Venstre: Casper Lassen (t.v.) og Linus Demir frå Humanistskolen ved Ullevål stadion saman med streikande skuleelever utanfor Stortinget fredag. Høgre: NRK-journalist Astrid Rommetveit, prosjektleiar for kanalen si klimaarbeidsgruppe.
Venstre: Casper Lassen (t.v.) og Linus Demir frå Humanistskolen ved Ullevål stadion saman med streikande skuleelever utanfor Stortinget fredag. Høgre: NRK-journalist Astrid Rommetveit, prosjektleiar for kanalen si klimaarbeidsgruppe.

The Guardian gjer drastiske språk­endringar i klima­dekninga. No kan òg NRK få si eiga klimaordbok

The Guardian skal slutte å bruke ord som «klimaskeptikar» og «global oppvarming», som dei meiner er for milde. I Norge er det delte syn på endringane.

Publisert

– Ved å ikkje vere bevisst på språket kan ein gå i to feller. Ein kan anten bli for varsame, eller ein kan ta for hardt i og gå inn i rolla som aktivistar.

Det seier NRK-journalist og prosjektleiar for NRK si klimaarbeidsgruppe, Astrid Rommetveit, til Medier24.

– Passivt og forsiktig

Nyleg sende The Guardian-redaktør Katharine Viner ut ein intern e-post om at avisa frå no av endrar måten dei omtalar klimakrisa. I e-posten kjem det fram at minst fem ord skal ut av Guardian-ordboka, og erstattast med meir presise uttrykk.

  • Climate change skal ut for climate emergency, crisis eller breakdown
  • Global warming skal ut for global heating
  • Biodiversity skal ut for wildlife
  • Fish stocks skal ut for fish populations
  • Climate sceptic skal ut for climate science denier eller climate denier 

– Me ynskjer å forsikre oss om at me er vitskapeleg nøyaktige, samstundes som me kommuniserer tydeleg med lesarane på dette svært viktige problemet, seier redaktør Viner til eiga avis.

The Guardian-redaktør Katharine Viner.
The Guardian-redaktør Katharine Viner.

– Uttrykket «klimaendringar», til dømes, høyrast ganske passivt og forsiktig ut, medan forskarane snakkar om ei katastrofe for menneska, legg ho til.

No seier Rommetveit til Medier24 at òg NRK ser på ulike tiltak for å betre klimadekninga, og at språk er ein vesentleg del av arbeidet. Per i dag har dei inga «klimaordbok» – men det kan koma, skal me tru Rommetveit.

– Me har ei Blåboka for rettskriving, som ikkje tek føre seg klimaomgrepa som såleis. I tillegg har me ei eiga ordliste for dei som jobbar med ulike felt, som til dømes funksjonshemning. Klimaordboka har me ikkje, men kanskje me får det på sikt, seier ho.

Skeptisk professor

Professor ved Universitetet i Bergen og klimaspråkvitar, Kjersti Fløttum, tykkjer det er interessant å vite kva norske medier meiner om The Guardian sine nye retningslinjer.

Ho peikar på at The Guardian i ei årrekkje har vore blant avisene med den mest dramatiske ordbruken i omtalen av klimakrisa.

Kjersti Fløttum ved Universitetet i Bergen.
Kjersti Fløttum ved Universitetet i Bergen.

– I ein analyse britiske kollegaer gjorde av metaforbruk i samband med klimaspørsmålet i leiarartiklar og kronikkar for nokre år sidan – av The Guardian, tyske Süddeutsche Zeitung og New York Times, var «krig» den mest brukte metaforen i The Guardian. I Süddeutsche var det «sjukdom», og i NYT «reise».

Ho tykkjer avisa sine nye retningslinjer er forståelege for å understreke alvoret i klimaspørsmålet. Ho legg likevel til:

– Samstundes kan ein spørje seg om kva effekt ord som «samanbrot» (breakdown, journ. anm.) kan ha. Når hensikta er å få merksemd om viktigheita og alvoret så gir desse orda meining, men dersom hensikta skal vere å få folk til å engasjere seg i klimaspørsmålet, kan det vere grunn til å stille spørsmål ved det, seier ho vidare.

– NRK blir aldri som The Guardian

Rommetveit er tydeleg på at NRK aldri vil kunne ta like tydelege standpunkt som The Guardian.

NRK-journalist Astrid Rommetveit er prosjektleiar for kanalen si klimaarbeidsgruppe.
NRK-journalist Astrid Rommetveit er prosjektleiar for kanalen si klimaarbeidsgruppe.

– Det er alltid interessant å sjå kva medier som The Guardian, New York Times og BBC gjer. Likevel er det viktig å seie at NRK aldri blir som The Guardian. I England har dei ein sterkare tradisjon for å ha ein agendastyrt journalistikk, og det er verken NRK eller BBC si rolle.

Ho meiner det er viktig med bevisstheit rundt språk – og at klare reglar kan gjere det enklare både for journalistane og for publikum.

– Eg ser ikkje bort frå at me får ei klimaordbok. Alt som kan hjelpe journalistane med å bli tryggare i si rolle vil vere nyttig. Ei endå viktigare grunngjeving er sjølvsagt at me skal gi god og riktig informasjon til publikum, og ikkje villeia dei i verken den eine eller andre retninga.

 

– Ikkje behov for aktivistisk ordbok

Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen, tykkjer ikkje norske medier har behov for liknande retningslinjer.

Irene Halvorsen, Nationen.
Irene Halvorsen, Nationen.

– Per no har eg ikkje sett behovet for ei aktivistisk ordbok som sørgjer for at me tek spørsmåla på alvor. Eg ser ikkje for meg at me treng det heller.

Ho tykkjer norske medier gir eit godt bilete av den reelle situasjonen i sin omtale av klimautfordringane.

– Om ein les norske aviser og følgjer med på radio og tv, er det vanskeleg å unngå å få med seg at utfordringane er store, at ein har dårleg tid, og at politikken som må til for å redde biologisk mangfald og klimaet går for sakte, seier ho til Medier24.

Ho meiner Nationen har eit godt nok «klimaspråk» frå før.

– Nationen er ikkje «blodtabloide», men me dekkjer heller ikkje over faktiske forhold. Det opplever eg må vere poenget. Så me har jobba hardt for å ta ein posisjon på dette feltet, seier ho.

Powered by Labrador CMS