Tidlegare forskningsdirektør ved Det Norske Nobelinstitutt og no medlem av Den norske Nobelkomite, Asle Toje, og jusprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo.Berit Roald og Gorm Kallestad / NTB scanpix
Professor ut mot Morgenbladet og Asle Toje: – Ekstreme standpunkt
Forfattar Heidi Helene Sveen og professor Mads Andenæs reagerer på Asle Toje-kommentar i Morgenbladet. Redaktør Sun Heidi Sæbø og Toje sjølv avviser kritikken.
I siste utgåve av Morgenbladet, som kom ut fredag, skriv forskar Asle Toje om barnekriminalitet, «omvendt rasisme» og om ein 16 år gamal gut som skal ha blitt rana av fire innvandrargutar.
I kommentaren sin refererer han til tenåringsguten, som skal ha teke kontakt med Toje etter å ha lese ei tidlegare spalte han skreiv i avisa. Den anonyme guten og hans forteljing er berande for meiningsinnlegget til Toje.
«Mye tyder på at fortellinger som denne, som er anekdotiske og vanskelige å vurdere utbredelsen av, har en negativ effekt på samfunnet», skriv Toje. Han er tidlegare forskningsdirektør ved Det Norske Nobelinstitutt og no medlem av Den norske Nobelkomite.
Det får både forfattar Heidi Helene Sveen og jusprofessor Mads Andenæs til å reagera kraftig.
– Morgenbladet er eit sakte medium, det er difor helt uforståeleg at dei ikkje har brukt moglegheita til å plukka ut reine faktafeil, som at ranskriminaliteten har auka i Oslo, når statistikken viser ein klar nedgang, seier ho til Medier24.
Det var i eit innlegg på Facebook at Sveen først gjekk ut og kritiserte Morgenbladet og Toje. Samfunnsdebattantane Dag Herbjørnsrud og Mohamed Abdi er blant dei som har kasta seg på den kritiske bølgja.
Sveen utdjupar kritikken:
– Det er òg kritikkverdig dersom ingen i redaksjonen har verifisert at kjelda Toje brukar i den svært detaljerte ranshistoria faktisk finst.
– Vidare burde dei ha bede skribenten belegga påstanden om at ranskriminaliteten er motivert av rasisme mot kvite ved å visa til opne kjelder, sidan dette er ein empirisk påstand, og ikkje ei meining. Korleis passar i så fall denne påstanden med at offera til barneranarane ofte er fleirkulturelle? seier ho vidare.
Sjekka før publisering
Konstituert sjefredaktør og administrerande direktør Sun Heidi Sæbø i Morgenbladet er oppteken måndag ettermiddag, men skriv i ein e-post at dei har diskutert, og sjekka, påstandane i forkant av publisering.
«Mange av innvendingene og spørsmålene som bringes på banen her, har vi stilt til Toje og påstandene er blitt diskutert og sjekket i forkant av publisering. Det er med andre ord ikke slik at vi uten videre har tatt historien for gitt», skriv Sæbø i e-posten.
Ho legg til:
«Vi mener at enkelthistorien som Toje målbærer på vegne av et ransoffer, har offentlig interesse og at den føyer seg inn i rekken av volds- og ransepisoder som har funnet sted den siste tiden. At han i forlengelsen av dette stiller spørsmålet om rasisme kan være et motiv, mener vi er et relevant og interessant aspekt som vi må tåle å diskutere.»
– Til dels direkte gal
Jusprofessor Mads Andenæs er blant dei som har delt innlegget til Sveen, og skriv på Facebook at «hatpratet alminneliggjøres». Han utdjupar overfor Medier24:
– Når den anonyme forteljinga vert teken for gitt, og nytta som grunngjeving for generelle vurderingar, så er det alminneleggjering av ekstreme standpunkt som er uheldige, og som eg meiner det er viktig at Sveen tek til motmæle mot, seier han, og legg til:
– Skildringa Toje gir er lite dekkjande – til dels direkte gal – og kan gi opphav til misforståingar.
Toje ville halda tekste tilbake
Sjølv meiner forskar Asle Toje at han har sitt på det reine når han seier at kriminaliteten er aukande.
– Velkommen til Sverige. Dette er det same som forskarar har gjort i Sverige i ti år, seier han og legg til:
– At kriminaliteten går ned er misforstått. Enkelte former for kriminalitet er gått ned, men mørketala er tydelegvis ikkje interessant lenger?
Vidare forstår han kritikk mot å bruka ei anonym kjelde, og seier at han sjølv hadde innvendingar mot å publisera teksten.
– Eg hadde ein veldig open dialog med Morgenbladet om denne saka. Eg var ikkje så ivrig på å køyra den, fordi eg er for at me skal ha eit namn på kjeldene, men det ville han absolutt ikkje, sjølv om eg arbeidde med å få han til å forstå korleis kjeldebruk og -vern fungerer i norsk presse, seier Toje.
Likevel legg han til:
– Det er trist og forstemmande å sjå korleis kritikken, frå føreseieleg hald, vil mistenkeleggjera historia. Eg tvilar på at Sveen ville ha teke den posisjonen om offeret var ei jente.