Avgått klubbleiar Tor-Erling Thømt Ruud i VG, sjefredaktør og nyheitsredaktør Gard Steiro og Tora Bakke Håndlykken og tidlegare VG-journalist Lars Joakim Skarvøy.

Avgått VG-klubb­leiar opnar opp: Avslører spelet bak omstridt Skarvøy-intervju

– VG-leiinga visste ikkje kva dei skulle gjera, og gjorde ting eg meiner var gale, seier avtroppande klubbleiar Tor-Erling Thømt Ruud i VG.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det har gått snart 11 månadar sidan TV 2 publiserte reportasjen kor Sofie Bakkemyr fortalde sin versjon av møtet med Trond Giske (Ap) på Bar Vulkan. Kvinna kom med sterk kritikk mot VG, journalist Lars Joakim Skarvøy, og følte seg feilsitert.

Nyleg avtroppa klubbleiar Tor-Erling Thømt Ruud sto i stormen, svarte på spørsmål, og hjelpte sine medlemmer gjennom éin av dei mest omtalte presseskandalane det siste tiåret.

– Saka viste at me ikkje var førebudd på ei slik krise. VG-leiinga visste ikkje kva dei skulle gjera, og gjorde ting eg meiner var gale. Klubbleiinga visste heller ikkje heilt korleis det skulle handterast, og gjorde også ting som var gale, seier Thømt Ruud til Medier24.

I dette intervjuet kjem den avgåtte klubbleiaren med til no ukjente opplysingar om dramaet som utspelte seg i Akersgata 55 den kaotiske veka i mars i fjor.

Vil retta opp feilaktig inntrykk

Saka skapte massiv storm i, og rundt, VG. Avisa brukte sju dagar på å offentleggjera ein granskingsrapport, haldt ein pressekonferanse på VG-huset og redaktørane sa dei trudde på Sofie. Parallelt publiserte NRK og Medier24 intervju med Skarvøy, kor journalisten sa sa han ikkje hadde fabrikkert eit sitat, og at han ikkje kunne svara på kvifor Sofie fortalde ein annan versjon til TV 2 enn til han.

Då slo nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken tilbake mot Skarvøy overfor Medier24 og Dagens Næringsliv dagen etter, kor ho proklamerte at dei ikkje stilte seg bak Skarvøy sine fråsegn, og at det han sa ikkje var i tråd med deira konklusjonar. Etter eit halvt års permisjon slutta Skarvøy i VG og fekk jobb i eigarkonsernet Schibsted. Journalistane Marie Melgård og Eirik Mosveen vart begge flytta over til ei annan avdeling. Melgård gjekk i januar til ny jobb i Dagens Næringsliv.

Lars Joakim Skarvøy, politisk journalist i VG.

Thømt Ruud vil no ta eit oppgjer med det han meiner er eit feilaktig inntrykk av kva som hendte på VG-huset den 27. mars i fjor.

– Det er eit inntrykk, har eg skjønt, at Skarvøy gjorde desse intervjua utan at VG-leiinga var klar over det. Det er ikkje riktig. Dei var med og arrangerte desse intervjua, og det vart gått gjennom i stor grad kva som skulle seiast. Ein gjekk gjennom kva spørsmål ein kunne få, seier han, og legg til:

– Dette er veldig viktig. Inntrykket som har lagt seg der er feil.

– Skarvøy gjorde det VG-leiinga vart samde om. Og så var ikkje Tora samd i noko av det han sa, men eg kan ikkje sjå at det var eit brot på dei føresetnadane som var lagt på førehand. Eg var ikkje med i akkurat dei prosessane om kva som skulle seiast, men eg veit at det vart arrangert to intervju, med NRK og Medier24. Det var ikkje slik at han haldt sin eigen pressekonferanse.

– Eg tykkjer ikkje det var så lurt å gjera det intervjuet samstundes som VG haldt sin pressekonferanse. Det var nok ikkje ein god strategi. Ein skulle nok ha venta litt der.

