Jens Kihl er kommentator i Bergens Tidende og leiar i Bergen Journalistlag. Her som klubbleder i Klassekampen på NJ sitt landsmøte på Fornebu i mars 2017.
Jens Kihl er kommentator i Bergens Tidende og leiar i Bergen Journalistlag. Her som klubbleder i Klassekampen på NJ sitt landsmøte på Fornebu i mars 2017.

Bergen Journalistlag vil stoppe NJ-deltaking i «Pressens Hus»

– Landsstyret har tidlegare fatta eit vedtak om å ikkje gå vidare med det, men likevel rullar det og går. No må me rydde opp, seier Jens Kihl i Bergen Journalistlag.

Publisert

Denne veka vart det vedteke av styret i Bergen Journalistlag at dei ikkje ynskjer at Norsk Journalistlag blir med vidare i prosjektet med «Pressens Hus».

I ei fråsegnsframlegg til NJ-landsmøtet i mars, skriv Bergen Journalistlag:

«NJ skal ikkje delta i arbeidet med Pressens hus

NJ er profesjonsorganisasjonen for norske journalistar, og har derfor eit særleg ansvar for å vere fri og uavhengig. Som fagforeining representerer NJ våre medlemer overfor ei rekkje partar, men særleg i møte med arbeidsgjevarsida. Desse rollene er ikkje foreinelege med å halde til under same tak som vår motpart i tariffarbeid, og NJ vil derfor trekkje seg ut av arbeidet med Pressens hus.»

– Absurd

Overfor Medier24 utdjupar lokallagsleiar Kihl:

– NJ er ei fagforeining i ein spesiell situasjon, fordi me er fagforeininga for journalistar. Det gjer at me har ekstra utfordringar når det gjeld å vere heilt uavhengig og fri. Me skal vere veldig varsame med kva samarbeid me inngår, kven me jobbar og deler kontor med.

Han legg til:

– MBL er vår allierte i mange saker, men det er òg vår motpart i forhandlingar og arbeidskonfliktar. Å dele kontor med MBL i ein streikesituasjon, verkar for meg heilt absurd.

Leiar i Norsk Journalistlag, Hege Iren Frantzen, ynskjer ikkje å kommentere saka før det vert behandla.

Hege Iren Frantzen og Dag Idar Tryggestad under landsstyremøtet i NJ, juni 2018.
Hege Iren Frantzen og Dag Idar Tryggestad under landsstyremøtet i NJ, juni 2018.

 

– Påverkar integriteten

No skal saka takast stilling til av arbeidsutvalet (AU) på AU-møtet 15.-16, januar, før landsstyret skal behandle det 30. og 31. januar. Forslaga skal deretter behandlast på landsmøtet 26.-28. mars.

På landsmøtet i mars 2018, vart det vedteke at AU ikkje forpliktar seg til nye kostnadar i samband med Pressens Hus, så lenge di er bundne av kontrakten i Brugata, som går ut i 2023.

Kihl reagerer på at det stadig vert arbeidd med prosjektet, og at NJ ikkje har teke ordentleg standpunkt.

– Landsstyret har tidlegare fatta eit vedtak om å ikkje gå vidare med det, men likevel rullar det og går. No må me rydde opp. Dei vala som NJ sentralt tek, om til dømes kven ein skal bu saman med, påverkar integriteten og sjølvstendet til alle organiserte journalistar i Norge, seier han.

 

Kritikk frå veteranar

Kihl er langt frå den første som går hardt ut mot ei NJ-deltaking i Pressens Hus. I eit innlegg på Medier24 i vinter skreiv NJ-veteranane Stein Sneve, Finn Våga og Thomas Spence at prosjektet også er «økonomisk galematias», i tillegg til dei prinsipielle utfordringane det fører med seg.

Slik svarte AU, ved Hege Iren Frantzen, Dag Idar Tryggestad, Pål Hellesnes og Britt Ellen Negård, på kritikken.

Kihl er langt frå imponert over argumentasjonen for prosjektet.

– Det er to forteljingar som går. Den eine er at me skal samarbeide tett og godt og dra nytte av kvarandre. Då får me eit slikt samkvem som er tetare enn me burde. Det andre er at me ikkje skal ha fellesfunksjonar og vasstette skott, men då forsvinn poenget, seier han, og legg til:

– Spørsmålet skal ikkje reduserast til å handla om økonomi, om det er praktisk, og kort gangavstand. Det må handle om det prinsipielle. Det er difor me har lyst til at landsmøtet tek stilling til det ein gang for alle, seier Kihl.

Powered by Labrador CMS