251 Little Falls Drive er hovudkontoret til CSC Global. Her er adressa NHST sine globale publikasjonar er registrert på. Innfelt er logoane til dei ulike selskapa.

Dagens Næringsliv-eigar NHST har fleire selskap i skatte­paradis

– Veldig uheldig, meiner Tax Justice Network Norway. – Det er ingen skattemessige grunnar til dette, seier NHST-direktør.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Den siste tida har DN sett søkelyset på Equinor si verksemd i USA, og fredag kunne dei melda at Equinor sitt USA-pengesluk er registrert i skatteparadiset Delaware i USA.

Equinor er registrert på adressa 251 Little Falls Drive, i likskap med fleire tusen andre selskap, skriv avisa. Der har CSC Global, som hjelper til selskap med registrering og organisering av selskap, hovudkontor.

No viser det seg at Dagens Næringsliv og Morgenbladet sine eigarar, NHST, sjølv har selskap registrert i skatteparadiset Delaware, ifølgje opplysingar Medier24 har fått frå delstaten sin selskapsdatabase.

Delaware er kjent for svært låge skattar og stor grad av hemmeleghald.

– Moglegheiter for skatteplanlegging

Gjennom det Delaware-registrerte selskapet NHST Holding USA eig dei NHST Global USA, som har avdelingar i tre ulike delstatar i USA.

NHST sine globale publikasjonar – TradeWinds, Upstream og IntraFish – driv alle verksemd i høvesvis Texas, Washington og Connecticut.

– Me er klar over at ei slik organisering er bransjestandard i USA, men me meiner at dette er veldig uheldig, seier Ingrid Hjertaker i Tax Justice Network Norway til Medier24.

Ho seier Delaware har ein hemmelegheitsjurisdiksjon som har veldig liten grad av openheit og få krav til registrering i selskapsregisteret.

Ingrid Hjertaker i Tax Justice Network Norway.

– NHST kunne vald seg delstatar med meir openheit kring eigarane. Det gir moglegheiter for skatteplanlegging. Det kan ver NHST har betalt skatt i delstatane verksemda føregår, men det er grunn til å spørja korleis dei er organisert, legg ho til.

NHST: – Skattar der me opererer

Trond Sundnes, administrerande direktør for NHST Global Publications, forklarar til Medier24 at NHST hadde ein kompleks selskapsstruktur fram til 2016, og at dei endra til dagens organisering etter råd frå konsulentselskapet Deloitte.

– Då vart det gjeve råd om denne strukturen me ser no, med to selskap i Delaware. Det eine har filialar i Seattle, Stamford og Houston seier han til Medier24, og legg til:

– NHST skattar overalt der me opererer. Det er ingen skattemessige grunnar til dette.

– Tax Justice Norway meiner de kunne vald ein delstat med meir openheit. Kva vurderingar har de gjort der?

Direktør for NHST Global, Trond Sundnes.

– Me er registrert med filiar og betalar skatt i delstatane med aktivitet. I tillegg er me opne om eigarskap og at NHST Media Group eig 100 % av selskapet, seier Sundnes.

– Er det eir paradoks at eit medieselskap, som jamleg rettar eit kritisk søkjelys på liknande forhold, også har selskap registrert i skatteparadis?

– DN sin journalistikk er styrt av DN sine redaktørar, og ikkje eigarselskapet NHST. Dei står fritt til å dekkja det dei føler for å dekkja, og så tviler eg på at nokon i DN var klar over at NHST hadde selskap registrert i Delaware.

DN omtalte ikkje NHST-selskap i Delaware

Bård Glad Pedersen, informasjonsdirektør i Equinor, har alt påpeikt at NHST har selskap registrert i Delaware i eit lesarinnlegg i DN.

«Hvorfor DN ikke skriver dette, vet jeg ikke. Det passet kanskje ikke inn i saken», skriv Glad Pedersen.

Pressetalsmann Bård Glad Pedersen og konsernsjef Eldar Sætre i Equinor.

– Det hadde ikkje vore unaturleg at dei fortalde kor vanleg dette er, illustrert med at morselskapet deira sjølv har selskap der. Eg kritiserer ikkje at NHST har selskap registrert i Delaware, og kvifor dei ikkje omtalte det vil eg ikkje spekulera i. Det får dei svara på, seier Glad Pedersen til Medier24.

– Eg klarar heller ikkje å sjå det i NHST sin årsrapport, men det er mogleg dei har rapportert det ein stad. Ein finn det i Delaware sin selskapsdatabase, legg han til.

– Kva tenkjer du om deira tilsynelatande manglande rapportering om Delaware i sine årsrapportar?

– Det er opp til dei å vurdera kva rapportering dei skal ha. Det legg ikkje eg meg opp i. Men sidan DN har take opp spørsmål knytt til openheit i rapportering er det verd å nemna at me i vår rapportering opplyser kva selskap me har registrert i Delaware.

DN har seinare lagt inn ein setning om sine selskap registrert i Delaware.I tillegg har dei lagt inn ei lang rekkje presiseringar i ein artikkel kor Ap-politikar Marianne Marthinsen reagerer på Equinor sin bruk av Delaware.

– Eg meiner det var feil at me ikkje fekk imøtegå og svara på det som vart sagt i intervjuet dei trykte den laurdagen. Det tok me opp med DN den dagen, og det leia til både ei betydeleg endring i nettsaka og beklaging. Det er bra, seier Glad Pedersen.

Visste ikkje at NHST var i skatteparadis

Det er etikkredaktør Gry Egenes i Dagens Næringsliv som svarar for DN si Equinor-dekning.

«Vi i DN var ikke kjent med at også vår eier NHST har tre selskaper registrert i Delaware. Vi la inn det som en faktaopplysning nederst i sakene da vi ble kjent med det», skriv ho i ein e-post til Medier24.

På spørsmål om DN gjekk langt nok i å kontrollera fakta rundt Equinor sine selskap i Delaware før publisering, svarar Egenes:

Redaktør for metode og etikk Gry Egenes i Dagens Næringsliv.

«I begge artiklene hun (Marthinsen, journ. anm.) kommenterer har Equinor svart på og kommentert de faktiske forholdene, så ja, faktaene er sjekket. Når det er sagt mener DN det er god skikk at selskaper og personer får svare sine kritikere når kritikken publiseres. At kritikken ikke ble sendt over før publisering, er det vi har beklaget overfor Equinor.»

Vidare skriv ho:

«DN vil understreke at Marianne Marthinsen var kjent med Equinors svar før hun kommenterte og lot seg ikke berolige av dem. Tvert imot. Som det fremgår av intervjuet synes hun svarene var dårlige. DN har derfor ikke endret noen av Marthinsens kommentarer, selv om Equinor er uenig med henne. DN mener det må være stor takhøyde i den politiske debatten rundt Equinor.»

Powered by Labrador CMS