– Ubehageleg å snakka om

Det var nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken som leia arbeidet med den interne evalueringa. Sjefredaktør Gard Steiro har tidlegare sagt til Medier24 at han ikkje deltok i evalueringsarbeidet, at han fekk beskjed om å stilla på pressekonferansen like før, men at han visste at Skarvøy skulle gi intervjua.

– Kva tenkjer du om at Skarvøy kunne lesa i DN og M24 at nyheitsredaktøren tek avstand frå fråsegnene hans, dersom han har sagt det dei har blitt samd om?

– Det var ikkje noko behageleg. Du merkar på meg at eg tykkjer det er ubehageleg å snakka om desse tinga. Eg hadde tenkt at det ikkje var det, men så er det det likevel. Eg var så djupt involvert i det. Dette året kjem til å henga med dei involverte, og så håpar eg resten av redaksjonen gror såret fortare enn me klarte, seier Thømt Ruud.

I midten sit tidlegare VG-journalist Lars Joakim Skarvøy, under presselosjen sitt julebord 12. desember i fjor. Like foran sit VG-journalist Alf Bjarne Johnsen.

– Eg kan ikkje gå inn på detaljane, men no er det eit godt forhold mellom klubben og leiinga. Då det sto på var det likevel krevjande. Me har rydda opp og snakka om det, og så var det verst for dei journalistane som var mest involvert.

Medier24 har kontakta journalist Lars Joakim Skarvøy for ein kommentar til denne artikkelen. I ein e-post skriv han:

«Takk for henvendelsen. Jeg kan dessverre ikke kommentere dette.»

VG-journalist Alf Bjarne Johnsen deltok på ei rekkje møte mellom Skarvøy og leiinga som kollegastøtte for Skarvøy. På spørsmål om han kjenner seg igjen i Thømt Ruud si historie, svarar han kort:

– Tor-Erling har ein glimrande hukommelse.

Medier24 har gitt både Gard Steiro og Tora Bakke Håndlykken høve til å kommentera Thømt Ruud sine fråsegn.

«Det han (Thømt Ruud, journ. anm.) uttaler her må stå for hans regning. Jeg har en annen oppfatning av hva som skjedde rundt pressekonferansen, som jeg også ga uttrykk for den gang», skriv Bakke Håndlykken i sitt svar.

Heller ikkje Steiro deler Thømt Ruud si oppfatning av det som hendte.

«Tor-Erling står fritt til å gje uttrykk for si forståing av saka. På nokre punkt er eg ikkje samd i framstillinga. Likevel ynskjer eg ikkje å delta i ein debatt om interne høve», skriv han i sitt svar.

Les heile svaret til Steiro og Håndlykken nedst i saka.

Overraska over VG-leiinga

VG-saka om Bakkemyr sitt møte med Giske på Bar Vulkan vart felt på fem punkt i Ver Varsam-plakaten av PFU. I tillegg vart den 55 sider lange interne granskingsrapporten vart felt på to punkt.

Frå dagen TV 2 publiserte sin reportasje, tok det sju dagar før VG la fram sin rapport. I mellomtida forsøkte både bransje- og riksmedia iherdig å få ei forklaring på kva som hadde skjedd.

Samstundes opplevde Thømt Ruud eit stort press på sine klubbmedlemmer, seier han til Medier24.

– Eg var overraska over VG-leiinga si handtering av det. Eg hadde ikkje sett det koma at det skulle koma ein slik rapport eller at journalistane som jobba med saka vart sett under eit så stort press. Det overraska meg. Eg er veldig tilhengjar over at ein skal ta ting med ro når ting er vanskeleg, for å ta dei rette avgjerslene. Eg veit dei prøvde på det. Dei var stille ei stund, medan ekstern presse kravde svar. Eg hadde eit prinsipp om at eg skulle vera tilgjengeleg, og til slutt var det berre meg folk ringde til. Det greidde heller ikkje eg å handtera, fordi det blei for mykje og då hadde eg ikkje svar. Eg kunne ikkje svara på vegner av mine medlemmer, fordi dei var under eit stort press og bidrog til denne rapporten, seier Thømt Ruud.

Sofie Bakkemyr i forkant av PFU-møtet 28. august 2019.

– Var dette noko du fortalde leiinga der og då?

– Absolutt.

– Kva sa dei?

– Dette verka som ein lang periode der me hadde mange møte, med samtalar undervegs, og så veit me som sat i klubb- og VG-leiinga at eg sa frå om kva eg meinte. Det er ting som ikkje kan gå ut, fordi det handlar om våre medlemmer, personalsaker, strategi og politikk, men dei veit me sa frå. Nokre gongar vart eg høyrd, andre gongar ikkje, seier han.

– Trur du på Sofie eller Skarvøy?

– Eg har vore involvert i dette som klubbleiar og har bistått Norsk Journalistlag sine medlemmer i den.

– Rapporten skulle ikkje vore laga

Thømt Ruud meiner rapporten aldri burde blitt laga.

– Eg og nestleiar i klubben følgde med på PFU-sendinga, og er glad for at rapporten vart felt i PFU. Eg håpar ingen andre redaksjonar lagar ein slik type granskingsrapport mot seg sjølv. Det var vanvitig krevjande for mine medlemmer som måtte vera med og skriva. Den var grundig, bra og godt skriven, men skulle ikkje vore laga.

– Eller ikkje offentleggjort?

– Den skulle ikkje vore laga. Når den først blir laga, må den bli offentleggjort. Men eg håpar andre medium finn ei anna løysing enn å laga ein intern granskingsrapport om dei kjem i ein slik situasjon.

– Korleis tykkjer du behandlinga av Skarvøy var, som fekk flaumlysa mot seg?

– Eg kan seia at det var veldig krevjande for dei journalistane, og så kan ikkje eg karakterisera behandlinga av dei, fordi det var ein situasjon ingen har vore i før. Eg forstår det var skikkeleg krevjande for dei å vera i den situasjonen. Det var blytunge dagar.

Sjefredaktør Gard Steiro og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG i PFU-møtet 28. august.

– Tykkjer du leiinga tok nok ansvar under saka?

– Dei tok ansvaret, alt det dei kunne, for å forsøka å rydda opp i dette. Det er å ta ansvar å laga rapporten. Til sjuande og sist tok dei ansvar og fann ei løysing på situasjonen. For meg var det viktig at ingen mista jobben i VG, det var viktig at dei skulle halda fram som journalistar i VG, og at det ikkje fekk arbeidsrettslege konsekvensar for presseetiske brot, fordi det er eit redaktøransvar. Det var det viktigaste for meg.

– Men me konstaterer at to av dei har slutta i avisa, seier Thømt Ruud.

Medan VG-leiinga knapt kommuniserte offentleg, kom det fleire lekkasjar ut til media om kva som hendte i Akersgata 55. Det likte Thømt Ruud dårleg.

– Stemmer det at du gav beskjed på eit allmøte om at det var litt mange lekkasjar?

– Det er litt mildt sagt. Eg sa at eg ikkje skal ha noko av helveteslekkasjar. Det er ein forferdeleg uting. Samstundes er me journalistar, me lever av lekkasjar, og eg forstår kvifor det skjer. Men eg tykkjer det var skuffande å oppleva at mine e-postar vart lekkja til andre, seier han.

– Du måtte skriva ting som du visste at kunne koma i andre sine hender. Det avgrensar kva du kan skriva og seia, legg han til.

Fekk kritikk frå fleire hald

Thømt Ruud seier vidare at han ikkje vart klar over kor store konsekvensar denne saka ville få, verken då Sofie snakka med NRK timar etter VG si første sak, eller då Sofie sto fram i TV 2.

Det vart også det tøffaste året for den avgåtte klubbleiaren som tillitsvald.

