Guro Valland (35) er tilsett som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Hordaland på Voss. Vesle Sjur er med på Hangurstoppen i stormen før påsken.

Guro Valland vraker NHST Sjømat - blir sjefredaktør i Avisa Hordaland

– Umogleg å seia nei, seier Valland.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Guro Valland blir sjefredaktør og dagleg leiar i Avisa Hordaland. Det skriv avisa i ein pressemelding fredag.

Valland var i utgongspunktet på veg frå Dagens Næringsliv til NHST Sjømat, som består av dei tre merkevarene Fiskeribladet, IntraFish og Tekfisk. Der skulle ho tiltre som leiar for brukarmarknad, strategi og forretningsutvikling.

– NHST er eit attraktivt konsern i stor fart, men då moglegheita i Hordaland dukka opp, var det umogleg å seia nei. Ei lokalavis som Hordaland inneheld alt du treng av gleder og utfordringar i mediebransjen. Her er eg sikker på at det vert givande å vera, seier Valland.

Valland gler seg til å ta fatt på det ho skildrar som ein meiningsfull jobb.

– Lokalavisa er ikkje vorte mindre viktig slik det vart spådd for nokre år tilbake. Folk i distriktet bryr seg naturlegvis óg om det som skjer rundt dei, seier Valland.

Styreleiar i Avisa Hordaland, Sturla Rasmussen, er glad for at Valland har takka ja til stillinga.

– Eg meiner me ikkje kunne fått ein betre kandidat til å leia Hordaland framover, seier Rasmussen.

Han legg samstundes til:

– Valland har solid journalisterfaring og tryggleik i presseetiske vurderingar. Ho har erfaring med å utvikla medier basert på lesarane sine behov, og ei klar forståing av dei kommersielle moglegheitene som finst i ein medieøkonomi som vert meir og meir digital.

NB: Ved publisering av denne saken, skrev Medier24 i sin tittel at Guro Valland vraket Dagens Næringsliv for jobben i Avisa Hordaland. Dette er ikke riktig, da Valland allerede hadde takket ja til en jobb i NHST Sjømat, fra DN. Det er NHST-jobben hun nå takker nei til, for å starte i Avisa Hordaland.

Powered by Labrador CMS