Det har sidan måndag storma rundt Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda (HVO) etter at det vart kjent at dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn manglar tillit hos dei tilsette.
I lengre tid har det vore intern uro i avdelinga, og før jul avslørte ein obligatorisk Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelse (ARK), gjennomført at NTNU-IT, at det var meir misnøye i medieavdelinga enn andre avdelingar ved HVO. Det førte til ein ei ny undersøking av Stamina Helse for å følgje opp.
– Dei systematiske kartlegginga av arbeidsmiljøet starta som ei vanleg kartlegging av arbeidsmiljø, som ein gjer kvart tredje år, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda til Medier24.
Medier24skreiv torsdag om høgt konfliktnivå på Avdeling for mediefag ved høgskulen.
«Nesten halvparten av dei tilsette seier dei er helsemessig påverka i negativ retning og/eller har vurdert å finne seg ny jobb utanfor HVO», heiter det i Stamina-rapporten.
Prislappen
Dokument Medier24 har fått innsyn i viser at arbeidet med arbeidsmiljøet på Høgskulen i Volda so langt har kosta skulen 476.593 kroner.
ARK-undersøkinga kom seg på 158.338 kroner.
Stamina Helse fakturerte for 153.255 kroner.
I tillegg er det brukt 165.000 kroner av Bedriftshelsetjeneste-potten.
ARK-undersøkinga var rutinemessig, som vart planlagd gjennom ført og budsjettert. Ekstrakostnadane ved arbeidet er utløyst i etterkant av ARK-resultata, og er gått til Stamina og Bedriftshelsetjeneste (BHT)-posten.
42 % svarte ikkje på undersøkinga
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda består av 50 tilsette, fordelt på tre institutt, i tillegg til ein administrasjon. Berre 29 deltok i ARK-undersøkinga.
– Det var litt av grunnen til at me lurte på korleis me skulle tolke funna. Det er mange som har svart, men nesten 40 prosent hadde ikkje svart. Slik sett er Stamina-undersøkinga, kor alle 50 deltok, betre enn ARK, seier Roppen.
– Kva tenkjer de om summen på nesten ein halv million kroner?
– Me hadde ikkje akkurat noko val. Dette er pengar me må bruke for å gjere jobben, seier Roppen.
Han legg til:
– Me bestilte den Stamina-rapporten i samråd med dekan, tillitsvald og vernetenesta.