Børre Arntzen er ny redaktør i Bodø By. Her saman med sjefredaktør Jan-Eirik Hanssen og Avisa Nordland-staben.

Børre Arntzen (57) blir redaktør i nystarta Bodø By

Allereie ei veke før søknadsfristen går ut har Bodø By landa redaktør.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Børre Arntzen (57) kjem frå jobben som kommunikasjonsrådgjevar ved Nordlandssykehuset, kor han har vore sidan 2013.

– Det å få vere med på å etablere ei ny avis i Bodø med mediehuset AN i ryggen, er ein fantastisk moglegheit. I dei siste par månadane har eg lekt med tanken om å gå til journalistikken, og no er eg svært gald for at dette vert ein realitet. Det skjer mykje i Bodø, og eg ser fram til å konkurrere om å finne dei beste sakene og dei mest fengande historiene, seier Arntzen til Avisa Nordland, som eig Bodø By.

Jan-Eirik Hanssen, redaktør i Avisa Nordland, er nøgd med tilsetjinga.

– Då Børre tok kontakt var eg ikkje i tvil. Det var ingen grunn til å vente. Den største utfordringa med vårt nye prosjekt er å finne rett person til å leie etableringa og etter kvart verksemda. No har me funne den rette. Børre har alt som skal til, seier Hanssen til eiga avis.

Arntzen har tidlegare jobba som webredaktør i Bodø kommune og kommunikasjonsrådgjevar i Helse Nord.

Powered by Labrador CMS