Astrid Valen-Utvik (t.v.) og skjermdump av Bilpleiekongen sin Facebook-video.

Bilpleiefirma loddar ut date med kvinneleg tilsett: – Heilt krise

– Spesielt å bruka kvinnelege tilsette for å marknadsføra seg i 2019, seier Facebook-ekspert Astrid Valen-Utvik. – Ingen som har tvinga meg til å bli med, seier kvinna sjølv.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I høve «Single's Day» som var måndag la selskapet Bilpleiekongen ut ein Facebook-video kor dei delte ut ein date med deira einaste single kvinnelege tilsette, Ragnhild Hoseth, til ein heldig vinnar som vert tagga i kommentarfeltet.

Det har fått fleire til å reagera, mellom anna Facebook-sida Kvinnefronten og den meritterte sosiale medium-rådgjevaren Astrid Valen-Utvik, som driv konsulentselskapet Valen-Utvik saman med sin mann Glenn Valen Utvik.

– Videoen er heilt krise. Du kan vinna eit menneske. Eg føler me er veldig, veldig mange år forbi den måten å kommunisera på, seier ho til Medier24. Valen Utvik er også juryleiar i Vixen Influencer Awards.

 

– Ikkje lov

– Bilpleiekongen har kanskje ein kul tone på jobben, og ho i videoen tykkjer kanskje dette er vel så gøy som dei andre, men det er ein veldig spesiell måte å kommunisera på, seier ho vidare.

Vidare peiker ho på at videoen er i strid med Facebook sitt reglement. Ho tok sjølv kontakt med selskapet for å fortelja at innlegget er ulovleg. Då gjorde dei justeringar på teksten, men innhaldet i videoen – kor dei aktivt oppmodar til å tagga – er stadig den same.

– Det er ikkje lov å oppmoda til tagging som ein del av konkurransen. Sjølv om det er ei meir indirekte oppmoding, som dei no har i teksten, seier ho.

 

– Ingen tvinga meg

Kvinna på videoen, Ragnhild Hoseth, seier til Medier24 at ho opplever kritikken som «idiotisk». Ho har også teke til motmele på Kvinnefronten sitt Facebook-innlegg.

«Bilpleiekongen er et fantastisk sted å jobb hvor alle verdsetter deg som ansatt! Ingen tvinger noen til å gjøre noe som helst.. Hvis dere har lest hva singles day er så vet dere at dette er en dag man feirer single mennesker, så hvorfor skal ikke jeg som jente og singel få lov til å gjøre dette?», skriv ho mellom anna.

Til Medier24 utdjupar ho:

– Dette er noko eg sjølv har gått med på. Dette er berre ei morosam greie me gjer i høve Single's Day. Det er ingen som har tvinga meg til å bli med, seier ho.

Dagleg leiar Joakim Bjugn i Bilpleiekongen. Her frå den kritiserte Facebook-videoen.

Heller ikkje dagleg leiar Joakim Bjugn er samd med Valen-Utvik i kritikken. Han avviser i tillegg at videoen er i strid med regelverket.

– Men om det er kritikkverdig at me oppmodar til å tagga i videoen kan ein diskutera, seier Bjugn.

Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå Facebook om kor vidt innlegget er i strid med regelverket enno.

Bjugn legg til:

– Det eg derimot reagerer mest på er at Valen-Utvik seier at me brukar kvinna sin sivilstatus for å selja verksemda vår. Dette er ikkje noko salsfremjande, men merkevarebygging – og ikkje noko som har med sal å gjera.

Facebook-sida Kvinnefronten, med nærare 10.000 følgjarar, skriv at selskapet legg opp til «atferd som kan bli ubehagelig for deres ansatte.»

– Det er synd om det vert tolka slik, men det er ikkje intensjonen hos oss, eller noko Ragnhild opplever. Ho er like mykje med på det som det me er, seier han.

 

– Malplassert

Astrid Valen-Utvik.

Valen-Utvik peiker på at det finst mange andre måtar å skaffa kvinna ein date på.

– Det finst det appar for. Dette gjer dei berre for å kommersialisera på hennar singelstatus og merkevare. Dette er veldig, veldig spesielt å komma med i kjølvatnet av metoo og debatten rundt seksuell trakassering og arbeidskultur.

– Det er spesielt at ein ynskjer å bruka kvinnelege tilsette for å marknadsføra verksemda si i 2019. Det er litt som å leggja ei dame på panseret på bilen når du skal selja den. Veldig malplassert, og med ein seksuell undertone.

Bilpleiekongen omtaler seg som «størst og best på bilpleie», og er ifølgje seg sjølv den einaste nettbutikken i landet med alle dei beste bilpleieprodukta samla. Selskapet vart skipa i 2013, og omsette i fjor med sine sju årsverk for 59 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS