som skjer med tilliten til Bergens Tidende når de gjentagende ganger opptrer uredelig.»
På ei rekkje oppfølgingsspørsmål, mellom anna om intervjunekt i forkant av den tittelavgjerande heimekampen mot Rosenborg i slutten av oktober, svarer Nilsen til Medier24:
«Dette er en avsporing og helt typisk BT. De har gått tungt ut med at jeg ikke vil snakke med dem, selv om det er beviselig feil. Og nå vil de som vanlig snakke om noe annet enn det saken dreier seg om.»
Hevdar Brann-trenaren snakkar usant
Sportssjef i BT, Tore Nilssen, stiller seg uforståande til kritikken frå Nilsen. På oppfordring frå Medier24 svarar Nilssen følgjande på e-post:
«Det er leit å høre at Lars Arne Nilsen har et feilaktig inntrykk av journalistikken til Bergens Tidende.
Det er også dumt at han i sin tirade kommer med fakta som ikke stemmer. Søndag meldte vi inn til Branns mediesjef, Gorm Natlandsmyr, at vi ønsket å snakke med Nilsen. Brann-trener Nilsen sier at dere kan få bekreftet av mediesjefen at dette ikke ble gjort. Det er kjedelig når vi sitter på sms der mediesjefen bekrefter at vi spurte om å få Nilsen i Ballspark. På Ballspark-sendingen fra søndag ser du også at vår reporter, Mads Bøyum, roper på Nilsen uten å få noen reaksjon.
Ellers er ikke Nilsen konkret i sin kritikk, så da blir det vanskelig å motgå. Vi skulle veldig gjerne ønsket at han kunne kommet med eksempler.»
Medier24 har sett sms-utvekslinga mellom Bergens Tidende og mediesjef i Brann, Gorm Natlandsmyr.
Slik forklarer Natlandsmyr hendinga:
– Det var ingen boikott frå Lars Arne si side. Han opplevde at han hadde gjort intervjua som var, og kunne gå i garderoben. Eg opplevde at me hadde gjort intervjua som var avtalt. Me blei obs etterpå at det var BT si papiravis som hadde intervjua Lars Arne, og ikkje Ballspark. Me etterlyste at dei kanskje kunne vore tydelegare, og på offensiven, på å få Lars Arne i tale. Han, på si side, kunne enkelt løyst det ved å oppsøke Ballspark. Både me i Brann og i BT kan med klokskap gjera diskusjonen overflødig i framtida. Ved neste kamp skal eg forvisse meg om at alle har snakka med dei dei ynskjer før me går kvart til vårt. Eg håpar at me leverer på forventningane til Ballspark neste kamp.
Meiner Nilsen køyrer over mediesjefen
Bøyum meiner Nilsen overstyrer medieansvarleg Natlandsmyr, ved å leggje føringar for kven BT skal få lov til å intervjue og ikkje.
– Det toppa seg før Rosenborg og Strømsgodset. Nilsen valte ut få enkeltspelarar som skulle vere tilgjengelege. Det er svært alvorleg at Brann sin trenar skal velje avisene sine kjelder og nektar spelarar, som kan vere interessante, å uttale seg, seier Bøyum.
– Det er trist for Brann at trenaren, i slik grad, kan styre klubben sitt medieopplegg når Brann har tilsett ein kompetent person til å handtere media. Det er vanskeleg for han å gjere jobben på ein god måte når trenaren har so mykje makt, seier han vidare.
– Er det ikkje din jobb å leggje Brann sin mediestrategi, Natlandsmyr?
– Mi gjer det i fellesskap, der me tek både sportslege- og medieomsyn. I veke 43 og 44 var det nokre avgrensingar som vart teken av sportslege omsyn, i dialog mellom meg og den sportslege avdelinga, seier mediesjef Gorm Natlandsmyr.
– Det er sjølvsagt ikkje meg åleine. Det gjer me i lag. Dei to vekene har me hatt viktige kampar, og det er skrive mykje i media. Alle er tilgjengelege på onsdag - òg sentrale spelarar.
Han avfeiar det heile som ei avsporing frå BT.
«Dette er en avsporing og helt typisk BT. De har gått tungt ut med at jeg ikke vil snakke med dem, selv om det er beviselig feil. Og nå vil de som vanlig snakke om noe annet enn det saken dreier seg om», skriv han i ein sms.
I telefonsamtale utdjupar han:
– Alle spelarane er tilgjengeleg i løpet av veka. Det er ingen som ikkje er tilgjengelege, men me meinte me må ha litt struktur og føreseielegheit før viktige kampar, med mykje media til stades. Dei (BT) må òg respektere at me må tenkje sportsleg. Det er ingen restriksjonar på kven som stiller, bortsett frå inn mot kampane, seier Nilsen.
– Forsøk på å styre informasjonen
Bergens Tidende-journalist Mads Bøyum meiner søndagens hending er ein mindre del av ei utvikling der Brann vert meir og meir lukka for media.
– Det er gjort steg på vegen, som Brann nok meiner skal gi dei betre kontroll på kva som kjem i media. BT oppfattar desse grepa som forsøk på å styre informasjonen som kjem frå Brann.
– Det er ikkje farleg å uttale seg. Dette er fotball, underhaldningsbransje og idretten treng drahjelp frå media.
– Kritiser meg, men ver redeleg
Vidare legg han til at Brann i det lange løp tener på mediedekning i form av engasjement og følgjeleg billettsal.
Det er trenar Nilsen einig i.
– Det er viktig for Brann å ha ei god mediedekning. Ein journalistikk som ikkje er spekulativ og som ikke tek i bruk uredelegheit slik BT gjer. Media er viktig for å skape engasjement, merksemd og auka billettsal. Ser BT kritiserer meg og det er greit, men ver redeleg.
Ynskjer profesjonalitet frå media
For ytterlegare svar, viser Natlandsmyr til dagleg leiar Vibeke Johannessen. Ho svarar følgjande på e-post til Medier24:
«Hverdagen krever kanskje noe mer av journalistene som følger Brann. Det vi ønsker er profesjonalitet og at de skal melde fra om de kommer på Stadion og hvem de vil snakke med slik at vår mediesjef kan leggje tilrette for dette. I perioder hvor volumet øker må vi vurdere totalen av aktiviteten til de ansatte. Media, sponsoroppdrag, deltakelse på samfunnsprosjekter og øvrige aktiviteter i tillegg til treningshverdagen.»
– Hvordan opplever dere forholdet mellom Brann og BT for tida?
«Forholder mellom parter som møtes ofte som Brann og BT vil variere i perioder. Vi søker å ha et profesjonelt forhold til BT og øvrige medier som følger Brann. Det er ikke alltid selvsagt at personer i Brann opplever seg godt behandlet av representanter fra media når det gjelder gjengivelse av samtale og intervju. Da er vi ærlige og melder fra om det.»
Johannessen gjentek bodskapen om at Brann er tent med god mediedekning, og at alle spelarar har vore tilgjengelege for media etter trening og kamp seks dagar i veka. I veke 43 og 44 gjorde dei unntak for å sikre best mogleg førebuing før viktiga kampar, skriv Johannessen.
Til orientering: Medier24-journalist Ole Alexander Saue arbeidde tidlegare i år med å dekkje Brann sine heimekampar for Nettavisen. Ole Gunnar Onsøien har difor utført alle intervju med representantar frå Brann.