Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Haukeland universitetssjukehus, Erik Vigander og juridisk rådgjevar i Helse Vest, Nina Næsheim.

Helse Vest står på sitt: – Det kom ikkje fram så mange nye argument

– Avgjerda ville ikkje blitt særleg annleis, seier kommunikasjonsdirektør i Haukeland universitetssjukehus, Erik Vigander, etter å ha høyrd argumenta til redaktørane.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det var høg temperatur på Comfort Hotel ved Flesland lufthamn då Vestafjelske Redaktørforening møtte Helse Vest til debatt om vedtaket som vil stoppe sjukehusa på Vestlandet i å gi informasjon om pasienttilstand ved ulukker.

Astrid Dalehaug Norheim i Dagen og Dyveke Buanes i NRK Hordaland tykkjer det er synd at Helse Vest ikkje gjekk inn i dialog med redaktøren før vedtaket vart fatta.

– Eg kunne ønskja me tok denne runden med oss før dei bestemte seg for å gå inn for dette. Det kom opp ganske mange gode argument, sa ho til Medier24 etter møtet med Helse Vest.

– Det ser ut som om har eit veldig teieplikt- og sjukehus-perspektiv, men at dei manglar det heilskaplege samfunnsansvaret dei har. Dei kunne fått med ganske mange gode argument mot forslaget om dei hadde spurd oss på førehand.

 

Optimistiske redaktørar

Dalehaug Norheim i Dagen følgde opp:

– Det ser ut som om har eit veldig teieplikt- og sjukehus-perspektiv, og manglar det heilskaplege perspektivet over samfunnsansvaret dei har. Dei kunne fått med ganske mange gode argument mot forslaget om dei hadde spurd oss på førehand, sa ho, og la til:

Redaktør Dyveke Buanes i NRK Hordaland og nyheitsredaktør Astrid Dalehaug Norheim i Dagen.

– Eg trur det kan snu. Kva tenkjer du, Dyveke?

– Eg håpar at ei høyrer på oss, sa ho.

Dalehaug Norheim la til:

– Me har ei ulik oppfatning av sjukehusa si rolle er. Dei tenkjer dei berre står på pasienten si side, men dei har eit større samfunnsansvar. Eg trur dei kan lytte til den biten.

Tek sjølvkritikk

Kommunikasjonsdirektør i Haukeland universitetssjukehus, Erik Vigander, gjentok at vedtaket ikkje er «hogd i stein» og at det «ikkje går prestisje i det».

Kommunikasjonsdirektør i Haukeland universitetssjukehus, Erik Vigander.

– Kan de gå tilbake på avgjersla?

– Om det finst betre løysingar som varetek teieplikta og ikkje identifiserer, må dei gjerne kome med det. Då skal me sjå på det. Me har hatt ein grundig prosess, men ikkje funne ei god løysing som varetek teieplikt og personvernet, seier han, og la til:

– Me tek sjølvkritikk på prosessen. Dette møtet kunne me hatt tidlegare. Likevel ville ikkje avgjerda blitt særleg annleis, fordi det er føreseieleg kva dei meiner. Eg forstår at det gjer det vanskelegare for media, men me må ta omsyn til teieplikta og må verne pasientane.

– Har dei gode argument?

– Dei har sine argument.

– Er dei gode?

– Dei har gode redaktørargument.

 

– Har ikkje brote teieplikta som følgje av praksisen

Juridisk rådgjevar i Helse Vest, Nina Næsheim.

Som generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, påpeikte under møtet mellom Helse Vest og redaktørane, er det ikkje alle helseføretak i landa som gjennomfører denne praksisendringa.

– Betyr det at dei andre helseføretaka bryt teieplikta?

– Me meiner me ikkje har brote teieplikta til no. Me har ingenting som tydar på det. Me gjer dette for å hindre at det skjer. Det er gjort ei risikovurdering, og så har me gjort ei vurdering ut frå det – og ikkje ei hending, seier juridisk rådgjevar i Helse Vest, Nina Næsheim, til Medier24.

– Så de har ikkje brote teieplikta som følgje av tidlegare praksis?

– Ikkje som følgje av pressemeldingar, nei. Dette handlar om medieverkelegheita me lever i. Då må alle tenkje på nytt, seier ho.

Vigander legg til:

– Dette er ei ordning som har vore i mange år. Den vart innført då mediebiletet var heilt annleis. Det er summen av alle opplysningane som gjer at teieplikta står i fare for å bli brote. Det er vurderinga me har teke.

– Men mediebiletet har jo vore ganske likt dei siste – om lag – fem åra?

– Difor har det vore ein diskusjon som har gått føre seg lenge. Det har vore ein vanskeleg diskusjon, og difor har me sagt at me må ta dette valet, seier Vigander.

 

– Me må velje side

Kommunikasjonsdirektør ved Helse Vest, Bente Aae.

Kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae, seier at dei er nøydd til å velje mellom pasienten eller media si side for å vareta teieplikta og personvernet til pasientane.

– Når me må velje side, er me nøydd til å ta pasienten si side, seier ho.

– Det er vel ikkje snakk om eit val mellom media og pasienten si side, men eit val mellom offentlegheita og pasienten si side?

– Me skal stå på sida til den som vert utsett for denne ulukka. Teieplikta er det som er viktig for oss, seier ho.

Ho gav Vigander støtte i at det ikkje var særleg nye argument som kom fram under møtet med redaktørane.

– Det kom nok ikkje fram så mange nye argument som me ikkje har vore gjennom i våre diskusjonar, men det er nyttig å høyre frå redaktørane. Me tek med oss tilbakemeldingane, seier ho.

Powered by Labrador CMS