Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen, og avtroppande politisk redaktør Kato Nykvist.Ole Alexander Saue og TUN Media
Mannefall i Nationen: Åtte personar ut døra og nedgradering av politisk redaktør
Heile åtte av 27 i Nationen-redaksjonen sluttar – i tillegg gjer avisa store endringar i leiinga. Politisk redaktør Kato Nykvist blir reindyrka kommentator.
I november skreiv Medier24 at Nationen måtte kutta i redaksjonen, utan at sjefredaktør Irene Halvorsen kunne røpa kor mange som måtte gå.
No er det klart at seks personar har fått innvilga sluttpakke, i tillegg til at ytterlegare to sluttar. Dermed har avisa mista åtte redaksjonelt tilsette den siste tida.
– Det er ein trist og krevjande situasjon, men det var naudsynt å gjennomføra nokre grep. Me lukkast med mykje, aukar digitale abonnentar, og snusar på eit opplag me ikkje har vore på sidan 2006 – men me veks ikkje fort nok for å ta igjen dei omfattande endringane regulatorisk, politisk – med pressestøtte og distribusjon, og i lesarmassen. Kvar for seg er desse utfordringane store, seier Irene Halvorsen til Medier24.
Desse har slutta i Nationen:
Sivert Rossing (journalist, tok ikkje sluttpakke)
Svein Egil Hatlevik (journalist)
Christiane Jordheim Larsen (journalist)
Michael Brøndbo (kommentator)
Tone C. S. Thorgrimsen (journalist)
Erik Vestgård (desksjef)
Eva Kjelstrup (deskjournalist)
Jon Haaland (deskjournalist, tok ikkje sluttpakke)
Halvorsen fortel at papirdesken er utkontraktert til Agderposten.
– Me må møta endringane ved å påskunda den digitale transformasjonen. Difor har me utkontraktert papirdesken. Den praktiske utteikninga av avisa vil no bli gjort av Agderposten Grafisk. To årsverk (Vestgård og Kjelstrup, journ. anm.) var knytt til papirdesken og desse to er innvilga sluttpakke. I tillegg hadde me innleigd arbeidskraft her, seier ho.
Nationen har også gjort betydelege endringar i leiinga. Deler av omorganiseringa vart kjent først på eit allmøte onsdag.
Politisk redaktør Kato Nykvist blir reindyrka politisk kommentator.
Nyheitsredaktør Svein Ove Hansli får ansvar for personal- og administrativ leiing for nyheiter og kommentar.
Publiseringsleiar Monika Aaserud rykker opp og blir utviklingsredaktør.
– Nationen samlar administrasjon og personalleiing på færre personar og frigjer tid og krefter til å jobba med innhald, seier Halvorsen til Medier24. Dei har i tillegg lyst ut stilling som politisk journalist.
Medier24 har vore i kontakt med Nykvist om hans nye stilling. Han ynskjer ikkje å kommentera saka, og viser til sjefredaktør Halvorsen.
På spørsmål om stillingsbytet var noko Nykvist sjølv ville, svarar Halvorsen:
– Det er viktig for Nationen å ha sting politisk, og då må me ha kraft til journalistikk og kommentatorverksemd. Dette grepet gjer me for å ha meir tid til kjeldepleie, reising og skriving.
Klubben ikkje involvert i omorganisering
Fungerande klubbleiar Benjamin Hernes Vogl i Nationen seier til Medier24 at klubben ikkje var involvert i omorganiseringa, og at dei tilsette vart informert først onsdag.
– Klubben har ikkje hatt noko innverking når det gjeld detaljane i korleis leiinga har lagt denne delen av leiarkabalen. Me har tidlegare vore tydelege på at det har vore ei skeiv fordeling mellom talet på skrivande journalistarr og talet på leiarar. Me har etterlyst ei meir balansert fordeling når det gjeld leiing og journalistar, seier han, og legg til:
– Når det sluttar fleire journalistar i redaksjonen er det naturleg at redaksjonsklubben ynskjer at leiinga vert slanka. Me registrerer at det vert teke grep. Kva redaksjonen oppnår med dette grepet, er det vanskeleg å seia noko om på noverande tidspunkt. Det må me venta med å erfara.
– Ingen fare for å gro igjen
Hernes Vogl i Nationen meiner det er for tidleg å seia korleis avisa vil merka kutta framover.
– Men det er vanskeleg at kollegaer ikkje vert prega av at så mange går. Fleire av dei som har slutta har vore her ei god stund, seier han til Medier24.
– Me har ope kontorlandskap, så på Nationen-språk betyr dette færre journalistar i fjøset og ute på beitet – dermed trur ikkje det er fare for at redaksjonen gror igjen med første, seier han og peiker på tomme båsar i kontorlandskapet.
Han seier at det vart opna for sluttpakketilbod til alle tilsette etter drøftingsmøte mellom redaksjonsklubben og leiinga i avisa.
– Hadde de sett føre dykk at så mange kunne risikera å gå ut dørene?
– Det er ein risiko når ein opnar for ei slik løysing. Det er eit spørsmål som må rettast til leiinga, som har teke avgjersla, seier Hernes Vogl.