Sjefredaktør i Bergensavisen, Sigvald Sveinbjørnsson, debattleiar Hilde Sandvik og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.Ole Alexander Saue
Kampen om byen:
BA-redaktør Sveinbjørnsson: – Ikkje med på at Bergens Tidende er ei lokalavis
– Dei er ei regionavis, sa Bergensavisen-redaktør Sigvald Sveinbjørnsson om Bergens Tidende, som vart kåra til «Årets lokale nyhetsnettsted» for under to veker sidan.
Måndag kveld inviterte Bergen Journalistlag sjefredaktørane Øyulf Hjertenes og Sigvald Sveinbjørnsson i høvesvis Bergens Tidende og Bergensavisen til debatt om kva som er Bergen si beste avis.
– Dette stikk djupt – det er vanskeleg, men eg må seie det: Bergensavisen har hatt ei god utvikling med Sigvald som redaktør. Dei har høgare temperatur i dekninga, og entusiasmen verkar å vere større enn den var, sa sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes, innleiingsvis.
Debatten vart leia av Hilde Sandvik, som er tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende, og no styremedlem i Bergensavisen-eigar Amedia. Ho er òg sjefredaktør i Broen.xyz.
– Det Øyulf har gjort med BT er å gjere det til ei tydelegare regionavis enn dei var under Gard Steiro. Dei har meir stoff frå heile fylket, og meir frå Vestland – som dei har vore for, og som me har vore imot, sa han.
Den fritalande redaktøren i BA sa vidare om konkurrenten:
– Eg er ikkje med på premissen om at Bergens Tidende er ei lokalavis. Dei er ei regionavis.
– Hadde vore jævlig gøy
Sjølv meiner Hjertenes det regionale perspektivet er vel så viktig for BT.
– Bergen er ikkje berre Bergen. Det er Os, Askøy, Nordhordland. Bergen kommune sin definisjon av Bergen er eg ikkje med på. Det regionale perspektivet er viktig for Bergen. Me skriv ikkje om Nordhordland fordi dei som bur der bryr seg om det, men fordi det er relevant for dei som bur i Bergen òg.
– Det hadde vore jævlig gøy å få den inn i BT, sa Sveinbjørnsson.
Meiner Sveinbjørnsson misforstår
Sjefredaktør Hjertenes i BT sa deira oppgåve er å halda makta i Bergen ansvarleg, og å vere ein arena for debatt og meiningsbrytning.
Han haldt fram:
– Me vil nå ut nasjonalt, og setje lys på kva utfordringar samfunnet har. Trass vanskar, har me til dømes satsa på Sysla, som bidreg til å setje lys på næringslivet i regionen.
– Klarar Øyulf dette? spurde Sandvik.
– BT gjer det bra, og får gode resultat. Dei er ei god avis, det er ingen tvil om det, sa Sveinbjørnsson litt nølande.
Vidare haldt BA-redaktøren fram:
– Eg slit litt med at Bergens Tidende skal vere stemma frå Vestlandet inn mot hovudstaden.
Hjertenes meiner Sveinbjørnsson misforstår målet til BT. Han påpeiker likevel at avisa ynskjer å løfte stemmer ut frå regionen.
– I tillegg skal me lage journalistikk som beskriv verkelegheita, til dømes næringslivet, her. Det er ikkje Dagens Næringsliv i stand til, då dei er sentrert rundt Aker Brygge i Oslo, sa han.
Sandvik lurte vidare på om det er eit problem at Hjertenes er for lite til stades i byen.
– Kva meiner du? Eg meiner eg er der, eg, sa Hjertenes.
– Eg er ofte i byen, men eg ser sjeldan deg, repliserte Sandvik.
– Eg skulle ynskje eg kunne vere til stades på fleire arenaer. Men eg er på dei arenaene der folk i Bergen er – der eg bur, sa Hjertenes.
Deretter retta ho spørsmålet til Sveinbjørnsson:
– Er du litt for mykje til stades i byen?
– Ja, det er eg heilt sikkert i blant. Men eg tykkjer det er gøy, eg. Å vere her, til dømes, sa han.
Hjertenes med sjølvkritikk
Sveinbjørnsson og Hjertenes fekk spørsmål om dei meiner det er viktig med ei lokalavis som «heiar» på lokalsamfunnet.
Der var dei to redaktørane meir samstemte.
– Å seie at alt er flott, fint og kjempebra er ikkje i lengda bra, sa Sveinbjørnsson.
Hjertenes la til:
– For meg er det å ha ei førehandsbestemt haldning til det du skal gjera. Det er ikkje god journalistikk. Det sanningssøkjande er viktigare, sa han.
Han ville ikkje trekkje påstandane, men kom med ei erkjenning:
– Det er ikkje alt der som var så elegant formulert. Det såg ut som me sette oss sjølv over andre. Det var feil, og det var ikkje slik meint.
Likevel presiserte han at han stadig står for innhaldet i leiaren:
– Dei norske distriktsavisene er veldig viktige i sine samfunn. Dei må ha ressursar til å halda makta i nakken.
– Naudsynt å lese begge
Innleiingsvis, før debatten gjekk i gang, var forfattar Gunnar Staalesen invitert til å snakke om sine avisvanar og korleis han ser på den bergenske avisduellen.
Han her, som han sjølv sa med eigne ord, som representant for den døyande rasen – papiravislesaren. Staalesen har vore bevisst avislesar sidan 1960-talet.
– Som research for mi forfattarverksemd meiner eg det er heilt naudsynt å lese begge.
Staalesen les begge kvar einaste dag, nærast perm til perm, sa han.
– Det er veldig viktig for Bergen med to aviser i byen. Ein er nøydd til å ha to stader der ein får inn debattinnlegg. Begge får inn mange, og nokre vert refusert. Då er det eit lite håp om å få det på trykk i den andre avisa, sa han med glimt i auga.
Vidare sa han:
– Kommentatorstoffet er det eg les med mest interesse. BA og BT har kvar si profil, der BT er meir riksretta, og ein god del av deira kommentarartiklar kunne stått i riksaviser. BA har ein litt meir lokal og folkeleg stil.
Vidare retta Staalesen kritikk mot avisene si manglande kulturdekning, som han meiner det vart satsa meir på tidlegare år. Han kom med ei klar oppmoding til redaktørane som sat og høyrde på: