Bahareh Letnes forklarar avisbrenninga overfor Medier24.

Bahareh Letnes og Per Sandberg:

– Dette var ikkje berre eit angrep på VG, men på norsk presse generelt

Per Sandberg og Bahareh Letnes fortel kvifor dei stilte opp på den bisarre fotoseansen med Natt og Dag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Den vinen* på biletet var sørgjelege greier. Det var den einaste skuffelsen, elles var det fantastisk å jobbe med unge og flinke folk, seier Per Sandberg til Medier24.

– Saka er den mest leste hos Natt og Dag noko sinne.

– Fy faen, seier du det?

På berre to og ein halv dag har Natt og Dag-artikkelen med tidlegare fiskeriminister Per Sandberg og hans – milt sagt kontroversielle – kjærast, Bahareh Letnes, fått nærare 200.000 sidevisingar.

 

Per Sandberg kyssar sambuar Bahareh Letnes etter lanseringa av boka «Fremmede makter har flyttet inn - justismord og politisk drap» på Litteraturhuset i Oslo.

– Å stille opp med hijab var ei vurdering …

I bileta ser me mellom anna duoen «dabbe», Sandberg i hijab og Letnes posere som friheitsgudinna med eit brennande VG som fakkel. For ikkje å gløyme kjærasteparet kledd som spionar, Sandberg som drikk naturvin frå tuten og Letnes som fangar den tidlegare fiskeriministeren med fiskestong.

– Kva var det raraste med seansen, for din del?

– Det å stille opp med hijab var sjølvsagt ei vurdering. Samstundes er det eit kraftfullt signal. Heile seansen inneheld alt. Det er eit alvor bak det, og me kjem med eit signal til media, nettroll, sosiale medier, og til alle som har komen med hatefulle ytringar til Bahareh Letnes. Som me skreiv på Facebook for ei tid tilbake: Me står til Dovre fell, seier Sandberg til Medier24.

Biletserien har utvilsamt vekt reaksjonar. Journalist Vidar Kvalshaug kallar det «forkasteleg og mørkt» overfor Dagbladet, og Ap-politikar Kamzy Gunaratnam twitra at ho tykkjer avisbrenninga er ugrei.

– Kvifor brenn du VG, Letnes?

– Fordi eg er forbanna over korleis media har behandla oss. Dei har behandla oss urettferdig, og eg vil alltid brenne urettferda. De skal eg halda fram med, dersom avisene held fram med å skrive løgner. Avisene sitt oppdrag er å informere, opplyse og skrive korrekt. Dei har gjort stikk motsett, seier Letnes til Medier24.

Bahareh Letnes poserer som friheitsgudinna, med eit brennande VG som fakkel.

– Dei misbrukar eigen makt, pressefridomen og ytringsfridomen. Dette var ikkje berre eit angrep på VG, men på norsk presse generelt, seier ho vidare.

 

– Eg tenkte mitt…

Per Sandberg er kjent for å ikkje halda igjen om kva han meiner om norsk presse og journalistar. Han hadde venta seg litt meir rabalder om avisbrenninga, men tykkjer det er bra at media tek biletserien med fatning.

– Media toler det, og VG tek dette med stoisk ro. Eg registrerer at det er to personar som har gått ut mot det. Kvalshaug og ein Ap-politikar, seier han, og refererer til varaordførar i Oslo, Gunaratnam.

Sjølv var han nølande til stuntet.

– Når me var på seansen så tenkte eg mitt. Eg visste kva reaksjonar ein kunne vente, men Bahareh ynskja å gi eit signal tilbake. Og det gjorde ho på ein kraftfull måte, seier han.

– Eg tykkjer det er flott at media tek det fint, legg han til.

 

– Truslar, krenkelsar, trakassering

Natt og Dag hadde fleire rundar med Sandberg før dei gjekk inn i studio, så dei visste kva dei skulle vera med på.

Han meiner avisbrenninga er langt innanfor.

– Eg, saman med Bahareh, er kanskje dei sterkaste forsvararane av ytringsfridom. Det er grunnleggjande. Og det er viktig for oss.

– Denne menneskeretten har òg Bahareh. Ho har, av media, blitt utsett for truslar, krenkingar, trakassering, diskriminering og hatefulle utsegn kvar einaste dag.

– Har media drive med trakassering av Letnes?

– Ærekrenkingar, ja.

*Vinen på biletet, Biokult Pet Nat 2017, fekk 85 av 100 poeng av Dagens Næringsliv-vinsmakar Merete Bø, og beskriv den slik: «Floral duft med hint av jordbær og rabarbra. Saftig og lett delikat sødmefull bærpreget frukt med en frisk syre og en knusktørr lett utgang. Perfekt sommervin.»

Powered by Labrador CMS