Presisering: Det vart først skrive at Alf Bjarne Johnsen har medverka i VG sitt granskingsarbeid. Det er ikkje riktig. Han er omtalt i den, og var kollegial støtte for journalist Lars Joakim Skarvøy. Medier24 beklagar.
Torsdag skreiv Journalisten at PFU-klaga mot VG frå kvinna på dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan i februar, Sofie, vert behandla på første møte etter sommaren, 28. august.
Då er både PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen og nestleiar Anne Weider Aasen inhabile, og vil ikkje vere til stades under behandlinga. Stein Bjøntegård vil truleg leie møtet.
Det var TV 2 som avslørte saka om at Sofie følte seg dårleg behandla av VG og journalist Lars Joakim Skarvøy.
– Eg har meldt meg inhabil slik at ingen skal kunne mistenke nokre agendaer. Eg ynskjer at utvalet, og avgjersla dei kjem fram til, skal vere hundre prosent uangripeleg, seier Weider Aasen til Medier24. Ho representerer redaktørane i PFU.
– Vanskeleg å behandle
Saka fekk mykje merksemd, og VG gjorde ei intern gransking av kva som hadde skjedd i arbeidet med Giske-saka. Det resulterte i ein offentleg rapport, kor dei mellom anna beskreiv deira møte og samtalar med Sofie.
Sofie meiner at avisa har brote punkt 3.6 i Vær Varsam-plakaten, som går på kjeldevern, ved å referere til «off the record»-samtalar i granskingsrapporten.
I sitt tilsvar argumenterer VG for at TV 2 i sine reportasjar og intervju har beskrive Sofie sine samtalar med VG og Skarvøy, og dermed ikkje har brote kjeldevernet.
– Difor vert det vanskeleg for Weider Aasen å behandle den saka, seier PFU-rådgjevar Trude Hansen til Medier24.
– TV 2 har jo ein historikk med Sofie, så for å unngå at det vert reist tvil valde eg å fråtre frå saka. Eg måtte til alt overmål ha leia møtet under den saka som følgje av Alf Bjarne sin inhabilitet, seier ho vidare.
– No håpar eg saka vert behandla på best mogleg, og mest uhilda, måte, seier ho.
Leiar og nestleiar inhabile
Også PFU-leiar Alf Bjarne Johnsen, som til dagleg er politisk journalist i VG, er òg naturlegvis inhabil i saka. Han er i tillegg omtalt i avisa sin granskingsrapport.
Dermed står PFU utan både leiar og nestleiar når saka skal behandlast. Møtet skal truleg leiast av Stein Bjøntegård, ifølgje Hansen.
– Men du har tillit til at det vert løyst på ein god måte også denne gang?
– Ja, me er vant til inhabilitet, så det er ikkje noko problematisk i det. Dei som sit som vara opererer på same måte som dei andre, berre at dei ikkje stiller i like mange møter, seier Hansen.