Bergensavisen feirar prisdryss under fjorårets «Gullparaplyen».

Bergen Journalistlag avlyser Gullparaplyen

Tek grep som følgje av koronasmitte. Over 150 var venta til priskvelden fredag neste veke.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Bergen Journalistlag (BJ) opplyser fredag ettermiddag at Gullparaplyen, som er planlagt arrangert på Hotel Norge i Bergen om ei veke, vert avlyst som følgje av koronaviruset.

– Me har gått nokre rundar. Det er veldig kjipt, seier leiar i BJ, Jens Kihl, til Medier24.

– Me ser no at dette ville blitt ein veldig amputert fest. Det vil vera mange som ikkje vil eller kan, koma, seier han vidare.

No er dei i dialog med hotellet om ein ny dato over sommaren.

 

Over 150 påmelde

Kihl presiserer at det ikkje handlar om akutt frykt for smittespreiing, men om å vera solidarisk i ei dugnadstid.

– Skal me først ha ein god prisfest bør alle ha lik moglegheit til å delta, seier han.

Leiar Jens Kihl i Bergen Journalistlag. Han er politisk kommentator i Bergens Tidende.

– Har det vore mange uroa dei siste vekene?

– Det har vore meir spørsmål om kva som skjer, seier han.

Vidare seier Kihl at dette likevel ikkje er ei oppmoding til andre konferansearrangørar, men at dette er ei vurdering BJ har teke.

Konferansen hadde i fjor om lag 150 påmelde, og det var i år venta litt over det.

Prisane som vert delt ut under Gullparaplyen er årets foto, årets enkeltartikkel, årets video, årets lokale sak, årets prosjekt, årets studentpris, årets unge talent, Gullparaplyens hederspris og – ikkje minst – Gullparaplyen.

 

– Ei rekkje førespurnader

På arrangementet skriv Bergen Journalistlag følgjande fredag ettermiddag:

«Vi har i går og i dag fått en rekke henvendelser fra flere mediehus om dette og derfor rådført oss med andre. Selv om utbruddet ikke er farlig for de fleste av oss, gjør vi dette i solidaritet med dem som risikerer alvorlig syndom ved smitte.

Gullparaplyen blir altså ikke avlyst, men utsatt. De nominerte er fremdeles nominerte og vi gleder oss til å gjennomføre prisutdelingen. Ny dato kommer. For dere som har kjøpt billett, så gjelder den. Det vil komme informasjon om refusjon av billetter, dersom noen skulle ønske det.»

Torsdag skreiv Medier24 og Journalisten om uroa mediekonsern som vurderer si deltaking på gravekonferansen Skup (Stiftelsen for en kritisk og undersøkende presse) i Tønsberg siste helga i mars, som følgje av koronafrykt.

Det skapte uro i Skup-styret, som fredag samla seg for eit aldri så lite krisemøte. Der kom dei fram til at det er praktisk umogleg å utsetja konferansen.

Styreleiar Silje Sjursen Skiphamn i Skup seier til Medier24 at det heller ikkje er grunnlag for å utsetja då verken Folkehelseinstituttet eller kommunelegen har tilrådd det.

Powered by Labrador CMS