Måndag ettermiddag gjekk redaksjonssjef i Gamer.no, Audun Rodem, ut på Twitter kor han reagerte på ein NRK-artikkel om «Pokemón sleep».
«Fin sak om Pokémon Sleep, @NRKkultur, men setter ikke pris på at dere har 'copy-pastet' et avsnitt fra oss i Gamer.no», skreiv Rodem.
Ordrett
Morgonen 29. mai publiserte Gamer.no saka «Snart skal vi få spille Pokémon i søvne». Måndag kveld, fem dagar seinare, kom NRK med si sak «Søvnekspert: Nytt spill kan gi søvnproblemer og prestasjonsangst». I NRK-saka hadde dei eit avsnitt som var ordrett likt eit avsnitt på Gamer.no.
– Me la ut ei kort klippsak 29. mai, som var basert på ei pressemelding om Pokémon sleep. Deretter lagde NRK si eiga sak, basert på ein BBC-artikkel. I NRK si sak hadde det forvilla seg inn direkte avskrift frå vårt avsnitt – ord for ord.
– Eg sende ein e-post til NRK, og la ut ein tweet om det. NRK beklaga og retta opp i det då eg tok kontakt, seier Rodem.
Redaksjonssjef for kultur og underhaldning i NRK Nyheter, Marianne Ytre-Eide, gjekk kjapt ut på Twitter og beklaga hendinga – og retta opp i saka.
Rodem held fram:
– Det er synd at det skjer med ein så stor organisasjon som NRK. Det er ikkje bra når folk kopierer frå kvarandre. Samstundes responderte dei kjapt då det vart kjent.
Sjølv om kopieringa ikkje dreidde seg om meir enn 235 teikn, tykkjer Rodem det er uheldig.
– Det var openbert eit relativt lite, og kort, avsnitt, men kopiering er kopiering, seier han.
– Svært beklageleg
Ytre-Eide ber om å få alle spørsmål på mail når Medier24 tek kontakt, og forklarar hendinga slik:
«Det er først og fremst svært beklagelig og at det skjer. Dette skyldes en misforståelse i den skriftlige overleveringen av en sak mellom to reportere der det ikke var tydelig nok merket hva som var bakgrunnsinformasjon, og hva som var ment til publisering. Det aktuelle avsnittet fra gamer.no var ment som bakgrunnsinformasjon, men ble publisert. Det skulle ikke ha skjedd.
Vi tok straks kontakt med gamer.no og beklaget overfor dem. Vi skrev også en beklagelse og rettet opp i den publiserte saken. Samtidig svarte og beklaget vi på Twitter.
Dette viser hvor viktig det er med tydelig kommunikasjon i overleveringen av saker. Vi går nå en runde internt for å forsikre oss om at vi har gode nok rutiner rundt dette.
Vi kan ikke annet enn å beklage sterkt at dette skjedde, og skal nå sørge for at det ikke skjer igjen.»
«Skammelig»
Rodem fekk stor respons på twittermeldinga, som tysdag kveld hadde 27 retweets og over 100 likes.
«Men i helvete, dette er skammelig», skreiv Bergens Tidende-journalist Lasse Lambrechts.
«Holy snap. Er bare å sende faktura det. Ufint», skreiv journalist og medeigar i PressFire, Erik Fossum
Rodem har likevel ingen planar om å fakturere.
– Saka er avslutta og tilbakelagt, seire han til Medier24.