Den tidligere NRK-journalisten Mikal Olsen Lerøen stakk av gårde med hovedprisen Gullparaplyen, da Bergen Journalistlag delte ut prisene for den beste journalistikken i regionen fredag kveld.
Lerøen får prisen for boken «Pappas siste reis», som er basert på NRK Brennpunk-dokumentaren med samme navn.
Han jobber til daglig som emneansvarlig ved UIBs journalistutdanning.
Juryens begrunnelse:
Dette er dramatisk verdshistorie, men det er også norsk og vestlandsk historie. Her har journalisten henta fram noko djupt privat for å fortelja ei viktig og personleg historie. Ei svært vond historie. Og ho er verkeleg godt fortalt.
Dette er journalistikk i stort format, både i innhald og omfang.
Omfattande graving og dokumentasjon avslører korleis norske myndigheiter bidrog til at norske reiarar til å segla under krigen mellom Iran og Irak, medan andre nasjonar let vera. Norske reiarar vart rike på praksisen, og boka viser kven som betalte den fatale prisen. Ved hjelp av detaljert kjeldearbeid kan journalisten fortelja levande frå både dramatiske hendingar og kvardagsliv.
Dette er vorte historia til dei moderne norske krigsseglarane.
Juryen er imponert over at ein som mista far sin i «The Tanker Wars» er den som har skapt dette slåande verket, og han har gjort det på eiga hand. Dette er journalistikk drive av hjarta og det er umogleg ikkje å verta gripen på vegen.