– Det er ikkje synd på meg – det må vera sagt – men 2019 var det mest krevjande året som klubbleiar i min periode. Det sette meg på prøve, og skjerpa meg veldig. Eg famla i blinde, og gjorde sikkert mykje rart. Det var veldig krevjande, men me har klart å landa på beina likevel.

– Fekk du tilbakemeldingar om at du famla i blinde og gjorde feiltrinn?

– Ja, absolutt. Dei tilbakemeldingane kom frå eiga leiing, eigne medlemmer, folk utanfor huset, journalistkollegaer, dei som intervjua meg, så ja – det fekk eg mykje over alt. Men frå dei same stadene fekk eg høyra kva som var bra. NJ har også vore veldig bra og støttande.

Avgått klubbleiar Tor-Erling Thømt Ruud i VG.

– Er det spesielle feiltrinn du hugsar?

– Eg skulle funne ein måte å informera eigne medlemmer på. Eg skulle informert meir, og gjort det på ein måte som ikkje blei så vanskeleg. Det var det vanskelegaste med alt dette. Det var eit enormt informasjonsbehov me ikkje klarte å dekkja.

– Folk fekk ikkje vita kor mykje eg kjempa for dei. Det var hardt mellom oss og leiinga i den perioden, men eg gjekk ikkje ut med kor hardt det var – verken internt eller i pressa. Eg fekk mange tilbakemeldingar om kvifor eg ikkje sto opp for dei. Det gjorde eg, men dei fekk ikkje sjå det. Eg valde å liggja litt lågt.

– Kva førte den informasjonsmangelen til?

– Dei hadde ingen stad å få ut frustrasjonen sin. Me skulle gjerne hatt fleire samlingspunkt og snakka meir saman. Lite informasjon gjer at folk spekulerer, og rykte oppstår. Eg kunne vore flinkare til å demma opp for det.

Steiro: – Svært krevjande

Per e-post har Medier24 har stilt Steiro og Håndlykken ei rekkje spørsmål knytt til handtereinga av Bar Vulkan-saka.

Blant spørsmåla er om dei visste innhaldet i det Skarvøy skulle seia i intervju med Medier24 og NRK, kven som planla kva han skulle seia, og om dei deler Thømt Ruud sitt synspunkt på rapporten.

Utan å svara på alle dei konkrete spørsmåla, skriv Håndlykken følgjande i ein e-post:

«Dette var en vanskelig periode for alle involverte, og jeg respekterer Tor-Erlings behov for å gi sitt syn på saken. Det han uttaler her må stå for hans regning. Jeg har en annen oppfatning av hva som skjedde rundt pressekonferansen, som jeg også ga uttrykk for den gang. Både jeg og VG-ledelsen har vært helt transparente om det som har skjedd, både internt og eksternt. De siste månedene har vi brukt all vår tid på å lage god VG-journalistikk, og det skal vi fortsette med.»

Steiro legg heller ikkje skjul på at handteringa var krevjande for «journalistane, tillitsvalde og leiarar». Han ynskjer likevel ikkje å gå i offentleg debatt, men skriv føllgjande i ein e-post til Medier24:

Sjefredaktør Gard Steiro og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken under VG si eiga evaluering av avisa si dekning av Giske-videosaka.

«Me har gjentekne gonger sagt oss lei for Bar Vulkan-saka. Mykje av kritikken mot VG var rettkomen, og dei som vart råka fekk ei orsaking utan atterhald. Det er ikkje ei nyheit at handteringa var svært krevjande for journalistane, tillitsvalde og leiarar. Tor-Erling står fritt til å gje uttrykk for si forståing av saka. På nokre punkt er eg ikkje samd i framstillinga. Likevel ynskjer eg ikkje å delta i ein debatt om interne høve. Eg er samd i at «me har rydda opp og snakka ut». Akkurat som Tor-Erling tykkjer eg at det er eit «godt forhold mellom leiinga og klubben». Meir vil eg ikkje seie om det som hende i fjor. VG har gått vidare.»

Powered by Labrador CMS