Mia Svele og pappa Bent Svele på Ullevål stadion.Vidar Ruud / NTB scanpix
TV 2-ekspert Bent Svele kommenterer kampane til si eiga dotter: – Aldri fått klager
– Slektskapet far-dotter høyrast veldig tett ut, meiner dosent Fritz Leo Breivik ved Nord universitet. – Vert løyst på ein hyre profesjonell måte, svarar TV 2.
Onsdag spelte Fredrikstad mot Storhamar Håndball i Kongsten idrettshall i Rema1000-ligaen. På banen sto Storhamar-spelar Mia Svele. I kommentatorbua sat pappa og TV 2-ekspert Bent Svele, saman med sin makker Harald Bredeli.
– Oi.
Slik reagerer Fritz Leo Breivik ved Nord universitet på relasjonen når Medier24 tek kontakt. Han er dosent og underviser i journalistikk på universitetet.
– Handlar om truverdet
– Slektskapet far-dotter høyrast veldig tett ut. Eg ville vore skeptisk til ei slik rolleblanding. Det handlar om truverdet. Når dottera speler på laget, vert han inhabil – ikkje berre overfor ho, men heile laget og kampen, seier han vidare.
– Men kva om dei opplyser om relasjonen?
– Når dei først vel å bruke han, er det veldig bra dersom dei opplyser om tilknytinga. Det gjer at lyttaren og sjåaren kan ta det me i betraktninga. Men sjåaren sit ikkje og hugsar alt dette – i kvar situasjon og kvart ord som vert sagt. Ver Varsam-plakaten er veldig tydeleg på dette med integritet, held han fram.
TV 2-eksperten meiner sjølv han opplyser om relasjonen i «95 prosent av gongane». Han har kommentert kampar kor dotter medverker ved fleire høver, ifølgje han sjølv.
– Det har aldri blitt lagt skjul på. Alt og alle i handballmiljøet er klar over relasjonen, og eg har aldri fått klager på det, seier han.
– Klarar du å halda deg objektiv?
– Dette er redaksjonelle vurderingar som Vegard Jansen Hagen og leiinga i TV 2 Sporten har teke. Om dei meiner eg ikkje hadde gjort det reknar eg med eg hadde blitt teken av lufta, seier Svele.
«Unngå interessekonfliktar»
Medlem i Pressens Faglege Utval (PFU) og journalist i Agderposten, Liv Ekeberg, peiker på Ver Varsam-plakaten punkt 2.2, kor det står:
«Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.»
– Det stiller eg meg undrande til om TV 2 har vurdert, seier ho.
Ho samanliknar det med om ein børskommentator skulle analysert eit selskap kor hans bror var administrerande direktør.
– Då trur eg ryggmergsrefleksen ville slått inn kjapt, seier ho.
– Er alle relasjonar innanfor, så lenge ein opplyser om det?
– Det er eit godt poeng. Sjølv om ein opplyser om det, er det greitt? Det er redaksjonen som må vurdere, om dei set eige truverd i spel ved likevel å la ein person kommentere, eller skrive om, ein sak med så nær relasjon.
– Sparkar opp opne dører
Sportsredaktør i TV 2, Vegard Jansen Hagen, forklarar vurderingane slik i ein e-post til Medier24:
«Når det gjelder Bent Svele og hans rolle som håndballekspert når hans datter Mia spiller for Storhamar er dette en situasjon vi har hatt i to år nå. Vi har fortløpende evaluert situasjonen og gjort våre vurderinger. Vårt inntrykk er at Bent Svele løser denne utfordringen på en uhyre profesjonell måte. Det er ingen hemmelighet at Mia er hans datter og dette har vært gjort klart for seerne ved en rekke anledninger. I løpet av to sesonger har vi ikke fått klager fra verken publikum eller håndballmiljøet. Det forteller at det som er åpenhet rundt svært sjeldent utgjør et problem. Fremfor å sparke inn åpne dører burde gjerne vi i pressen bruke vår tid på å finne ut hva som gjemmer seg i skyggene av skjulte bindinger, dobbeltroller og agendaer?»
TV 2-redaktøren meiner kanalen er på trygg runn som følgje av openheit rundt relasjonen.
No rullar dei nemleg ut ein levande oversikt over alle kanalen sine sportsekspertar om kva bindingar og roller dei har. Det er noko kanalen har tenkt på ei stund, og som igjen vart aktualisert av langrennsekspert Petter Northug sin ferske avtale med Skiforbundet.
«Til spørsmålet om VVP 2.2: De grep vi gjør nå er nettopp for å verne om troverdigheten, og unngå spekulasjoner om integritet, gjennom full åpenhet og innsyn. I tillegg står det i VVP 2.3 "Vis åpenhet om bakenforliggende forhold som kan være relevante for publikums oppfatning av det journalistiske innholdet" og det er nettopp det vi gjør gjennom vår policy», skriv han.
– Lever av tillit
I e-posten skriv Jansen Hagen:
«De opplysningene som ligger til grunn for våre redaksjonelle vurderinger skal være fritt tilgjengelig for publikum og til enhver tid synlig fra veien. Alltid og uten unntak. Det er publikums tillit vi lever av, og det er denne tilliten vi bygger gjennom å levere maksimalt også på innsyn.
Vi ruller derfor i dag ut en oversikt over våre eksperters roller, bindinger og relevante relasjoner. Dette er et levende dokument vi oppdaterer fortløpende og som blir lenket til i alle saker der ekspertene våre er involvert. Vi vil i tillegg oftere nevne disse forholdene på luften under direktesendt sport, også her med henvisning til den uttømmende oversikten på nett. Vi skjerper i tillegg den interne bevisstheten rundt temaet. Blant ekspertene og i redaksjonsledelsen. Og vi tydeliggjør hvem som er TV 2s eksperter på området og hvem som er våre gjester invitert på bakgrunn av kunnskap og erfaring.»