Ingvil Aan Torpeansvarleg redaktør dagleg leiarHordaland

Ingvil Aaen Torpe (39) er ny redaktør i avisa Hordaland

Forlet NRK for å overta etter Guro Valland i Voss.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Ingvil Aaen Torpe forlet NRK til fordel for toppjobb i avishuset Hordaland på Voss, skriv avisen i ei pressemelding.

– Ingvil er ein erfaren leiar som står stødig i endringane mediebransjen står oppe i. Ho er god til å engasjera folk rundt seg, seier styreleiar Sturle Rasmussen.

Kjem fra stilling i NRK

– Dette er ei ny og spennande utfordring. Eg gler meg til å verta kjend med alle dei nye kollegaene mine, og ikkje minst avisa Hordaland, som er mi lokalavis, seier Torpe.

Torpe er frå Voss og har jobba i NRK sidan 2010.

Ho har jobba hjå NRK i Bergen dei siste fem åra, der ho mellom anna har leia fleire fotografar, klipparar og lydteknikarar.

Før den tid har ho hatt ei rekkje redaksjonelle roller.

Torpe er utdanna journalist frå Nynorsk mediesenter. Ho har grunnfag i medievitskap frå NTNU og ein bachelorgrad i fjernsyns- og multimedieproduksjon frå Universitetet i Stavanger.

Tek over etter Guro Valland

Torpe vert dagleg leiar i tillegg til sjefredaktør i lokalavisa. Ho tek over stafettpinnen etter Guro Valland, som byrjar som sjefredaktør og administrerande direktør i Bergensavisen på nyåret.

Avisa skriv i pressemeldinga at dei det siste året har gått gjennom store endringar. Mellom anna er redaksjonen nyleg reorganisert med nytilsett nyhenderedaktør og vaktsjefar.

Torpes mål blir å heile tida jobba med å halda seg relevant og tilpassa innhaldet etter brukarane sine behov.

– Sjølv om den gode journalistikken alltid må liggja i botn, kan både utvalet og måten ein formidlar sakene på variera. Hordaland er allereie godt i gang med å prøva ut nye format og kanalar for å nå ut til flest mogleg, og dette er eit område eg ser fram til å utforska vidare saman med alle dei dyktige folka her, seier Torpe.

Byrjar i august

39-åringen frå Voss flyttar attende til heimbygda med mann og born i løpet av sommaren.

Inntil Torpe tek til i stillinga 15. august, er nyhenderedaktør Terje Hjartnes konstituert som sjefredaktør og Ida Sætersdal konstituert som dagleg leiar.

Powered by Labrador CMS