– Noregs Mållag er flinke til å løfte fram språkpolitiske spørsmål i samfunnet. Eg ser fram til å bli ein del av ein aktiv språkorganisasjon, seier Astrid Marie Grov i ei melding.
Ho har vore tilsett i Språkrådet sidan 2010 og er tilknytt seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning. Dei siste åra har ho òg jobba mykje for kommunikasjonsseksjonen, opplyser dei.
Astrid Marie Grov er tilsett som ny redaktør i Norsk Tidend og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag. Ho kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Språkrådet.
Ho er journalist i Språknytt, og ein periode har ho vore redaktør i Statsspråk. I dag har ho hovudansvaret for arbeidet til Språkrådet på skulefeltet.
Ho har bakgrunn som tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt og har vore nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Ho har mastergrad i allmenn lingvistikk frå Universitetet i Oslo, og er i gang med mastergrad i rettsvitskap. Astrid Marie Grov er 33 år og kjem frå Tinn i Telemark.
– For Noregs Mållag er tilsettinga av Astrid Marie Grov ei styrking av staben. Vi får ein tilsett med solid fagkompetanse på aktuell språkpolitikk og journalistisk erfaring, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i meldinga.
Ho byrjar som redaktør i Norsk Tidend og kommunikasjonsrådgjevar i løpet av hausten og overtek etter Kjartan Helleve, som går til stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen.